søndag 8. mars 2020

Forskningsfartøyet "G.O. SARS" på Langfjorden i Romsdal.

Forskningsfartøyet "G.O.Sars" har i løpet av det siste døgnet vore på testing av utstyr i Langfjorden i Romsdal. Skipet gjekk frå Ålesund og ankom Langfjorden kl 16:20 på lørdag kveld 07.03.2020. Skipet har no gjort mange turer inn og ut av fjorden.

Oppdatering 11.03.2020 :
Har fått informasjon frå toktkoordinator E.H. Hallfredson i Havforskningsinstituttet som har kommentert innlegget mitt etter at eg delte det med Fb-gruppa "Gamle og nye norske fiskebåter". Han kan fortelle at dei har hatt litt problem med konfigurasjon på trålen som måtte sjekkes. Båten dro derfor inn i Langfjorden for å gjere dette på grunn av dårleg vær utaskjærs. Dei har gjort ein del tauinger av trål med åpen sekk og samla data frå trålsensorene. Dette er gjort for å kalibrere sensorene. Ingen fisk har blitt fanga. No har "G.O. Sars" gått ut på Eggakanten og skal jobbe seg vidare nordover langs kanten med avslutning i Bjørnøyrenna. Resultatene frå dette toktet skal primært brukes i bestandsberegninger av uer, vassild og blåkveite.

Bilde av "G.O.Sars" med kommentar om oppdraget kom også endeleg på baksida av  Romsdals Budstikke i dagens avis 11.03.2020.

"G.O. SARS" vart bygd i 2003 ved Flekkefjord Slipp og Maskinfabrikk AS for Havforskningsinstituttet på Nordnes i Bergen. Skipet er 77.5 m langt og har ein tonnasje på 4067 grt.
IMO 9260316, kallesignal LMEL.
Tok meg ein tur innover til Reitan og Årset for å ta bilder av "G.O.SARS". Båten gjekk då med svært lav hastighet omtrent midtfjords mellom Nordstranda og Morkastranda. Bildene er tatt på langt hold med telelinse.



"G.O.SARS" på Langfjorden, 08.03.2020. Bildet er tatt frå Reitan mot indre Slemmen på sørsida av Langfjorden.

"G.O.SARS" på Langfjorden 08.03.2020. Bildet er tatt frå Ytter Årset mot indre Slemmen på sørsida av Langfjorden.

"G.O.SARS" på Langfjorden 08.03.2020.  Bildet er tatt frå Årsetbøen på Ytter Årset. Bebyggelse på Morkastranda i bakgrunnen.

"G.O.SARS" på Langfjorden 08.03.2020. Dette bildet er tatt frå Storebukta på Ytter Årset. Vi ser gardane på Mork øverst i bildet.

AIS sporet til "G.O.SARS" litt etter at mine bilder var tatt. Sporet viser at her blir det gjort ekstra undersøkelser.
AIS sporet til "G.O.SARS" i 23:00-tida om kvelden 08.03.2020. Fartøyet driv fortsatt med testing av trål og utstyr i fjorden.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar