søndag 29. mars 2015

Tur til Hoåneset

Tok ein søndagstur ned til Hoåneset. Det var første gongen eg har vore der. Dette er ein plass som høyrer til under Indre Horsgård. Hoåneset ligg litt vest for elva Hoåna som er grense mellom Molde og Nesset kommuner. Dette var opprinneleg ein liten plass, men i dag er det eit lite hyttetun. Det såg ikkje ut til å vere mykje brukt. Dagens eier bur vissntok på andre siden av Langfjorden. Plassen ligg svært vanskeleg til og det er ikkje så enkelt å komme seg ned den bratte lia frå vegen. Der er ingen tydeleg sti, så mesteparten av trafikken dit har nok gått med båt. Før vegen kom i 1989 var båt det einaste mulege framkomstmiddelet. Hoåneset er eit lite nes som stikk litt ut i Langfjorden og dei som har reist forbi sjøvegen har kanskje sett eit glimt av hytta der.  Uansett eit morsomt besøk på ein plass som eg trur er lite kjent for dei fleste folk på Nesjestranda i dag. Her er nokre bilder :

Utsikt ned mot hytta på Hoåneset 29.03.15. Bildet er tatt oppe på ein høg berghammer som ligg rett ovenfor hytta. Her måtte det litt klyving til for å komme ned. 
Hytta på Hoåneset, 29.03.15.
Hytta på Hoåneset, Måtte vere med på eit bilde sjølv også.
Hoåneset med utsikt vestover Langfjorden, 29.03.15.
Hoåneset sett frå vest. 29.03.15.
Hyttetunet er ikkje så godt å få øye på oppe i skogen. Dette bildet er tatt nede frå skogkanten på Hoåneset. 29.03.15.
Hoåneset, utsikt østover Langfjorden.  29.03.15.
Båtstøa låg rett øst for Hoåneset og dei hadde nok god ly for vestavinden bak den digre steinen.
Hytta på Hoåneset sett frå båtstøa.
Det var også ei lita sikringsbu på Hoåneset.
Hytta på Hoåneset sett frå øst.  29.03.15.
Hoåneset sett frå øst. Utsikt vestover Langfjorden. Vi ser blant anna ferga mellom Sølsnes og Åfarnes og Hestholmen. 29.03.15.
Dette er elva Hoåna like før ho renn ut i Langfjorden. Det var lita vassføring no. 29.03.15.
Her renn elva Hoåna ut i Langfjorden. Dette er grensa mellom Molde Kommune og Nesset Kommune.  29.03.15.

lørdag 14. mars 2015

Tur til Gammelstøa i Indre Horsgård, Nesjestranda

Benytta fineveret  i dag til ein kortreist tur i utkanten av heimbygda. Dagens korte turmål var Gammelstøa i Indre Horsgård. Dette er nok ein ukjent plass for dei fleste, meg inkludert. Har tenkt i mange år på å ta turen dit for å sjå etter rester av kulturlandskap. Som navnet tilseier har det i "gammel tid" vore ei båtstø her. Navnet går også igjen i form av Gammelstøbukta og Gammelstøneset. Her er det svært bratt og ulendt terreng og denne lille bukta var nok den einaste plassen folk her kunne ha mulighet til å komme seg på sjøen med båt. Kombinert landbruk og fiske på fjorden var nok svært viktig på slik ein liten plass.
Rett opp for Gammelstøa er det rester av den gamle plassen Horsgårdhaugen eller Haugan (hauanj).
Denne plassen var også tidlegare kalla Horsgårdgjerdet. Her er det fortsatt dyrka mark som ligg på ein lun plass. Her står det i dag ei gammel høyløe som fortsatt inneheld ein del tørrhøy. Det er no anlagt traktorveg heilt ned til sjøen i Gammelstøbukta. Det er uvisst kven som har opparbeidd denne skogsvegen og kor lenge sidan det er. Uansett er det ein fin spasertur i stort sett unnabakke ned til sjøen. Vegen passerer forbi høyløa og vidare bratt ned til sjøen. Om namnet Gammelstøa kjem frå at folket på Haugan hadde stø der, eller om det er eit endå gamlare namn er uvisst.
Litt historikk om denne plassen er å finne i "Bygdebok for Nesjestranda" og i boka "Stadnamn i Molde Kommune" av Kåre Magne Holsbøvåg.
Horsgårdhaugen var ein plass under Horsgårdreiten, gnr 130/1. Plassen var truleg rydda av ein Knud Olsen Buvik (Hoånes), født i 1758. Plassen vart bygsla i 1796 og då kalla Horsgårdgjerdet. Han rydda plassen og sette opp hus der. Knud Olsen Buvik hadde også eit hus på plassen Hoåneset (gnr 130/3) som låg vest for utløpet av elva Hoåna på grensa til Nesset kommune. Husa på Haugan vart flytta opp til noverande tun ca 1850. Dyrkamarka vart slege fram til 1950-åra og høyet bore opp på ryggen. Horsgårdreiten var opphavleg ein plass under garden Indre Horsgård, men vart utskilt som eget bruk etter matrikulering i 1875.
Siste gårdbruker på Horsgårdreiten var Olaf Barstein. Han var sønn til Marit Olsdatter Barstein. Ho gifta seg i 1914 med småbruker Jakob Horsgård og den då 14-årige sønnen Olaf vart med på flyttelasset.  Marit Olsdatter Barstein var opprinneleg frå gnr 121 Aasen på Nesjestranda og ho flytta med foreldra til Barstein i Nesset i 1885. Som vi ser av denne historia døydde den opprinnelege greina av slekta til Jakob Horsgård ut med han. Dagens eigar og bebuar på Horsgårdreiten er Arne Juberg.
Indre-Horsgårdselva går ut i sjøen i eit trongt gjel litt vest for Gammelstøbukta. Som bildene lenger ned viser går elva i eit vanskeleg terreng, men dei fleste som har reist forbi med båt har nok sett dette spesielle elveutløpet. Lurer litt på kva for geologisk fenomen som har laga denne revna, for det ser ikkje ut som det er elva som har laga dette spesielle elveløpet. Mest sannsynleg er dette eit resultat av isbre-arbeid. Eit stykke ned for fyllinga over nyvegen stod det ei oppgangssag som tilhøyrde Indre Horsgård (gnr 130/2). Der var det også eit vasshjul som med snoroverføring opp til løa skaffa drivkraft til trøskemaskinen på garden. Under min befaring kunne eg kjenne igjen det som sannsynlegvis var restane etter "grunnmurane" til denne saga eit lite stykke ovanfor plassen Haugan.
Nok historikk, her er er bildene :

Her låg plassen Horsgårdhaugen eller Haugan. No er fortsatt dyrka-marka og ei høyløe igjen som kulturminner.  14.03.15.

Høyløa på Haugan, 14.03.15.

Inne i høyløa er det fortsatt igjen litt tørrhøy.  14.03.15.

Plassen Haugan låg på ein lun plass eit stykke opp frå sjøen rett aust for Indre-Horsgårdselva. 14.03.15.

På den nederste attlega på Haugan var det planta edelgran.  14.03.15.

Indre-Horsgårdselva renn i eit trongt gjel ned mot sjøen. 14.03.15.

Frå Indre-Horsgårdselva. Omtrent her kan eg tenke meg at den gamle oppgangssaga stod. 14.03.15.

Dette er frå den siste delen av skogsvegen ned mot Gammelstøa. Det er litt gjengrodd nederst. Bakken er ganske bratt.  14.03.15.

Gammelstøbukta. Kunne ikkje finne noko rester av båtstø. 14.03.15.

Fin utsikt frå Gammelstøneset innover Langfjorden og over mot Mittet. 14.03.15.

Gammelstøbukta sett frå vest med Gammelstøneset. 14.03.15.

Utløpet til Indre-Horsgårdselva litt vest for Gammelstøbukta. Elva går gjennom eit trongt gjel og rett ut i Langfjorden. 14.03.15.

Utløpet av Indre-Horsgårdselva sett frå sjøsida. Her må det nok ha vore ein isbre som har laga elveløpet. 14.03.15.

Utsikt mot Gammelstøneset frå utløpet til Indre-Horsgårdselva. 14.03.15.
Eit siste bilde frå Gammelstøbukta og Gammelstøneset. 14.03.15.



lørdag 7. mars 2015

Ruskever på Nesjestranda

Lørdag 7-Mars fekk vi litt uvær med sterk vind og regn på Nesjestranda. Det var vestleg vind som stod rett inn fjorden. Det var nesten som ein hauststorm. Såg frå stuevinduet ein sandbåt som stampa ut fjorden.  For å kunne få nokre bilder av den køyrde eg etter båten utover mot Sør-Nesje. Rakk igjen båten i det den passerte Ødegård på Sør-Nesje. Køyrde deretter ut til Vevarneset og gjekk stien forbi hytten og ut på neset. Her stod været rett på og det var retteleg værhardt. I tillegg til sterk vind og regn var det også springflo. På vegen heim att vart det fotostopp ved Kjerringneset og i Stenså.  Stormen løya heldigvis fort av denne gongen og ikkje lenge etter at desse bildene vart tatt ( i 12:30-tida ) var det heilt vindstille. Her er nokre av bildene :


Sandbåten "Hopsfjord" på veg med sand frå sandtaket i Vistdal. Her passerer den dei gamle nausta på Ødegård, Sør-Nesje.  07.03.15.

"Hopsfjord" stampa mot bølgene. Sør-Nesje. Sekken i bakgrunnen. 07.03.15.

Utsikt frå Vevarneset mot Karlsøya. Her var det ganske værhardt. Litle Kalvsøya til venstre. 07.03.15.

Surfebølger på sørsida av Vevarneset, Sør-Nesje 07.03.15.

Store bølger slår mot land, Vevarneset 07.03.15.

Værhardt også ute på Kjerringneset, 07.03.15.

Utsikt vestover frå Kjerringnesbakken. 07.03.15.

Utsikt mot Valen og Leirholmen i Stenså, Nesjestranda. Det var springflo og Leirholmen var nesten blitt ein holme som ikkje lenger var landfast. 07.03.15.