Benytta fineveret i dag til ein kortreist tur i utkanten av heimbygda. Dagens korte turmål var Gammelstøa i Indre Horsgård. Dette er nok ein ukjent plass for dei fleste, meg inkludert. Har tenkt i mange år på å ta turen dit for å sjå etter rester av kulturlandskap. Som navnet tilseier har det i "gammel tid" vore ei båtstø her. Navnet går også igjen i form av Gammelstøbukta og Gammelstøneset. Her er det svært bratt og ulendt terreng og denne lille bukta var nok den einaste plassen folk her kunne ha mulighet til å komme seg på sjøen med båt. Kombinert landbruk og fiske på fjorden var nok svært viktig på slik ein liten plass.
Rett opp for Gammelstøa er det rester av den gamle plassen Horsgårdhaugen eller Haugan (hauanj).
Denne plassen var også tidlegare kalla Horsgårdgjerdet. Her er det fortsatt dyrka mark som ligg på ein lun plass. Her står det i dag ei gammel høyløe som fortsatt inneheld ein del tørrhøy. Det er no anlagt traktorveg heilt ned til sjøen i Gammelstøbukta. Det er uvisst kven som har opparbeidd denne skogsvegen og kor lenge sidan det er. Uansett er det ein fin spasertur i stort sett unnabakke ned til sjøen. Vegen passerer forbi høyløa og vidare bratt ned til sjøen. Om namnet Gammelstøa kjem frå at folket på Haugan hadde stø der, eller om det er eit endå gamlare namn er uvisst.
Litt historikk om denne plassen er å finne i "Bygdebok for Nesjestranda" og i boka "Stadnamn i Molde Kommune" av Kåre Magne Holsbøvåg.
Horsgårdhaugen var ein plass under Horsgårdreiten, gnr 130/1. Plassen var truleg rydda av ein Knud Olsen Buvik (Hoånes), født i 1758. Plassen vart bygsla i 1796 og då kalla Horsgårdgjerdet. Han rydda plassen og sette opp hus der. Knud Olsen Buvik hadde også eit hus på plassen Hoåneset (gnr 130/3) som låg vest for utløpet av elva Hoåna på grensa til Nesset kommune. Husa på Haugan vart flytta opp til noverande tun ca 1850. Dyrkamarka vart slege fram til 1950-åra og høyet bore opp på ryggen. Horsgårdreiten var opphavleg ein plass under garden Indre Horsgård, men vart utskilt som eget bruk etter matrikulering i 1875.
Siste gårdbruker på Horsgårdreiten var Olaf Barstein. Han var sønn til Marit Olsdatter Barstein. Ho gifta seg i 1914 med småbruker Jakob Horsgård og den då 14-årige sønnen Olaf vart med på flyttelasset. Marit Olsdatter Barstein var opprinneleg frå gnr 121 Aasen på Nesjestranda og ho flytta med foreldra til Barstein i Nesset i 1885. Som vi ser av denne historia døydde den opprinnelege greina av slekta til Jakob Horsgård ut med han. Dagens eigar og bebuar på Horsgårdreiten er Arne Juberg.
Indre-Horsgårdselva går ut i sjøen i eit trongt gjel litt vest for Gammelstøbukta. Som bildene lenger ned viser går elva i eit vanskeleg terreng, men dei fleste som har reist forbi med båt har nok sett dette spesielle elveutløpet. Lurer litt på kva for geologisk fenomen som har laga denne revna, for det ser ikkje ut som det er elva som har laga dette spesielle elveløpet. Mest sannsynleg er dette eit resultat av isbre-arbeid. Eit stykke ned for fyllinga over nyvegen stod det ei oppgangssag som tilhøyrde Indre Horsgård (gnr 130/2). Der var det også eit vasshjul som med snoroverføring opp til løa skaffa drivkraft til trøskemaskinen på garden. Under min befaring kunne eg kjenne igjen det som sannsynlegvis var restane etter "grunnmurane" til denne saga eit lite stykke ovanfor plassen Haugan.
Nok historikk, her er er bildene :Her låg plassen Horsgårdhaugen eller Haugan. No er fortsatt dyrka-marka og ei høyløe igjen som kulturminner. 14.03.15. |
Høyløa på Haugan, 14.03.15. |
Inne i høyløa er det fortsatt igjen litt tørrhøy. 14.03.15. |
Plassen Haugan låg på ein lun plass eit stykke opp frå sjøen rett aust for Indre-Horsgårdselva. 14.03.15. |
På den nederste attlega på Haugan var det planta edelgran. 14.03.15. |
Indre-Horsgårdselva renn i eit trongt gjel ned mot sjøen. 14.03.15. |
Frå Indre-Horsgårdselva. Omtrent her kan eg tenke meg at den gamle oppgangssaga stod. 14.03.15. |
Dette er frå den siste delen av skogsvegen ned mot Gammelstøa. Det er litt gjengrodd nederst. Bakken er ganske bratt. 14.03.15. |
Gammelstøbukta. Kunne ikkje finne noko rester av båtstø. 14.03.15. |
Fin utsikt frå Gammelstøneset innover Langfjorden og over mot Mittet. 14.03.15. |
Gammelstøbukta sett frå vest med Gammelstøneset. 14.03.15. |
Utløpet til Indre-Horsgårdselva litt vest for Gammelstøbukta. Elva går gjennom eit trongt gjel og rett ut i Langfjorden. 14.03.15. |
Utløpet av Indre-Horsgårdselva sett frå sjøsida. Her må det nok ha vore ein isbre som har laga elveløpet. 14.03.15. |
Utsikt mot Gammelstøneset frå utløpet til Indre-Horsgårdselva. 14.03.15. |
Eit siste bilde frå Gammelstøbukta og Gammelstøneset. 14.03.15. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar