Sider

Populære innlegg

Viser innlegg med etiketten Veøyfjorden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Veøyfjorden. Vis alle innlegg

onsdag 14. august 2019

M/S "With Junior" på Veøyfjorden

Onsdag 14.08.2019 kom det eit stort rødfarga lasteskip innover fjorden sør for øya Sekken i Romsdalsfjorden. AIS viste at det var skipet "With Junior" som kom. Såg skipet frå verandaen min i Havnevika i det den kom til syne gjennom Sekkesundet.. Den bakre krana var heva for løfting. Båten vart borte for meg bak Veøya, men såg den igjen i retning mot Åfarnes. Etter ei stund kom skipet ut igjen og med kurs mot nordvest rett mot Nesjestranda. Skipet gjekk sundet mellom Fyrholmen og Veøya og fortsatte så vestover på Veøyfjorden.
"With Junior" hadde vore på Åfarnes og levert bølgebrytarar til småbåthavna der. Skipet hadde lossa bølgebrytarane eit stykke frå land rett utanfor småbåthavna. Denne operasjonen hadde gått raskt og skipet gjekk no vidare i si rute nordover langs Norskekysten.

Historikk og tekniske data for M/S "With Junior" :

Bygd 2009 ved Moen Slipp AS, Kolvereid. Skrogverft : Riga Shipyard Ltd., Riga Latvia.
Levert i 2009 til Egil Ulvan Rederi AS, Trondheim.  2362 grt, 66.7 m. IMO 9418781.

Egil Ulvan Rederi åpna ny godsrute sommaren 2018 mellom Nord Troms - Hirtshals - Oslofjorden.
3 skip går i ruta, deriblant "With Junior". Denne godsruta er profilert under markedsnavnet "With Line". Skipene frakter all slags gods langs kysten. Mykje av lasta er fersk laks frå Midt Norge til Hirtshals for markedene i Europa. På Marine Traffic er skipet kalt palleskip (Pallet carrier).

Tok nokre bilder i det skipet passerte Veøya. Bildene er tatt med 600 mm zoomlinse.

"WITH JUNIOR" på tur gjennom sundet mellom Fyrholmen og Veøya, 14.08.2019. Eit tre kom nesten i vegen for meg, men rakk 1 bilde frå verandaen.

"WITH JUNIOR", passerer Veøya på tur ut Veøyfjorden, 14.08.2019. Skipet går i rute for With Line (Egil Ulvan Rederi AS, Trondheim).

"WITH JUNIOR", passerer Veøya på tur ut Veøyfjorden, 14.08.2019. Som dekkslast har skipet blant anna 2 fritidsbåter.

"WITH JUNIOR", passerer foran Hangholmen på tur ut Veøyfjorden, 14.08.2019. 

"WITH JUNIOR", passerer Sekkesundet på tur ut Veøyfjorden, 14.08.2019. 



lørdag 27. juli 2019

Skonnerten "Oosterschelde" passerer Veøya

I kveld kom denne store seilskuta forbi Veøya. Seilskuta heiter "Oosterschelde" og er frå Nederland. Det er ein tremastra toppseil skonnert. (Topsail Schooner). Skonnerten er 49 m / 160 ft lang, total høgde er 36 m, 226 grt, bygd i 1918. Skuta var ombygd til frakteskute, men vart restaurert tilbake til originalt utseende i åra 1988 - 1992.
"Oosterschelde" kom i dag frå Åndalsnes og tok turen rundt Veøya på ferden vidare nordover. Den skal blant anna drive med cruisefart i Lofoten på denne seilasen. "Oosterschelde" var også med i årets Tall Ship Races 2019 som enda i Bergen (21-24-07.2019). Etterpå gjekk skonnerten vidare nordover til Ålesund og ankom Åndalsnes på fredag kveld 26.07.2019.
"Oosterschelde" kom øst for Veøya då eg fekk sjå den. Skuta hadde ei stund retning rett mot Fyrholmen, men kom gjennom sundet mellom Fyrholmen og Øyaneset på Veøya på perfekt kurs og med ei fart på ca 5 knop. "Oosterschelde" gjekk vidare ut fjorden med kurs nordover, AIS destinasjon Bodø.
Fekk tatt nokre bilder mens seilskuta gjekk forbi Veøya. Sjå også bilde av AIS-track nederst i innlegget.


Seilskuta "Oosterschelde" kjem sigande i 5 knop bak Fyrholmen. Utsikt frå terrassen min i Havnevika, Nesjestranda 27.07.19.

"Oosterschelde" ser ut til å gå rett på Fyrholmen. Bildet er tatt med 600 mm linse.
"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Her har den akkurat passert Galtevika på Veøya. Bildet er tatt frå Haganeset på Nesjestranda.

"Oosterschelde" passerer Nørvågen på Veøya. Ein fritidsbåt ligg ved flytekaia i Nørvågen. Bildet er tatt frå Haganeset på Nesjestranda.

"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Bilet er tatt frå Flovika på Nesjestranda.

"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Bilet er tatt frå Flovika på Nesjestranda med 600 mm zoom.

"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Bilet er tatt frå Flovika på Nesjestranda med 600 mm zoom.

"Oosterschelde" på Veøyfjorden. Bilet er tatt frå Flovika på Nesjestranda med 320 mm zoom.

AIS-sporet til "Oosterschelde, 27.07.2019. 



søndag 19. mai 2019

"Wiwi" / "Frøyværing" på Veøyfjorden

I dag kom fiskebåten "Wiwi" / "Frøyværing", ST-11-F, sigande forbi Veøya. Har sett at båten har dreve på med tråling mange dager i Romsdalsfjordane, men så langt mest i ytre strøk. På AIS og i Skipsregister og Fartøyregister er båten registrert som "Wiwi" med fiskerimerke TR-1-R. På båten ser eg fortsatt det gamle namnet "Frøyværing" med fiskerimerke ST-11-F. Båten er registrert med ny eier Terje Viken,  7180 Roan den 25.04.2019. Det nye namnet og fiskerimerket er ikkje påført endå.
Båten ser ut til å vere ute på oppdrag for Havforskningsinstituttet med flytetråling etter smolt (lakseyngel) i Romsdalsfjordane. Båten fører offisielt norsk splittflagg. 
Dette er eit oppdrag som Terje Viken har hatt før også. I mai 2017 dreiv han på med det samme med sin gamle båt "Toliko", ST-20-R. "Toliko" skifta eier og namn tidlegare i år. "Toliko" heiter i dag "Lilleskjær", TR-76-V, med eier Brattskjær AS, 7900 Rørvik, (30.01.19),  (O. M. Nergård Holding AS).
Her er nokre bilder tatt frå land på Nesjestranda i det båten avslutter trålinga for dagen på Veøyfjorden.

"Wiwi" / "Frøyværing" har stoppa opp og held på å dra inn flytetrålen på Veøyfjorden. Veøya i bakgrunnen. 19.05.2019.

"Wiwi" / "Frøyværing" har stoppa opp og held på å dra inn flytetrålen på Veøyfjorden. Veøya i bakgrunnen. 

"Wiwi" / "Frøyværing" på Veøyfjorden, 19.05.2019. Vi ser at fiskerimerket står kun på barbord side og det gamle namnet står fortsatt i hekken. 
"Wiwi" / "Frøyværing" på Veøyfjorden, 19.05.2019.  

"Wiwi" / "Frøyværing" har fått opp farta igjen og går til Molde etter å ha avslutta for dagen. Hangholmen i bakgrunnen. 19.05.2019.

mandag 14. mai 2018

Brønnbåter på Veøyfjorden

Tok meg ein tur ut på fjorden med båten. På veg ut mot Veøya fekk eg sjå ein stor brønnbåt som kom ut Langfjorden. Stoppa opp og venta på brønnbåten. Dette var brønnbåten "RO SERVER" som var på veg frå oppdrettsanlegget ved Sandnes i Langfjorden til oppdrettsanlegget ved Seternes på Sekken. Litt etter "RO SERVER" kom brønnbåt nr 2 : "LANGSUND". Så det var ganske travelt på Veøyfjorden ei stund denne dagen. Begge brønnbåtane tilhøyrer rederiet Rostein AS, Harøya.
"RO SERVER" var bygd i 2016 og var den første brønnbåten som var utstyrt med utstyr til lusefjerning med bruk av varmt vatn.  Båten var eit resultat av langt samarbeid mellom rederiet Rostein og 12 oppdrettsbedrifter i Salmon Group. 

Informasjon om båtane :

"RO SERVER", Ålesund, LDRC, IMO 9773260, Bygd i 2016 v / Larsnes Mek. Verksted AS, Skrogverft : Marine Project Sp.z.o.o., Gdansk, Polen. Lengde 82.1 m, Tonnasje 3579 brt.  Eier : Rostein AS, 6487 Harøy.

"LANGSUND", Tromsø, LLPM, IMO 9255995, Bygd i 2001 v / Aas Mek. Verksted AS, Vestnes, Lengde 43.9 m, Tonnasje 499 brt.  2001-2004 : "Langsund", Eier : Troms Brønnbåtservice AS, 9130 Hansnes, (04.01.02),  2004 - :  "Langsund", Eier : Rostein AS, 6487 Harøy, (01.12.04).

Her er nokre av bildene tatt frå båt ute på Veøyfjorden utanfor Nesjestranda og Sekken :

"RO SERVER" på Veøyfjorden, 14.05.18.

"RO SERVER", bygd i 2016, Eier : Rostein AS frå Harøya.

"RO SERVER" passerer Nesjestranda. Vi ser pipa på Valen til høgre bak båten.

Brønnbåten "RO SERVER", Veøyfjorden 14.05.18.

"RO SERVER" ved lakseoppdrettsanlegget ved Seternes på Sekken. Vi ser at brønnbåten har fyllt seg med sjøvatn og ligg mykje djupare i sjøen enn på dei forrige bildene. Usikker på oppdraget til brønnbåten, men det kan godt vere lusefjerning.

Brønnbåten "LANGSUND" har også komme til og ligg på vent utanfor Sekken.

"LANGSUND" er også eid av Rostein AS på Harøya.

Blogglistenhits