torsdag 28. juni 2012

Diverse bilder frå Nesjestranda 2012

Fann ut at eg hadde tatt ein del naturbilder og bilder av hendelser på Nesjestranda som det kunne vere interessant å samle i eit eget blogginnlegg.  Her er bildene lagt inn kronologisk slik at dei siste bildene ligg øverst i bloggen. Bla nedover for å finne dei eldste bildene. 

Innhold :
- Sommer, vår og vinter på samme tid - Berg & Bergsvika, 5-Mai-2012.
- Nedbrenning av Møbelfabrikken på Valen, Stenså, 8-Mai-2012.
- Vårbilder frå Havnevika, 15-Mai-2012.
- Hotell Solstad, Havnevik, 15-Mai-2012.
- Utsiktbilder frå Sør-Nesje, 28-Jun-2012.

28-Jun-2012 :

Tok meg ein kombinert sykkeltur / fotosafari denne dagen. Det var sol og flott vær. Sykla Helsestien til Nesje med retur om fylkesvegen. Tok nokre avstikkere på sjøvegane på Sør-Nesje for å kunne ta nokre fleire utsiktsbilder frå den vakre bygda vår.

Utsikt mot gardane på Sør-Nesje frå moloen til gnr 114/5 (Malo-garden).


Moloen til Malo-garden har tydeleg skader etter orkanen "Dagmar".

Utsikt østover, vi ser moloen og naustet til garden Sør Nesje, gnr 114/4 (Klungnes)  i forgrunnen. Fjellet i bakgrunnen er Skåla.

Nesjeplassen, Nytun gnr 114/2 på Sør-Nesje.
Utsikt mot gardane Nesjeplassen gnr 114/11 Jeriko (Vestad) til venstre  og Nesjesplassen, Strandvoll gnr 114/7 (Brubæk) til høgre.
Utsikt frå Kjerringneset mot Flovik-gardane. Våningshuset til Flovik gnr 115/1 til venstre, løa som stod nedfor vegen er revet. Ellers ser vi løa til Flovik gnr 115/2, Midtre Flovik.


15-Mai-2012 :

Tok meg ein runde i Havnevika på denne fine soldagen. Det vart nokre nye bilder frå Havnevika. "Gamle" sentrum på Nesjestranda med butikk, post og bank er no blitt ganske forandra. 2 bygninger har blitt revne. Det er Annekset som var den eldste bygninga i Havnevika. Borte er også huset til Harald Havnevik som husa den lokale telegrafen og den lokale banken i mange år. Etter at banken flytta opp i kjelleretasjen hos Rikke Flovikholm, flytta vi inn i dei gamle banklokala og budde der i 3 år (1969 - 72). Vi hadde 3 rom ( stue, kjøkken og soverom ) og toalett i gangen.
Huset til Rikke Flovikholm som vart påbegynt ca 1905 har også vore brukt til hotell (Hotell Solstad). Hotellromma låg i 3. etasje. I kjellaren har det vore blant anna post og bank. Huset har blitt pussa opp både utvendig og innvendig og framstår i dag som eit særdeles vakkert bygg.


Våningshuset til Havnevik, gard nr 118/1. Det er kun huset, stabburet og grisehuset som er igjen på garden etter at jorda vart utlagt til boligfeltet Hamnevikbøen.

Havnevika med naustrekker og slippen til Bjørn Smith. I bakgrunnen er huset som er bygd ferdig i år på den siste tomta i Hamnevikbøen boligfelt.

Gamle Samvirkelaget med lagerskur og kai.

Hotell Solstad, tidlegare huset til Rikke Flovikholm.
Huset er blitt svært vakkert etter oppussing av nye eiere.
Dette er nederste del av Strandabakken, med Hotell Solstad til venstre, Sjøbua til høgre og Samvirkelaget rett fram.
Dette er Strandabakken sett oppover mot ungdomshuset "Veøyheim".


10-Mai-2012 :

Dette er ruinane av Møbelfabrikken på Valen, Stenså som vart brent ned for 2 dager sidan. Bølgeblikktaket har krølla seg, så det var nok godt og varmt.......

Ruinane av Møbelfabrikken, det som står igjen er murbygningane der det var motorrom og lakkeringsverksted.
Bølgeblikkplatene frå taket ligg igjen heilt krølla etter varmen.


08-Mai-2012 :

Denne dagen vart Møbelfabrikken på Valen, Stenså brent ned ved hjelp av brannmannskap frå Skåla og Molde og frå mange av nabokommunene. Dette vart ein bra brannøvelse for brannmannskapene. Ellers er det trist at slike gamle bygg blir brent ned. Dette bygget har vore arbeidsplassen til mange folk på Nesjestranda og var ein del av kulturarven på Valen. Synd at det ikkje finst tilskuddsordninger slik at denne type bygninger kan vedlikeholdes og bevares for ettertida. Skjønner godt at eieren ikkje vil koste vedlikehold på eit så stort hus som ikkje er i bruk lenger.


Møbelfabrikken i full fyr. Mange skuelystne var ute for å sjå på brannen.

Møbelfabrikken sett frå Flovikholmen.
Valen, Stenså med Holmaleira foran.
Møbelfabrikken brant ned i svært kontollerte former.
   
05-Mai-2012 :

Denne dagen var det svært skiftande vær på Nesjestranda. Vi fekk blant anna fleire snøbyger, men det var også perioder med sol og bedre vær, men dog ganske kjøleg. Desse bildene tog eg om ettermiddagen like etter at ei snøbyge hadde passert. Det vart derfor eit flott motiv med snøkvitt i høgda på Berg og ellers fint og grønt nede i bygda.

Ytter Berg.
Berg og Bergsvika sett frå Hamnevikbøen. Tydeleg å sjå kor snøgrensa går.

Dette er granskogen mellom Grovadalen og Bergsvika. Er det sølvgran eller ?

Sommer, vår og vinter i eitt bilde, Ytter Berg og løa på Husmorskolegarden i Bergsvika.

Skåla Bær - Nesjestranda 28-Jun-2012

Køyrde ein rundtur på Nesjestranda med sykkel Helsestien - Nesje og retur om fykesvegen. Det var sol og flott vær. Skåla Bær har no store areal med jordbær på Nesje. Tok ein tur ned sjøvegen hos Klungnes. Der var ein stor gjeng med jordbærplukkere i sving. Dette var for det meste sesongarbeidere frå Thailand og Tsjekkia. Og jordbæra såg veldig fine og fristande ut.
Her er nokre bilder :

Fristende jordbær hos Skåla Bær på Nesje.

Jordbærplukkere hos Skåla Bær på Nesje.
Jordbærplukkere hos Skåla Bær på Nesje.
Midt i jordbæråkeren på Nesje.

onsdag 27. juni 2012

Kulturhuset Plassen i Molde 27-Jun-2012

Molde's nye kulturhus Plassen er no nesten ferdig. Mange av aktørane i bygget har allerede flytta inn. Offisiell opning av Plassen er på lørdag 14-Juli. Her er nokre bilder av huset frå utsida. Det har blitt eit flott bygg med massevis av store trapper. Det er også stort areal på taket der det er muleg å sitte ned og der det kan arrangeres konserter etc. Hovedtrappa opp kjem heilt sikkert til å bli populær. Den blir nok Molde sitt svar på Den Spanske Trapp i Roma. Heldigvis går det heis heilt opp på taket slik at alle som ikkje kan gå i trappa også kjem seg opp og kan nyte utsikten frå Molde's nye tak.
Det blir kafé inne i bygget. Denne har fått navnet Kafé Kurt etter den tyske kunstnaren Kurt Schwitters (1887 - 1948) som ein periode på 1930-tallet budde og arbeidde ute på Hjertøya.
Får håpe kaféen vil selge noko så verdsleg som softis og pølser i brød som kan nytes utendørs i solvarmen i trappene. Håper pølsene blir like gode (og store) som Hansen-pølsene til den opprinnelege Trappekiosken som låg omtrent der trappa er no.


Dette er trapp nr 2 opp på taket til Plassen.
Inngang i øverste etasje. Fotografen har blitt med på bildet.
Utsikt frå taket av Plassen. Her blir det flott å arrangere utekonserter.
Taket på Plassen med egen sittetribune.

Utsikt frå taket av Plassen mot det som er igjen av Gørvelplassen.

Trapp nr 2 og taket. Vi ser også heistårnet.

Dette er hovedtrappa opp mot taket. Molde's svar på Den Spanske Trapp.

Hovedtrappa sett ovanifrå.
 
Hovedinngangen på gatenivå. Bygningane på motsatt side speiler seg i glassfasaden.


Fredsbenken i Molde 27-Jun-2012

27-Jun-2012 :

Var så heldig å passere "Fredsbenken" akkurat i det den var ferdig på torsdag kveld. Kunstnaren vart intervjua av RB. Offisiell presentasjon av "Fredsbenken" var neste kveld  28-Juni. Dette har vorte eit flott kunstverk med massevis av små motiv av roser, hjerter og fisker. Det er den franske kunstneren Olivier Ledoux som har laga kunstverket. Han har også hatt mange medhjelpere undervegs i arbeidet.
Kunstverket er hogd ut av ei 6 m lang trestamme av edelgran frå Retiroskogen i Molde. Ledoux var ogå kunstneren som laga dei 3 kvalskulpturane i tre for 20 år sidan. Desse har i mange år stått utstilt vest for Løkta / Molde Fjordhotell og dei har no også fått litt overhaling.

Sjå link til reportasje i Romsdals Budstikke : http://www.rbnett.no/kultur/article478954.ece

"Fredsbenken" er ferdig.

"Fredsbenken" som starta som edelgran i Retiroskogen. Dei 3 kvalane er synleg i bakgrunnen.
"Fredsbenken". Eit dikt av diktaren Knut Ødegard er festa på benken.


14-Jun-2012 :

Slik såg den store trestammen ut den 14-Juni. Arbeidet med treskjæring hadde nyst starta opp. Det var fleire flinke medhjelparar som tok del i arbeidet som pågjekk i lange arbeidsdager fram til kunstverket var ferdig den 27-Juni. Arbeidsplassen var bak Storkaia ( sør for Toll-bygget) i Molde.

Arbeid på trestamma frå Retiroskogen har starta.

Det var litt av ei trestamme med masse greinstubber. Her er det mykje treskjering som skal til.


lørdag 16. juni 2012

Trollstigen #2 - Opning av Nasjonal Turistveg 16-Jun-2012

16-JUN-2012 :

Denne dagen var det offisiell opning av Nasjonal Turistveg Trollstigen - Geiranger. Samtidig skulle alle dei andre 17 Nasjonale Turistvegane over heile landet opnast offisielt. På Trollstigen har Statens Vegvesen investert ca 180 millioner i nytt turistanlegg. Opningsseremonien skulle foregå kl 12:30 - 13:15 og offisiell opning var av Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Eg hadde lyst å vere med¨på dette arrangementet, så eg og Martin planla tur. Trollstigen skulle vere stengt for vanleg trafikk frå kl 9 og utover dagen. Statens Vegvesen hadde satt opp busser frå Åndalsnes og Valldal som skulle frakte publikum gratis opp til Trollstigplatået. Fann ut at det var liten vits å køyre med egen bil innover til Åndalsnes, så Martin og eg tok bussen frå Sølsnes kl 8:30. Ankom Åndalsnes 9:20. På Åndalsnes stod det mange busser oppstilt for å frakte folk opp til Trollstigen. Vi gjekk rett ombord i ein buss frå Atlantic Auto og vart dermed med den første bussen som gjekk frå Åndalsnes. Starta frå Åndalsnes 9:22. Bussen køyrde først opp til Trollveggen Besøkssenter for å ta med passasjerer derifrå. Men der var det ingen. Det var med lokal guide på bussen og vi fekk guiding på turen og info om programmet på Trollstigen. Det skal gå ein veteranbil-kortesje opp Trollstigen og den skal vere framme kl 12. Samferdselsministeren skal ankomme i ein veteranbil. Ankom Trollstigplatået kl 10:10. Det vart no ei lang ventetid før start på det offisielle programmet i 12-tida. Det var overskya ver på Trollstigen med kald vind og nokså kjøleg. Kjente også nokre få regndråper, men det vart heldigvis ikkje noko regnver. Hadde med oss fleece-jakker og dei varma godt mot vinden.

Tok eit par bilder frå bussvinduet på veg opp Trollstigen :

Stigfossen sett frå bussvinduet i det vi passerer Stigfossbrua.
Parti av Stigfossen ved Uri Martin svingen.


Oppe på Trollstigplatået holdt dei på med lydprøver på ei scene som var satt opp i elvekanten foran den nye Trollstigen Kafe. Gitarist Frode Alnæs var blant musikarane som testa lyden.

Lydprøve på scena ved nybygget på Trollstigen.
Gitarist Frode Alnæs.


Martin og eg tok oss ei matpause i ly av hytta "Tussebu" som låg på andre sida av vegen med utsikt mot scena.

Martin, matpause i ly av ei hytte på Trollstigen.

Vi gjekk så ein tur ned til utsiktspunktene. Der var det mindre vind. Vi tok også ein liten tur opp langs T-stien som starta ved gangvegen mot utsikten. Det er stien som fører mot Trolltindane (Bruraskaret) og Stabbeskaret. Her var det bratt og det er satt opp kjettinggjerde på dei luftigaste passasjene.

Det låg fortsatt ein del snø i gangvegen ned til Utsikten.
Martin på det nederste utsiktspunktet.
Vi prøver oss på stien som går i retning Trolltindane og Stabbeskaret.
Ved vegvisar på T-stien frå Trollstigen.
T-stien går ganske luftig rett opp frå gangvegen til Utsikten som ligg nede til høgre.

Oppe i fjellet veks det Tuesildre.

Etter den luftige turen gjekk vi tilbake til Trollstigen Kafe. Det hadde no komme mykje meir folk, og vi venta på at veteranbilkortesjen skulle ankomme Trollstigplatået kl 12.
Blant publikum fant vi også denne karen / trollet. Trur nok at trollene i Trollstigen var nysgjerrige på alt oppstyret denne dagen.

Trollet har komme på besøk, er nok nysgjerrig på alt folket.
Trollet vinker kongeleg til fotografen.

Trollet var høgt og skjeggete.

Vi gjekk så nedover hovedvegen for å sjå på veteranbilkortesjen. I den første bilen satt Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann Lodve Solholm og fylkesordfører Jon Aasen. Bilen var innleid frå Hotell Union i Geiranger for dette oppdraget. Deretter kom veteranbilane på rekke og rad. Var overraska over kor fort det gjekk med dei gamle bilane, det vart nesten litt for fort for alle oss som tok bilder av dei.
Viser her bilder av dei eldste bilane, det var mange fleire også.

T-104, Buick Touring, 1932-modell frå Union Hotell i Geiranger. Samferdselsminister Kleppa set i baksetet.
T-144, Nash, 1931-modell.
E-1930, Cadillac, 1930-modell.
T-1035, Buick, 1927-modell.
T-2291, Ford A, 1931-modell, veteranlastebil frå Kleive.
T-2070, Opel Super Six, 1937-modell.
T-2125, Rolls Royce, 1934-modell.
T-10247, Mercedes-Benz 190, 1965-modell.

T-2534, Chevrolet Standard, 1934-modell.


Etter at alle veteranbilane hadde komme opp, gjekk vi tilbake til inngangspartiet ved nye Trollstigen Kafe. Menga oss litt med VIP-ane før dei gjekk inn for å starte på dagens program.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa  (Sp).

Samferdselsminister Kleppa, Fylkesordfører Jon Aasen til venstre.

Samferdselsministeren i flott bunad.

Martin og eg gjekk så ein runde for å sjå på veteranbilane. Var også ein tur over på vestsida av dalen for å få nokre utsiktsbilder av nye Trollstigen.

Martin ser på den flotte Buicken frå Geiranger.
Parkeringsplassen på Trollstigen var nesten full, der var blant anna 15 busser.
Oversikt over nye Trollstigen Kafe med publikum på taket, på gangvegen og på hovedvegen.


Dagens program starta ca 12:30. Det var diverse gratulasjonstaler og musikalske innslag.  Gitarist Frode Alnæs var konferansier. Flott World Music av Karl Seglem og hans kvartett i lag med gitarist Frode Alnæs. Karl Seglem er ein internasjonalt anerkjent norsk musiker som spiller på bukkehorn. Flott musikk som passa godt til stemninga på Trollstigen denne dagen.
Til slutt var det Samferdselsminister Kleppa sin tur til å foreta den høgtidelege opninga av Trollstigen og alle dei 18 Nasjonale Turistvegane i Norge.

Gratulasjonstale av Fylkesordfører Jon Aasen.
Samferdelsministeren flankert av Fylkesmann, Rauma-ordfører og Fylkesordfører på VIP-tribunen.
Karl Seglem spiller på bukkehorn.
Konferansier og gitarist Frode Alnæs.
Samfedselsminister Meltveit Kleppa holder opningstalen.

Samferdselsminister Kleppa og vegdirektør Terje Moe Gustavsen forlater scena.
 Etter at den offisielle delen av programmet var ferdig fortsatte det med folkefest og mykje anna under-holdning frå scena. Dørene til kafebygget vart opna for andre enn dei innbudne gjestane og vi fekk komme inn og sjå. Der var det satt opp mange bord med sveler og ananasbrus og alle fekk forsyne seg gratis. Flott gest av Vegvesenet. Vi fekk også komme opp på taket av bygget der det var panoramautsikt over heile Trollstigplatået.

Martin har fått gratis svele og ananasbrus inne i kafeen.
Slik ser det ut inne i nye Trollstigen Kafe.
Utsikt frå taket av Trollstigen Kafe mot parkeringsplassen.


Martin har satt seg oppe på taket av kafeen.

Martin på taket. Scena i bakgrunnen.


Inne i kafeen møtte vi også på eit par trollunger. Desse var både morsomme og trollete som trollunger flest.

Vi møtte trollungene inne i kafeen.
Martin hilser på ein av trollungane.


Vi avslutta besøket og tok buss ned igjen kl 14:20. Det vart igjen ein buss frå Atlantic Auto. Det hadde vore ein fin, men kald dag på Trollstigen. Men Martin og eg kan iallefall skryte av at  "Vi var der når Trollstigen vart åpna som Nasjonal Turistveg.
Viser eit par bilder tatt frå bussvinduet på turen ned Trollstigen. Moro å oppleve turen som bussturist.

Utsikt frå bussvinduet på tur ned Trollstigen.
Utsikt frå bussvinduet i det vi passerer Stigfossbrua.

Etterord 1 :  På mandag 18-Juni, 2 dager etter opninga av dei Nasjonale Turistvegane vart Magnhild Meltveit Kleppa bytta ut som Samferdselsminister i den rødgrønne Stoltenberg-regjeringa med Marit Arnstad. Jobben på Trollstigen vart dermed historisk på fleire måter ettersom det nok vart Kleppa sitt siste offisielle oppdrag som Samferdselsminister.
Etterord 2 :  Oppdaga at eg hadde blitt med på bilde i Åndalsnes Avis sin bildekarusell frå Trollstigen. Fotografen i Skåla-jakke er denne bloggeren.                                  Sjå linken :   http://www.andalsnes-avis.no/bildeserier/article474940.ece?imageIndex=21#pageTop