torsdag 28. juni 2012

Diverse bilder frå Nesjestranda 2012

Fann ut at eg hadde tatt ein del naturbilder og bilder av hendelser på Nesjestranda som det kunne vere interessant å samle i eit eget blogginnlegg.  Her er bildene lagt inn kronologisk slik at dei siste bildene ligg øverst i bloggen. Bla nedover for å finne dei eldste bildene. 

Innhold :
- Sommer, vår og vinter på samme tid - Berg & Bergsvika, 5-Mai-2012.
- Nedbrenning av Møbelfabrikken på Valen, Stenså, 8-Mai-2012.
- Vårbilder frå Havnevika, 15-Mai-2012.
- Hotell Solstad, Havnevik, 15-Mai-2012.
- Utsiktbilder frå Sør-Nesje, 28-Jun-2012.

28-Jun-2012 :

Tok meg ein kombinert sykkeltur / fotosafari denne dagen. Det var sol og flott vær. Sykla Helsestien til Nesje med retur om fylkesvegen. Tok nokre avstikkere på sjøvegane på Sør-Nesje for å kunne ta nokre fleire utsiktsbilder frå den vakre bygda vår.

Utsikt mot gardane på Sør-Nesje frå moloen til gnr 114/5 (Malo-garden).


Moloen til Malo-garden har tydeleg skader etter orkanen "Dagmar".

Utsikt østover, vi ser moloen og naustet til garden Sør Nesje, gnr 114/4 (Klungnes)  i forgrunnen. Fjellet i bakgrunnen er Skåla.

Nesjeplassen, Nytun gnr 114/2 på Sør-Nesje.
Utsikt mot gardane Nesjeplassen gnr 114/11 Jeriko (Vestad) til venstre  og Nesjesplassen, Strandvoll gnr 114/7 (Brubæk) til høgre.
Utsikt frå Kjerringneset mot Flovik-gardane. Våningshuset til Flovik gnr 115/1 til venstre, løa som stod nedfor vegen er revet. Ellers ser vi løa til Flovik gnr 115/2, Midtre Flovik.


15-Mai-2012 :

Tok meg ein runde i Havnevika på denne fine soldagen. Det vart nokre nye bilder frå Havnevika. "Gamle" sentrum på Nesjestranda med butikk, post og bank er no blitt ganske forandra. 2 bygninger har blitt revne. Det er Annekset som var den eldste bygninga i Havnevika. Borte er også huset til Harald Havnevik som husa den lokale telegrafen og den lokale banken i mange år. Etter at banken flytta opp i kjelleretasjen hos Rikke Flovikholm, flytta vi inn i dei gamle banklokala og budde der i 3 år (1969 - 72). Vi hadde 3 rom ( stue, kjøkken og soverom ) og toalett i gangen.
Huset til Rikke Flovikholm som vart påbegynt ca 1905 har også vore brukt til hotell (Hotell Solstad). Hotellromma låg i 3. etasje. I kjellaren har det vore blant anna post og bank. Huset har blitt pussa opp både utvendig og innvendig og framstår i dag som eit særdeles vakkert bygg.


Våningshuset til Havnevik, gard nr 118/1. Det er kun huset, stabburet og grisehuset som er igjen på garden etter at jorda vart utlagt til boligfeltet Hamnevikbøen.

Havnevika med naustrekker og slippen til Bjørn Smith. I bakgrunnen er huset som er bygd ferdig i år på den siste tomta i Hamnevikbøen boligfelt.

Gamle Samvirkelaget med lagerskur og kai.

Hotell Solstad, tidlegare huset til Rikke Flovikholm.
Huset er blitt svært vakkert etter oppussing av nye eiere.
Dette er nederste del av Strandabakken, med Hotell Solstad til venstre, Sjøbua til høgre og Samvirkelaget rett fram.
Dette er Strandabakken sett oppover mot ungdomshuset "Veøyheim".


10-Mai-2012 :

Dette er ruinane av Møbelfabrikken på Valen, Stenså som vart brent ned for 2 dager sidan. Bølgeblikktaket har krølla seg, så det var nok godt og varmt.......

Ruinane av Møbelfabrikken, det som står igjen er murbygningane der det var motorrom og lakkeringsverksted.
Bølgeblikkplatene frå taket ligg igjen heilt krølla etter varmen.


08-Mai-2012 :

Denne dagen vart Møbelfabrikken på Valen, Stenså brent ned ved hjelp av brannmannskap frå Skåla og Molde og frå mange av nabokommunene. Dette vart ein bra brannøvelse for brannmannskapene. Ellers er det trist at slike gamle bygg blir brent ned. Dette bygget har vore arbeidsplassen til mange folk på Nesjestranda og var ein del av kulturarven på Valen. Synd at det ikkje finst tilskuddsordninger slik at denne type bygninger kan vedlikeholdes og bevares for ettertida. Skjønner godt at eieren ikkje vil koste vedlikehold på eit så stort hus som ikkje er i bruk lenger.


Møbelfabrikken i full fyr. Mange skuelystne var ute for å sjå på brannen.

Møbelfabrikken sett frå Flovikholmen.
Valen, Stenså med Holmaleira foran.
Møbelfabrikken brant ned i svært kontollerte former.
   
05-Mai-2012 :

Denne dagen var det svært skiftande vær på Nesjestranda. Vi fekk blant anna fleire snøbyger, men det var også perioder med sol og bedre vær, men dog ganske kjøleg. Desse bildene tog eg om ettermiddagen like etter at ei snøbyge hadde passert. Det vart derfor eit flott motiv med snøkvitt i høgda på Berg og ellers fint og grønt nede i bygda.

Ytter Berg.
Berg og Bergsvika sett frå Hamnevikbøen. Tydeleg å sjå kor snøgrensa går.

Dette er granskogen mellom Grovadalen og Bergsvika. Er det sølvgran eller ?

Sommer, vår og vinter i eitt bilde, Ytter Berg og løa på Husmorskolegarden i Bergsvika.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar