tirsdag 5. juni 2012

Horja i snøvær 01.06.12.

Tok meg ein tur til Horja på fredag 1-Juni-2012. Denne dagen var det ganske kjøleg for årstida. Grad-stokken viste kun 4 grader i 9-tida. Såg på sørsida av fjorden at snøen hadde lagt seg langt ned i skogen. Det kunne derfor bli ein interessant tur til Horja i snø på den første dagen i sommermånaden Juni. Skodda låg langt ned og det kom litt regn i det eg starta på turen opp Kamsetervegen. Før eg kom til Kamsetra hadde regnet gått over til ei kraftig snøbyge med store snøfiller som ein ellers kun ser om vinteren.

Kraftig snøbyge ved Kamsetra.
Snøkave i Kamsetervegen.

Øverst i Kamsetervegen hadde snøen lagt seg som eit tynt kvitt teppe over landskapet. Sola braut etterkvart gjennom og då gjekk det ikkje lenge før snøen minka.

Nysnøen har lagt seg over myra øverst i Kamsetervegen.
Sola titta fram ved rasteplassen på Kammen.

Utsikt mot Horja frå Heian. Fortsatt nysnø på Horja, men den smelta fort i solvarmen.
Signaturbilde av berømt furu på Heian.
Etter at eg omsider kom meg opp på Horja hadde all nysnøen smelta. Tok meg kaffepause i ly av varden. Det skya til igjen og det var tydeleg ei ny byge i emning.  Gjekk ned igjen sørover frå varden og kom ned lengst sør i Flovikseterdalen. Fekk no igjen ei kraftig snøbyge som gjekk over i regn ettersom eg kom ned i lågare strøk. Fortsatte nedover mot Jørgenskvetten og vidare ned på skogsvegen Bergsetra - Berg. Gjekk ned igjen om Nør Berg. Det regna no godt under heile turen ned til Bergsvikbukta.


Kaffepause på Horja, 550 moh.
  Total turlengde i kart : 10.33 km.     Sjå link til kart : http://kart.gulesider.no/m/9LLGW

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar