onsdag 23. mai 2012

Stikk UT tur til Bjørnelihaugen - alternativ rute frå Malo

23-Mai-2012 :

Gjekk ein tur til Bjørnelihaugen den 23-Mai. Har vore der mange gonger etter den normale skogsvegen om Bergsviksetra, så denne gongen ville eg gå ei alternativ rute. Starta derfor på Malo. Skogsvegen på Malo starter bak lagerbygningen på øversida av vegen ovenfor Malo Sagbruk. Ein følgjer denne skogsvegen som går opp lia i nordøstleg retning heilt til vegen svinger vestover. Her heiter det i følge kartet Korsbakken. Der går det ein eldre skogsveg vidare i nordøstleg retning. Denne skogsvegen er mindre brukt og litt meir kronglete å følge. Det er ein del orkanfelte grantrær som ligg over vegen. Likevel er det ikkje så vanskeleg å følge "sporet". Etter ei stund går vegen litt nedover igjen før den fortsetter i meir åpent terreng oppover mot Hegnesskaret. Dette er nok tilnærma likt den gamle setervegen frå Malo til setrene på Skålsetra. I Hegnesskaret kjem vegen inn på skogsbilvegen som kjem frå Skålsetervegen. Då er det berre å følge vegen opp til toppen av Bjørnelihaugen, 320 moh. Der er det Stikk UT post og flott å ta seg ei pause. Eg ville gå turen som ein rundtur, så eg fortsatte vestover på synbar sti. Stien gjekk bratt ned den første bakken. Her gjekk stien meir og mindre etter traseen til strøm-linja frå Malo opp til Bjørnelihaugen. Eg fortsatte vidare vestover og gjekk ned etter å ha passert på øver-sida av ein tett granskog. Kom då ned på ein av greinene til skogsvegen frå Malo. Det var dermed berre å følge skogsvegen som gjekk bratt nedover lia i østleg retning. Passerte krysset der eg tok av på turen opp. Alternativt kan ein sjølvsagt følge strømlinjetraseen rett ned og dermed komme ned på skogsvegen igjen. Dette var ein fin alternativ tur til Bjørnelihaugen. Har merka nokre av bildene med piler der ein skal gå ved vegdeler.  God Tur !  Klikk på linken for å sjå turen i kartet. Ved å zoome inn på kartet kjem også strømlinjetraseen frå Malo til Bjørnelihaugen tilsyne.
Distanse i kart : 4.45 km,   Sjå link til kart :  http://kart.gulesider.no/m/9EuDb


Starten på skogsvegen frå Malo er bak dette lageret.
Følg denne skogsvegen frå Malo.
Her passerer skogsvegen strømlinja frå Malo opp til Bjørnelihaugen.
Her tar den gamle skogsvegen av nordøstover mot Hegnesskaret.
Her møtes skogsvegen frå Malo og skogsbilvegen frå Skålsetervegen i Hegnesskaret.
Stikk UT posten på Bjørnelihaugen, 320 moh.
Kommunikasjonsmasta på Bjørnelihaugen. Vesle Skåla i bakgrunnen.
Pause på Bjørnelihaugen.
Her kjem ein ned på skogsvegen og kan følge den tilbake til Malo. Følg pila !
Vegkryss på skogsvegen ned til Malo.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar