tirsdag 1. mai 2012

Tur til Bjørnelihaugen, Nesjestranda 01-Mai-2012

Årets første fjelltur til fots gjekk på Setervegen frå Berg til Bergsviksetra og vidare til Bjørnelihaugen. Det var ein strålande fin dag. Hadde med Silje i barnevogn, dei to største barna sykla. Vi tok oss ei pause på Bergsviksetra før vi fortsatte turen. Setervegen var snøfri heilt til vi kom til vegskillet for vegen til Bjørnelihaugen. Derifrå var det snøfritt heilt til vi kom fram til vestenden av Brekkevatnet. Her måtte ungane sette igjen syklane. Fekk med barnevogna over nokre parti med snø i skyggesida før Hegnesskaret. Deretter var det snøfri veg opp til Bjørnelihaugen 320 moh. Dette er eit turmål som også i år er med i Stikk UT i Molde Kommune. Stikk UT starter ikkje før 10-Mai, så ingen turkode lagt ut endå. Silje sov i barnevogna mesteparten av turen, men våkna mens vi var på Bjørnelihaugen.

Total utmålt turlengde i kart var 9.8km.
Sjå turen i kart på : http://kart.gulesider.no/m/9GrC9

Pause på Bergsviksetra ("Sjåglytten").
På tur til Bjørnelihaugen.
Utsikt frå Brekkevatnet mot Vesle-Skåla, 902 moh.

På Bjørnelihaugen, 320 moh.
På Bjørnelihaugen, 320 moh. Silje har våkna.
På Bjørnelihaugen, klar for å starte på turen ned igjen.
På tur ned måtte vi igjen passere eit parti med snø på vegen.
Ved Brekkevatnet kunne ungane sykle igjen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar