Sider

Populære innlegg

Viser innlegg med etiketten Bergsvikbukta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bergsvikbukta. Vis alle innlegg

torsdag 23. mars 2023

Skonnerten "Ideal" besøker Nesjestranda 23.03.2023

I dag fekk vi besøk av eit vakkert seilskip som ankra opp på Bergsvikbukta på Nesjestranda. Det var skonnerten "Ideal" av Kristiansund som kom på besøk.
Skonnerten "Ideal" vart bygd på Saltkaia i Kristiansund og var ferdig bygd under åra 2014-2019. Skipet vart sjøsatt i 2016. "Ideal" er bygd etter gamle tegninger av 4 forskjellige skonnnerter som var bygd ved Skaaluren Skipsverft i Rosendal i åra 1903-1910.  Skipet er 45 m langt og veier 125 brt. 
Skipstypen kalles : Tremastet slettoppet skonnert. 

Les mer på nettsida til "Ideal" :  https://www.skonnert.no/ .

Bildene nedenfor er tatt frå Sølsnes og Havnevika på Nesjestranda. Det var sterk sol og nesten for mykje lys til gode bilder. Det er totalt 11 bilder. Klikk på bildene for å sjå større bilder. 


"Ideal" tok ein sving øst for Sølsnesholmane på turen til Nesjestranda. Dette bildet er tatt frå Sølsnes.

"Ideal" passerer Sølsnesholmane. Veøya til høgre. Bildet er tatt frå vegen på Sølsnes."

"Ideal" på tur til Nesjestranda. Bildet er tatt frå Haganeset på Nesjestranda. Veøya i bakgrunnen.

"Ideal" på tur til Nesjestranda. Bildet er tatt frå Haganeset på Nesjestranda. Veøya i bakgrunnen.

"Ideal" svingar innover mot Bergsvikbukta på Nesjestranda. Bildet er tatt frå Hamnevikbøen.

"Ideal" svingar innover mot Bergsvikbukta på Nesjestranda. Bildet er tatt frå Hamnevikbøen.

"Ideal" passerer Haganeset på Nesjestranda.

"Ideal" passerer Haganeset på Nesjestranda.

"Ideal" har ankra opp på Bergsvikbukta, Nesjestranda.

"Ideal" på Bergsvikbukta, Nesjestranda med mektige fjell i bakgrunnen.
Tarløysa, 1086 m.o.h. til høgre.

"Ideal" for anker på Bergsvikbukta, Nesjestranda. Bildet er tatt frå småbåthavna i Havnevika.




lørdag 23. mars 2019

Stormbilder frå Nesjestranda

Denne dagen var det svært dårleg vær på kysten på Nordvestlandet. Vi kjente det også her inne i fjordane. Mange plasser var spesielt utsatt. Det er ikkje ofte det er så dårleg vær på våren, dette var som ein skikkeleg hauststorm i Mars. Tok meg ein tur i bygda for å sjå på været. Fekk tatt nokre bilder på utsatte plasser sjølv om regn og sterk vind gjorde foto-forholda vanskelege.
Fergeruta Sølsnes - Åfarnes var innstilt mesteparten av dagen på grunn av værforholda.  På tømmerterminalen på Malo låg lasteskipet "Hagland Captain" og lasta tømmer. 

I det eg kom heim fekk eg høyre om cruiseskipet "Viking Sky" som hadde fått motorstopp rett utanfor Hustadvika denne dagen. Det vart igangsatt ein stor redningsaksjon med helikopter-evakuering av passasjerane. Denne redningsaksjonen er det nok dei fleste som har fått med seg.

Såg også "Hagland Captain" passere ut Veøyfjorden i uværet, men kunne ikkje på det tidspunktet forestille meg kva som kom til å skje seinare med den båten. Såg også på AIS at lasteskipet passerte Bud på veg nordover. Dette var samtidig med at redningsaksjonen av "Viking Sky" pågjekk der ute. 
Som vi no veit gjekk det ikkje bedre enn at "Hagland Captain" fekk problem med dekkslasta, som forskjøv seg i uværet og førte til stor slagside. Mannskapet måtte hoppe i sjøen og vart tatt opp av eit redningshelikopter som måtte avbryte redning av cruisepassasjerer frå "Viking Sky" for å hjelpe til. Heldigvis hadde mannskapet fått ut ankeret og skipet unngjekk å drive på land. Etter at stormen ga seg vart "Hagland Captain" berga av ein slepebåt. 
Ein kan vel i ettertid fundere på kor lurt det var av "Hagland Captain" å legge ut på turen over Hustadvika mens det pågjekk ein stor redningsaksjon der og dei fleste andre skip låg og venta på været. Til og med hurtigruteskipa låg stille og venta på været denne dagen.

Her er bildene som er tatt på forskjellige plasser på Nesjestranda. Sjå tekst under kvart bilde. Klikk på bildene for å sjå større bilder.


Store bølger i Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Frå Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Store bølger og stor flo (springflo)  denne dagen. Frå Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Frå Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Dette er frå moloen ved Misfjord-garasjen / Bråthen Bil. Stor flo og store bølger. Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Bølgene slo godt over moloen, Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

På Sølsnes var ferga innstilt på grunn av værforholda, Sølsnes, Nesjestranda 23.03.2019.

"Gamlekaia" til Malo Sagbruk i hardt vær,  Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

"Gamlekaia" til Malo Sagbruk i hardt vær,  Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

"Gamlekaia" til Malo Sagbruk i hardt vær,  Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

"Gamlekaia" til Malo Sagbruk i hardt vær,  Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

"Hagland Captain" laster tømmer ved tømmerterminalen på Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

Stor sjø ved saga til Horsgård Sag og Tønnefabrikk, Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Stor sjø ved saga til Horsgård Sag og Tønnefabrikk, Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Moloen , Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Kaia var litt skjerma av moloen, men nokre store bølger kom også dit, Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Nausta til Horsgård-gardane låg utsatt til. Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Nausta til Horsgård-gardane låg utsatt til. Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Dette bildet er frå båthavna i Vikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Bårene slo godt over moloen til båthavna i Vikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Kvitskavla på fjorden utanfor naustet til Vikhagen / Nerhagen, Nesjestranda 23.03.2019.

Haganeset på Nesjestranda er kanskje den mest værutsatte plassen i bygda, 23.03.2019. 


fredag 7. mars 2014

Værskifte 7-Mar-2014

Vinteren 2014 har vore svært nedbørfattig på Nordvest-landet. På Nesjestranda kom det litt snø den 14-Jan, deretter var det ingen nedbør før 16-17-Feb då det kom litt regn. Det har vore stort sett mildver med temperaturer godt over +10 grader mange dager. På grunn av lite nedbør har det vore svært tørt og stor brannfare. Ein periode var det innført forbud mot åpen ild og bruk av gravlys med åpen flamme på gravstedene i kommunen. Vindretninga har stort sett vore sør / sørøst med litt "sjelle" enkelte dager. Denne langvarige vindretninga har gjort at det stort sett var varmluft som kom. Snø og regn har komme i rikeleg monn på Sør- og Østlandet, mens vi i Møre og Romsdal stort sett har hatt fint ver. Snø har vore total mangelvare her i vinter, det har ikkje vore behov for snømåking så langt i år. Heller ikkje på fjellet er det snø, så folk har gått fjellturer til fots.
Men på fredag 7-Mars kom værforandringa. Vinden dreia til vest / nordvest og lavtrykka stod i kø på Vestlandskysten. Det var meldt ruskevær med storm på kysten.
På Nesjestranda starta det med regn ca 12:15. Det begynte også å blåse opp. I 18-tida vart det ganske ruskete og kvitskavla ute på fjorden. Det såg nesten ut som ein liten hauststorm.
Tok meg ein runde med fotoapparatet. Det er så lenge sidan vi har hatt ruskevær, så dette måtte dokumenterast. Bildene er frå Bergsvikbukta, Labergneset og Vikbukta på Nesjestranda.

 
Frå Bergsvikbukta, Nesjestranda 07.03.14.

Søljå i ruskevær, Nesjestranda 07.03.14.

Utsikt frå Labergneset mot Søljå, Veøya og Sekken, 07.03.14.

Surfebølger på Labergneset, Sølsnes, Nesjestranda 07.03.14.
 
Ruskevær på Labergneset, Nesjestranda 07.03.14.

Utsikt frå Labergneset mot Havnevika på Nesjestranda, 07.03.14.


Utsikt frå Labergneset mot Havnevika på Nesjestranda, 07.03.14.

På Labergneset med utsikt over Langfjorden til Rødven og Lybergsvika, 07.03.14.

På Labergneset, Nesjestranda 07.03.14.

Store bølger i Vikbukta, Nesjestranda 07.03.14.

Surfebølge i Vikbukta, Nesjestranda 07.03.14.

søndag 27. oktober 2013

Haustbilder 2013

HAUSTBILDER  27.10.13.

På Nord-Nesje, Nesjestranda 27.10.13.
Bergsvikbukta, Nesjestranda 27.10.13.