fredag 7. mars 2014

Værskifte 7-Mar-2014

Vinteren 2014 har vore svært nedbørfattig på Nordvest-landet. På Nesjestranda kom det litt snø den 14-Jan, deretter var det ingen nedbør før 16-17-Feb då det kom litt regn. Det har vore stort sett mildver med temperaturer godt over +10 grader mange dager. På grunn av lite nedbør har det vore svært tørt og stor brannfare. Ein periode var det innført forbud mot åpen ild og bruk av gravlys med åpen flamme på gravstedene i kommunen. Vindretninga har stort sett vore sør / sørøst med litt "sjelle" enkelte dager. Denne langvarige vindretninga har gjort at det stort sett var varmluft som kom. Snø og regn har komme i rikeleg monn på Sør- og Østlandet, mens vi i Møre og Romsdal stort sett har hatt fint ver. Snø har vore total mangelvare her i vinter, det har ikkje vore behov for snømåking så langt i år. Heller ikkje på fjellet er det snø, så folk har gått fjellturer til fots.
Men på fredag 7-Mars kom værforandringa. Vinden dreia til vest / nordvest og lavtrykka stod i kø på Vestlandskysten. Det var meldt ruskevær med storm på kysten.
På Nesjestranda starta det med regn ca 12:15. Det begynte også å blåse opp. I 18-tida vart det ganske ruskete og kvitskavla ute på fjorden. Det såg nesten ut som ein liten hauststorm.
Tok meg ein runde med fotoapparatet. Det er så lenge sidan vi har hatt ruskevær, så dette måtte dokumenterast. Bildene er frå Bergsvikbukta, Labergneset og Vikbukta på Nesjestranda.

 
Frå Bergsvikbukta, Nesjestranda 07.03.14.

Søljå i ruskevær, Nesjestranda 07.03.14.

Utsikt frå Labergneset mot Søljå, Veøya og Sekken, 07.03.14.

Surfebølger på Labergneset, Sølsnes, Nesjestranda 07.03.14.
 
Ruskevær på Labergneset, Nesjestranda 07.03.14.

Utsikt frå Labergneset mot Havnevika på Nesjestranda, 07.03.14.


Utsikt frå Labergneset mot Havnevika på Nesjestranda, 07.03.14.

På Labergneset med utsikt over Langfjorden til Rødven og Lybergsvika, 07.03.14.

På Labergneset, Nesjestranda 07.03.14.

Store bølger i Vikbukta, Nesjestranda 07.03.14.

Surfebølge i Vikbukta, Nesjestranda 07.03.14.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar