onsdag 21. mai 2014

Tur med "Island Frontier" Mai 2014

Her følger ein del bilder tatt på tur med "Island Frontier" i Mai 2014. Mønstra på "Island Frontier" på CCB på Ågotnes, Sotra den 4/5. Vi seilte skipsleia innaskjærs heilt opp til Ålesund før vi tok kursen nordover mot Norne-feltet som ligg ute i havet vest for Sandnessjøen i Nordland. Det var ein seilas som tok ca 33 timer og 20 minutt. Kartutsnitta viser "Island Frontier" på tur nordover. Vi mista AIS-signalet eit stykke før vi ankom Norne-feltet.
Vi starta seilasen inn til Sandnessjøen like før midnatt den 29/5. Turen gjekk i maksvær inn mot land. Det var flatt hav og ein roleg seilas. Kl 10:47 hadde vi lagt til kai ved Helgelandsbasen i Sandnessjøen. Eg hadde til no jobba 16 nattskift, men var oppe utover formiddagen for å sjå på innseilinga til Sandnessjøen. Vi var lospliktige og tok ombord losen ute i Nordåsværfjorden. Her var mange flotte plasser og storslått natur. Heimturen gjekk med Widerøe frå flyplassen i Sandnes-sjøen til Bodø, deretter Bodø - Bergen og til slutt Bergen - Molde.


Kartutsnitt frå Marine Traffic som viser ruta til "Island Frontier" frå CCB, Ågotnes og oppover kysten. Avgang frå CCB var 04.05.14 kl 15:40.


Kartutsnitt som viser turen vidare nordover. Vi plukka opp ein ny kaptein utanfor Ulsteinvik. Han vart henta i MOB-båten. 05.05.14.


Siste del av turen gjekk lenger ut til havs. Vi mista AIS-signalet lenge før ankomst Norne, 06.05.14. kl 01:00.


"Norne", produksjonsskipet på Norne-feltet, blokk 6608/10.

Solnedgang ved Norne, 06.05.14 kl 22:03.
 
Produksjonsskipet "Norne" og spesialskipet "Edda Fonn", 09.05.14. 


Bilder tatt frå turen inn frå Norne-feltet til Sandnessjøen 20.05.14 :

Utsikt mot Træna Kommune som ligg langt ute i havet. Fjella ligg på øya Sanna og det høgaste fjellet er Trænstaven, 338 m.0.h.

Her passerer vi sør for øya Lovund i Lurøy Kommune. Fjellet heiter Lovundfjellet, 623 m.o.h. Fjellet ligner her på ein haifinne.

Lovund sett frå sør. På vestsida av Lovundfjellet er den kjente Lundeura som er stor hekkeplass for lundefugl. Bebyggelsen på Lovund ligg på nordøst sida bak det lille fjellet til høgre på bildet.
 
Åsvær Fyr på holmen Andersbakken i Åsværet, Dønna Kommune. Det nye fyret er 18.5 meter høgt. Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 1980. Ruinane av det gamle fyret som var i bruk frå 1876 - 1917 er til høgre på bildet. Åsvær Fyr er freda.


Åsvær Fyr på holmen Andersbakken i Åsværet, Dønna Kommune.

I Nordåsværfjorden sør for Lovund fekk vi los ombord. Losbåten hadde først vore borte ved  fryseskipet "Langfoss".  20.05.14.
 
Losbåten "LOS 122" på veg mot "Island Frontier", 20.05.14.

Losen står klar på rekka for å hoppe over til "Island Frontier" under fart.

Losen har akkurat hoppa ombord i "Island Frontier", 20.05.14.

Losbåten "LOS 122", 20.05.14.
 
Lenger inn i fjorden kom fjellrekka De Syv Søstre til syne. 20.05.14.

Vi passerte på østsida av Dønna. Trur denne plassen heiter Glein. Skipsleia gjekk på Skipsfjorden mellom Dønna og øya Løkta.  20.05.14.

Sandnessjøen.  Sandnessjøen ligg på øya Alsten og er senter i Alstahaug kommune. Fjella i bakgrunnen er De Syv Søstre. 20.05.14.

Indre havn i Sandnessjøen med skipsverftet Slipen Mekaniske Verksted innerst i vågen. 20.05.14.

Helgelandsbrua er fastlandsforbindelsen til Sandnessjøen. Brua går over Leirfjorden frå øya Alsten til fastlandet i Leirfjord kommune. Brua er ei skråkabelbru med total lengde 1065 m som vart åpna i 1991.
 
Oppe på åsryggen bak Sandnessjøen står denne store statuen av ein elg. 20.05.14.

Utsikt mot Helgelandsbrua frå "Island Frontier" ved kaia til Helgelandsbasen i Sandnessjøen. 20.05.14.

"Island Frontier" ved kai på Helgelandsbasen. Lenger bak ligg forsyningsskipet "Island Chieftain" som opererer for BP Skarv.  20.05.14.
Kartutsnitt frå Marine Traffic som viser ruta til "Island Frontier" inn til Sandnessjøen. 20.05.14.
"Island Frontier" ved Helgelandsbase, Sandnessjøen 20.05.14.


"Island Frontier" ved Helgelandsbase, Sandnessjøen 20.05.14.

Heimreise frå Sandnessjøen Lufthavn, Stokka. Flyturen gjekk frå Sandnessjøen med avgang 16:25 til Bodø, så nytt fly Bodø - Bergen og til slutt Bergen - Molde med ankomst Årø 23:07.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar