torsdag 29. mai 2014

Martin med fiskelykke

Martin og eg var ein tur nede på moloen ved naustet vårt og fiska. Resultatet etter ein times tid med fisking vart bra. Kasta også uti igjen nokre småfisk. Det var morsomt å få fisk. Martin fekk også ein knurr, måtte ta den med sidan eg fekk problem med å løyse sluken. Det vart 3 store lyr, 2 små lyr, 1 torsk, 1 småsei og 1 knurr. Dette vart totalt 2.9 kg oppgjort fisk til frysaren. Bra for ei kort kveldsøkt med fiskestang.

Martin med kveldens fangst, 29.05.14.

3 lyr, 1 torsk, 2 små lyr, 1 småsei og 1 knurr.

Dette er ein knurr. Den knurra ikkje til oss, men ein må passe seg for dei kvasse piggane denhar. Skal visstnok vere god matfisk.

Den stolte fisker.  29.05.14.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar