fredag 30. september 2022

Tur til Seilhola i Litleskåla, Molde kommune, 30.09.2022

Fredag 30. september var det meldt fint vær. Dermed vart det fjelltur på meg. Bestemte meg for å prøve ein lenge planlagt tur på nordsida av Litleskåla. Hadde tenkt å sjå nærmare på "Seilhola/Seilholå" og om forma var god nok fortsette vidare for å sjå om eg kunne finne jakthytta til Ivar Tollås. 
Starta frå Skålsetra og gjekk etter stien opp Skållia til Breiabotnen. I staden for å følge stien vidare opp til toppen av Litleskåla slik som eg har gjort mange gonger før,  gjekk eg denne gongen over på den nordlege ryggen av Breiabotnen. Fortsatte vidare over ryggen og fulgte høgda vidare østover på nordsida av fjellet. Såg no ned på den delen av Litleskåla som er kalla Slettfjellet. Fortsatte ned på flata der eg passerte ein tydeleg sti som gjekk på øversida av Seilhola.

Primærmålet for denne turen var som nevnt eit stort søkk i fjellet som heiter Seilhola. Dette søkket i fjellet er godt synleg frå Solemdalen. Noko av fjellsida har her glidd ut ein gong i tida. Berget er så bratt at det fortsatt framstår som eit søkk i fjellet utan særleg vegetasjon. Det står litt om Seilholå i boka "Stadnamn i Molde kommune" av Kåre Magne Holsbøvåg.  Namnet er forklart som : "Eit seil er ein bøyg, boge, innsøkk i ein kant eller rygg". Hola/holå (dialekt) er muligens lagt til som forklarende tillegg i navnet. Vest i Seilhola var det eit høgt stup. Seilhola ligg i skygge mesteparten av dagen, så det er litt vanskeleg å få tatt bra bilder på grunna av stor forskjell i lyset. Tok også nokre bilder av Seilhola frå eit utsiktpunkt eit stykke nedfor stien i aust.
Etter ei kort pause ved Seilhola, gjekk eg vidare østover etter tydeleg sti. Nesten heilt aust i fjellet er det ei lita tjønn og ein haug. Haugen er kalla Slettfjelltuå. Gjekk ned til tjønna. Frå tjønna rann ein bekk med godt drikkevatn.
Eit stykke nedanfor tjønna er det eit skogholt med furu, gran og lerketre. Her fann eg sekundærmålet for turen. Det var den lille jakthytta som Ivar Tollås hadde satt opp.  Gardane på Solemdalen har teigar som går langt opp i fjellsida på denne sida av Litleskåla. Gjekk forbi eit moderne grensemerke frå 2011 like øst for Seilhola. 
Eg hadde no gått ca 5.4 km frå eg starta turen på Skålsetra.  Starta på 193 moh på Skålsetra og gjekk opp i ei høgde på 712 moh, så ned igjen til ca 455 moh ved jakthytta. Det var godt med ei matpause og medbragt kaffe. Gran og lerketre i skogholtet her må ha blitt planta, sidan det ikkje var slike trær andre plasser så høgt i fjellsida. 

Hadde tenkt å gå samme veg tilbake til Skålsetra langs østsida av Litleskåla. Men forma var fin og været var bra, så derfor valgte eg å gå rett oppover mot toppen av Litleskåla. Gjekk bratt oppover til eg kunne sjå  bort i Skåldalen som går opp til Reset mellom Litleskåla og Stor Skåla. Det vart ein fin tur i terreng som eg ikkje har besøkt før. Kom opp heilt øst på Litleskåla og fortsatte over den flate toppen til varden i vest. Etter ny mat og drikkepause var det berre å følge stien ned igjen via Breiabotnen og vidare ned Skållia til Skålsetra.
Turen frå jakthytta over toppen av Litleskåla og ned til Skålsetra var 6.1 km, (målt med GPS) så det vart litt lenger enn om eg hadde gått ned igjen samme veg som opp. Det vart nokre høgdemeter også. Frå ca 455 moh og opp til toppen på Litleskåla på 901 moh., så ned til Skålsetra på 193 moh. 

I dette innlegget er det 31 bilder med tekst. Klikk på bildene for å sjå større bilder.



Start på stien opp til Litleskåla frå Skålsetra. Stien går forbi setra til Sølsnes Gård og bratt opp Skållia til Breiabotnen, 30.09.2022.

Stien passerer denne gamle jaktposten like før ein er heilt oppe i Breiabotnen. Kaffekjelen heng klar til bruk. 

Utsikt nordvestover mot Røvik, Bolsøya og Molde. Nabofjellet Horja til venstre.

Fine haustfarger på turen opp Breiabotnen. Nederst var det skrubbær som bidro mest til rødfargen, lenger oppe tok rypebærlyngen over.

Utsikt frå nordsida av den nordlige ryggen til Breiabotnen oppover mot toppen av Litleskåla

Her var det mykje fargerik rypebærlyng. 

Har no komme over på nordsida av Litleskåla. Seilhola ligg framfor kanten omtrent midt i bildet.

Seilhola, eit bratt søkk på nordsida av Litleskåla der ein del av fjellet har rast ut ein gong i tida. 

Seilhola sett frå vest mot øst.

Har plassert meg på den vestlige kanten av Seilhola. 

Utsikt mot Solemdalen og Fannefjorden frå toppen av Seilhola. Vi ser også nye Molde Sjukehus under bygging på Opdøl på nordsida av Fannefjorden. 30.09.2022.

Seilhola sett frå aust mot vest. Dette søkket er godt synleg frå Solemdalen.

Selfie på austsida av Seilhola, Litleskåla, 30.09.2022.

Har gått eit godt stykke vidare austover. Her ligg ei lita tjønn. Haugen til høgre for tjønna heiter Slettfjelltuå.

Har gått nedover til den litle tjønna. Herifrå går det ein bekk med friskt og godt drikkevann.

Her er tjønna med utsikt opp mot Stor Skåla.

Jakthytta til Tollås, gnr 1/1. Hytta ligg ca 455 m.o.h.

Jakthytta til Tollås, gnr 1/1.

Matpause med kaffe ved jakthytta.

Matpause med kaffe ved jakthytta.

Utsikt mot Tollåsen og Fannefjorden.

Utsikt vestover mot Solemdalen og Molde.

Utsikt austover mot Kleive (til venstre). Vi ser også Fannefjorden og Osen. Vatnet lengst til venstre er Vasslivatnet som ligg ovanfor Nakken på Kortgarden.

Har starta på oppstigning mot toppen av Litleskåla. 

Eit godt stykke oppe i Litleskåla kan ein sjå bort i Skåldalen mellom Litleskåla og Stor Skåla.

Utsikt mot Stor Skåla frå nordaust på den flate toppen til Litleskåla. Her oppe er det mange små fjellvatn. Det er ca 1.2 km frå aust og til varden i vest.

Fleire vatn på Litleskåla.

Varden til Litleskåla, 901 m.o.h.  (På kart er det høgaste punktet markert litt lenger til høgre for varden. Høgaste punktet er der 900.8 m.o.h). 

Det var ganske vindfullt på toppen av Litleskåla. Vi ser toppen av Skåla / Stor Skåla i bakgrunnen.

Teppe med rypebærlyng ved stien ned frå Litleskåla. Rødfarga på rypebærlyngen ses best i motsol.

Har komme ned i Skållia, stien frå Skålsetra er nesten borte i alle bregnene.


Tok dette bildet av Seilhola i Litleskåla frå Solemdalen, 06.10.2022.

Seilhola i Litleskåla, utsikt frå Solemdalen, 06.10.2022.



tirsdag 20. september 2022

M/S "Nordstjernen" i Molde 20.09.2022

Oppdaga i formiddag at det "gamle" hurtigruteskipet låg til kai i Molde. M/S "Nordstjernen" kom til Molde i går 19.09.2022 og hadde fått tildelt kaiplass inne i Kjølelagerhuken. Kan ikkje huske å ha sett eller høyrt om at det har vore hurtigruteskip der før. Ser ut til at skipet er ferdig med årets turistsesong. Kan det vere at ho skal ligge i opplag i Molde ?
M/S "Nordstjernen" vart bygd i 1956 ved Blohm & Voss A.G. i Hamburg. Skipet er 80.8 m langt og veg 2194 grt. Det har gått i hurtigrutefart for BDS, TFDS og Hurtigruten.  Skipet vart freda av Riksantikvaren i 2012. Noverande eier er MS Nordstjernen AS (RS Platou Project Finans A/S) Bergen.  Her er nokre av dagens bilder. Det var overskya med skodde om formiddagen, men sola braut gjennom og det vart ein fin dag.  Klikk på bildene for å sjå større bilder. Det er totalt 8 bilder.

M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022.

M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. Trangt om plassen.

M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022.

M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. Aktre del av skipet er pakka inn.

M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022.

M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022.

M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022.

M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. Fotografert frå ferga Molde - Vestnes etter at sola kom fram.


søndag 4. september 2022

Westernridning på Dyregod-dagane, Batnfjordsøra, 04.09.2022

Under Dyregod-dagane 2022 på Batnfjordsøra var det også denne gongen oppvisning i Westernridning arrangert av Western Riders Møre og Romsdal. Her var det mange flinke ryttere og hester. Det var lokale deltakere frå WRMR og også deltakere utenom Møre og Romsdal. Dei mest benytta hesterasene i Westernridning er amerikanske Quarter hester og Paint hester, gjerne vallaker. Ein vallak er ein kastrert hingst som dermed har eit rolegare gemytt. I Westernridning er det mange øvelser som går på samspill og forståelse mellom hest og rytter. Det er også mange hurtige øvelser som for eksempel calf roping (fange kalv i fart med lasso) og tønne racing (fat racing) som er ein tidsdisiplin som går på å bruke minst mulig tid rundt 3 tønner (oljefat) oppstilt på banen i ein trekant. Under calf roping ble det brukt ein dummy kalv dratt etter ein ATW. 
Deltakere på oppvisninga var blant anna Andreas Hollingsholm, Lisbeth Hollingsholm, Henriette Hollingsholm, Renathe Gjerde, Bernt Haakon Danielsson (konferansier), Maria Helene Danielsson og Viktoria Nergård Løseth.
Tok ein del bilder under oppvisninga. Håper både ryttere og andre liker bildene. 
Klikk på bildene for å sjå større bilder, totalt 41 bilder.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Konferansier til hest.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Andreas.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Andreas.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Konferansier Bernt.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Lisbeth.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Bernt demonstrerer bruk av lasso.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Bernt demonstrerer bruk av lasso.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Bernt demonstrerer calf roping.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Bernt demonstrerer calf roping.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Bernt demonstrerer calf roping.
Her vart det bomkast.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Forbereder lassoen til nyttforsøk på å fange "kalven".

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Nytt forsøk på å fange "kalven" med lasso.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Bernt har fanga "kalven" og har hoppa av hesten for å få kontroll med "kalven".

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Lisbeth har full kontroll på hesten.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Lisbeth.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria som driv  med både sprangridning og westernridning.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria viser at hest og rytter behersker både sprangridning med hopp over hinder og Westernridning.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria viser at hest og rytter behersker både sprangridning med hopp over hinder og Westernridning.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria viser at hest og rytter behersker både sprangridning med hopp over hinder og Westernridning.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria viser at hest og rytter behersker både sprangridning med hopp over hinder og Westernridning.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria viser at hest og rytter behersker både sprangridning med hopp over hinder og Westernridning.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria venter på tur til å prøve seg på tønne racing.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria var først til å prøve seg på tønne racing.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria og "Jamie" i god fart rundt tønnen/oljefatet.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria og "Jamie".

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria i gang med tønne racing.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria i gang med tønne racing.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria med raskest tid på tønne racing.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria med raskest tid på tønne racing. 

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Andreas prøvde seg også på tønne racing.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria med 2. forsøk i tønne racing.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria med 2. forsøk i tønne racing.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria i full fart mot mål. Her gjekk det så fort at ho mista hatten.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria i full fart mot mål. Her gjekk det så fort at ho mista hatten.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. 6 ekvipasjer på banen, Maria, Renathe, Henriette, Viktoria delvis skjult bak Lisbeth og Amdreas.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Lisbeth.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Maria.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. 

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria.

Western Riding under Dyregod-dagane på Batfjordsøra, 04.09.2022. Viktoria.