Oppdaga i formiddag at det "gamle" hurtigruteskipet låg til kai i Molde. M/S "Nordstjernen" kom til Molde i går 19.09.2022 og hadde fått tildelt kaiplass inne i Kjølelagerhuken. Kan ikkje huske å ha sett eller høyrt om at det har vore hurtigruteskip der før. Ser ut til at skipet er ferdig med årets turistsesong. Kan det vere at ho skal ligge i opplag i Molde ?
M/S "Nordstjernen" vart bygd i 1956 ved Blohm & Voss A.G. i Hamburg. Skipet er 80.8 m langt og veg 2194 grt. Det har gått i hurtigrutefart for BDS, TFDS og Hurtigruten. Skipet vart freda av Riksantikvaren i 2012. Noverande eier er MS Nordstjernen AS (RS Platou Project Finans A/S) Bergen. Her er nokre av dagens bilder. Det var overskya med skodde om formiddagen, men sola braut gjennom og det vart ein fin dag. Klikk på bildene for å sjå større bilder. Det er totalt 8 bilder.
|
M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. |
|
M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. Trangt om plassen. |
|
M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. |
|
M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. Aktre del av skipet er pakka inn. |
|
M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. |
|
M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. |
|
M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. |
|
M/S "Nordstjernen" til kai i Kjølelagerhuken i Molde, 20.09.2022. Fotografert frå ferga Molde - Vestnes etter at sola kom fram. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar