søndag 12. juni 2011

Bilder frå Nesjestranda

Her kommer diverse bilder av likt og ulikt frå heimbygda mi Nesjestranda.


04-Jun-2011 :   Tur til Banhammaren.
Banhammaren er ein stor hammar ved sjøen på grensa mellom gardane Reitan og Teigan. Det er ein høg hammar med overheng som stuper rett i sjøen. Rett vest for hammaren har det i alle år vore fiska etter lyr sidan det er ganske djupt. Banhammaren har fått sitt namn på grunn av ein hendelse som skjedde på 1700-tallet. Ei tjenestepike skal ha drept sitt nyfødte barn her. I Veøyboka #1 står det om ein hendelse i 1756 der ei tjenestepike vart dømt til å halshoggast etter å ha født ein unge i skjul og tatt livet av ungen. Dette kan vere opphavet til namnet, men det kan naturlegvis ikkje bekreftast. Historia er også tatt med i boka "Stadnamn i Molde Kommune" av Kåre Magne Holsbøvåg. Enklaste vegen å finne Banhammaren er å ta den gamle sjøvegen på Reitan. Dette er ein gammal sjøveg som vart brukt til å frakte ved ned til eit vedahus (veahus) som låg rett nedfor Reitan. Det er fortsatt rester igjen av vedahuset og der er fleire fortøyningsfester av jarn. Veden vart køyrt ned med hest på ein skrøpeleg sjøveg og skipa ut med båt frå dette berget. Frå denne sjøvegen kan ein ta dyretråkk/sti vidare østover til Banhammaren. Her er nokre bilder.

Sjøvegen på Reitan

Mur på Sjøvegen på Reitan.
Banhammaren sett mot øst
Banhammaren sett mot vest
Banhammaren, skimter Hegneset lenger i vest
Banhammaren ved Langfjorden
Stake rett vest for Banhammaren
Liljekonvall ved Banhammaren
Maiblomst ved Banhammaren


mandag 6. juni 2011

Stuttreist på Nesjestranda

Har blitt inspirert av dei spreke jentene på Facebook til å lage eit eget innlegg her på bloggen med fine stuttreiste turer. Dette er turer som eg har gått litt utanfor allfarveg og også for å oppsøke kulturminner og andre kjente og ukjente plasser i bygda. Starter med ein hard tur i Horja som inkluderte besøk av 2 kulturminner av "hedensk" opphav, eit godt kjent og eit mindre kjent turmål. Dette var "Finnen" og "Alteret" som begge er å finne øst på Horja.

02.06.11 : Tur til Finnen, Horja og Alteret.

Turen er lagt inn på kart på denne linken : http://kart.gulesider.no/m/ad8AZ .
Starta turen ved Skålsetervegen. Fulgte skogsvegen som går nordover på vestsiden av Skålvatna. Nesten i nordenden av det tredje Skålvatnet deler denne skogsvegen seg og ein avstikker går på skrå opp i lia under Dyrstadnebba. Fulgte vegen til den svinga sørover igjen, gjekk eit stykke i skogen og så opp ein bratt bakke. Kom dermed rett opp til det første målet for turen, Finnen. Finnen er ein stor stein som står eit stykke oppe i lia på nordøstsida av Horja.

Finnen

Finnen sett frå øst.
Gjekk frå Finnen og nedover mot Lomtjønna og der stod eit flott skilt merka "Finnen ca 300m,  Offerstein !".
Skilt til Finnen som står eit stykke øst for Lomtjønna.

Lomtjønna
Gjekk tilbake til Finnen og det såg ut til å stemme bra med avstand og retning frå skiltet. Fortsatte så oppover ryggen mot Dyrstadnebba og Horja. Her er det bratt og tung myr oppover til Dyrstadnebba. Det ser ut til å vere godt jaktterreng sidan eg passerte ikkje mindre enn 3 plattformer bygd oppe i tre i denne bratte lia. Her venter hjortejegarane på sitt bytte i seine haustkvelder. Dyrstadnebba er eit lite platå oppe i Horjalia på østsida av Horja. Den er best synleg frå Solemdalen. Flott utsikt ned mot Skålvatna og Skålsetra. Derifrå fortsatte eg bratt opp til Horja.
Utsikt frå Dyrstadnebba mot Andre Skålvatn og Skålsetra.
Fekk nokre regndråper på toppen av Horja og fortsatte rett sørover med retning Bergssetra. Her kan det vere litt vanskeleg å finne vegen ned. Det er bratt og ein stor granskog gjer det ikkje lettare. Fann ein liten bekk som eg fulgte ned til skogsvegen som går på nordsida av Bergssetra. Derifrå gjekk eg rett nedover til eg kom inn på skogsvegen som går opp frå Skålsetervegen. Kunne her med fordel ha gått østover og fulgt skogsvegen heile vegen ned.
Gjekk tilbake til startpunktet, men ville også ha med ein tur til Alteret. Starta derfor på nytt langs skogsveg og seinare sti opp til Alteret. Stien til Alteret er no ganske gjengrodd og ikkje heilt enkel å følge. Det finnes likevel fleire merker oppover langs stien, ein må berre følge godt med.


Skilt til Alteret ved Skålsetervegen.

Skilt til Alteret, her tar ein av frå skogsvegen.

Alteret
Alteret
Turen vart på ca 6.3  km.