søndag 12. juni 2011

Bilder frå Nesjestranda

Her kommer diverse bilder av likt og ulikt frå heimbygda mi Nesjestranda.


04-Jun-2011 :   Tur til Banhammaren.
Banhammaren er ein stor hammar ved sjøen på grensa mellom gardane Reitan og Teigan. Det er ein høg hammar med overheng som stuper rett i sjøen. Rett vest for hammaren har det i alle år vore fiska etter lyr sidan det er ganske djupt. Banhammaren har fått sitt namn på grunn av ein hendelse som skjedde på 1700-tallet. Ei tjenestepike skal ha drept sitt nyfødte barn her. I Veøyboka #1 står det om ein hendelse i 1756 der ei tjenestepike vart dømt til å halshoggast etter å ha født ein unge i skjul og tatt livet av ungen. Dette kan vere opphavet til namnet, men det kan naturlegvis ikkje bekreftast. Historia er også tatt med i boka "Stadnamn i Molde Kommune" av Kåre Magne Holsbøvåg. Enklaste vegen å finne Banhammaren er å ta den gamle sjøvegen på Reitan. Dette er ein gammal sjøveg som vart brukt til å frakte ved ned til eit vedahus (veahus) som låg rett nedfor Reitan. Det er fortsatt rester igjen av vedahuset og der er fleire fortøyningsfester av jarn. Veden vart køyrt ned med hest på ein skrøpeleg sjøveg og skipa ut med båt frå dette berget. Frå denne sjøvegen kan ein ta dyretråkk/sti vidare østover til Banhammaren. Her er nokre bilder.

Sjøvegen på Reitan

Mur på Sjøvegen på Reitan.
Banhammaren sett mot øst
Banhammaren sett mot vest
Banhammaren, skimter Hegneset lenger i vest
Banhammaren ved Langfjorden
Stake rett vest for Banhammaren
Liljekonvall ved Banhammaren
Maiblomst ved Banhammaren


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar