mandag 11. juli 2011

Tur til Trollveggen Besøkssenter og Kylling bru, Verma

10-Jul-2011 :
Tok oss ein tur til Romsdalen på søndag 10-Jul-2011. Ville sjå korleis det har blitt på nye Trollveggen Besøkssenter. Dette nye senteret med stor souvenirkiosk, kafeteria og filmsal vart offisielt åpna den 11-Juni i år. Det har blitt eit flott byggverk med svært karakteristisk arkitektur. Det er også laga ei stor utetribune der folk kan sitte og sjå på den mektige Trollveggen. Kanskje er det fjellklatrere i sikte ....  Vi prøvde også maten i kafeteriaen. Kafeteriaen er i eit stort lyst lokale med uteplasser. Maten var god og serveringa gjekk raskt. Kan absolutt anbefale eit stopp her for dei som har tid til det.
Trollveggen er Nord-Europas høgaste loddrette fjellvegg med loddrett fall på over 1000 m. Store Trolltind er på 1788 moh og besøkssenteret på 54 moh, så høgdeforskjellen her er på heile 1734 m !
Sjekk linken : http://www.visit-trollveggen.com/

Trollveggen og Trolltindane 10.07.11. Litt skodde på dei øverste tindane.

Trollveggen Besøkssenter 10.07.11.
Trollveggen Besøkssenter.

Trollveggen Besøkssenter med uteservering og tribune.

Ida og Martin øverst på utetribunen.
Trollveggen Besøkssenter.

Toget i turistruta Åndalsnes - Bjorli stoppa rett framfor besøkssenteret.
 Like ved Trollveggen Besøkssenter står gamle Romsdalshorn jernbanestasjon. Den vart flytta hit for ein del år sidan og er no restaurert. No er den i bruk som utsalgsplass for lokale kunsthåndverkere. Stasjonen har fått nytt navn : "Trollveggen".

Gamle Romsdalshorn jernbanestasjon.



Vi køyrde vidare opp til Verma. Ville ta ein tur ned til fotopunktet for Kylling bru. Det er merka sti frå vegen ved Verma Nærbutikk. Stien går ned til ein utkikksplass der det er eit stup rett ned i elva. Plassen er sikra med solid gjerde. Flott utsikt opp til Kylling bru. Her er det også ei Info-tavle med informasjon og bilder frå bygginga av brua. Brua vart bygd over 9 år frå 1913 til 1921 og har ei lengde på 76 m der hovedhvelvet er 42 m. Det er 59 m ned til elva Rauma. Dette er utan tvil Norges flottaste jernbanebru og ein viktig del av Raumabanen som gjer at dette er ei av dei flottaste jernbanestrekningane i landet.
No er det berre å ønske seg oppslag om tidene for passering av tog. Det kom i alle fall ingen tog den stunda vi var der nede. Det hadde vore kjekt med eit bilde av Kylling bru med passerende damptog !
Kylling bru, Verma.
Kylling bru.

Info-tavle ved utkikkspunktet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar