søndag 31. august 2014

Horsgård - August 2014

Køyrde ein tur til Horsgård på Nesjestranda. Tok gamlevegen frå Litlegjerdet, forbi Stranda og ned til Horsgård Sag og Tønnefabrikk som ligg svært idyllisk til heilt nede ved Langfjorden. Gamlevegen har nylig fått eget navn "Horsgårdvegen". Her er eit av dei eldste private kraftverka i Molde Kommune i fortsatt drift. All drift på saga er over og det er ingen produksjon av fiskekasser, tønner eller sviller lenger. Her har det alltid vore egen kai for utskiping av trevarer. Denne kaia er no møysommeleg oppbygd etter å ha fått hard medfart under orkanen "Dagmar".  Har mange gode minner frå barndommen på den gamle kaia. Her var det alltid lys på kaia og dette lyset tiltrakk seg reker som igjen tiltrakk seg sei. Var mange gonger på kaia og fiska sei med bambusstang med 2 - 3 gummimakker på snøret.
Tønnefabrikken er nymalt og fin. Her er det planer om å ivareta fabrikken som eit museum.
Martin Horsgård (1895 - 1992 ) bygde dagens sag og tønnefabrikk i 1916. I 1918 kom det strøm til sag og fabrikk frå eige kraftverk. I 1945 vart det skifta til vekselstrømsdynamo som ga strøm også opp til gardane i Ytre Horsgård og Stranda. På det meste hadde Martin 12 mann i arbeid og i storsildåra på 1950 og 1960-talet leverte han 15000 tønner årleg.
Mor til Martin Horsgård kom frå Reitan slik at det er nært slektskap mellom desse gardane.
 
Ellers ligg det lille småbruket Plassen (Nerbø gnr 129/3) like øst for Tønnefabrikken. Her er det velstelt og pent. Dagens eier bruker Plassen som sommarsted.
 
Måtte berre ta fram kameraet denne fine dagen med sol og blikkstille på fjorden. Her er bildene :

Horsgård-kaia er bygd opp igjen etter orkanskade. Fortsatt med eget lys. 31.08.14.


Horsgård-kaia med utsikt mot Mittet på andre sida av Langfjorden. 31.08.14.

Naust og Tønnefabrikk, Horsgård 31.08.14.

Den gamle tønnefabrikken til Horsgård Sag og Tønnefabrikk. 31.08.14.

Naust ved Skineset, Horsgård 31.08.14.

Utsikt frå Skineset mot Horsgård-kaia og vidare ut Langfjorden. 31.08.14.

Horsgård Sag og Tønnefabrikk sett frå øst. 31.08.14.

Våningshuset på Plassen (Nerbø), Horsgård. 31.08.14.


lørdag 9. august 2014

Glittersjå Fjellgård 2014

På anbefaling la vi heimturen frå Lom om Glittersjå Fjellgård i Murudalen i Heidal. På denne fjellgården på 760 moh hadde Hege Thorson Nordskar og Helge Nordskar skapt ein fantastisk flott besøksgård ved foten av Jotunheimen. Dei kjøpte fjellgården Brenna i 2007 og har i løpet av desse åra bygd opp eit utruleg flott anlegg i fjellet. Gården fekk snart navnet Glittersjå ettersom ein herifrå har den kanskje flottaste utsikta mot Glittertind (2464 moh).
Her er eit mangfold av utvalgte dyr av gamle norske raser samt nokre frå utlandet. Her er det også eit stor antall ender, gjess, kalkuner og høner. Hege og Helge har åpent på 6 av 7 dager i veka i august og fram til 4/9 (stengt på mandager).
Dei har også bygd ein flott gårdskafeteria der det vart servert god mat og drikke. Vi prøvde vafler laga med egg av gjess og dei smakte fortreffeleg.
Kvar dag kl 14 er det omvisning og foring av dyr som alle besøkende kan vere med på. Det var svært kjekt for alle ungene å vere med på mating av hare, hester, fugler, høylandsfe og villsvin. Denne dagen var det Helge som hadde omvisning og vi fekk mykje god informasjon om dyrene og mange gode historier om livet på fjellgården.
Hege og Helge var med på å bygge opp fjellgården Langedrag Naturpark og Leirskole frå starten av i 1978. Av hesteraser satser dei her på avl av den flotte hesterasen frå Andalusia i Spania. I tillegg har dei Shetlandsponnier til å trekke hestevogner og til ponniridning for barna.
Helge hadde også ein stor drøm om å få til ein flokk med tamme harer og muligens ryper. Det var 7 harer på gården, men dei var fortsatt ville, så ein del arbeid gjenstår. Ryper trudde han det kunne bli verre å skaffe. Det er vel ingen som driv med oppdrett av ryper i Norge, men kanskje i Skottland ?

Det vart ein god del bilder og det var svært kjekt å komme så nær innpå alle dyrene. Håper bildene faller i smak. Vil i allefall anbefale alle til å besøke den flotte Glittersjå Fjellgård i Murudalen.

Her er nokre linker til Glittersjå Fjellgård :
http://www.glittersja.no/?cat=1 .
http://idareitan.blogg.no/1407836928_glittersj_fjellgrd.html

Glittersjå Fjellgård 09.08.14

Glittersjå Fjellgård, låven, 09.08.14

Glittersjå Fjellgård 09.08.14

Kalkuner, Glittersjå Fjellgård 09.08.14.
 
Gjess av type Smålensgås (frå Smaalenene (Østfold)), Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Shetlandshesten Gunda med sitt 9 dager gamle føll Gorm. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Ida med Gunda og Gorm,  Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Ida med Gunda og Gorm, Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Skotsk høylandsfe. Kua heiter Frida, kalven hadde ikkje fått navn endå. Foran er oksekalven som er litt over året gammel.   Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Vertskapet Hege og Helge ved ponniridinga,   Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Silje hadde nok lyst til å prøve ponniriding, men vi måtte til slutt gi opp sidan ho vart redd.


Hege Nordskar med shetlandsponnien "Chiko",   Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Våningshuset på Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Gammel slipestein, Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Flott inngangsparti. Dette er i det restaurerte bryggerhuset som no er i bruk som gårdskafeteria.  Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Dette er også detalj av fasaden til gårdskafeteriaen. Hovedinngangen er til høgre.  
Glittersjå Fjellgård 09.08.14.
Inngangen til våningshuset med hunden Zanka som er ein tysk kvit gjeterhund (kvit schäferhund). Denne kvite varianten av schäferhund er registrert som egen rase. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.
 
Lita jente og liten hest. Silje, 2 1/2 år hilser på ein av Shetlandsponniane. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.
Her er bilder frå rundturen på gården med foring og mating.

Helge Nordskar forteller om gårdens harer. Dette er den eine av 2 hareunger.  
Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Vill hare på Glittersjå Fjellgård 09.08.14. Det var totalt 7 ville harer, 5 voksne og 2 unger. Harepus er som kjent ikkje så lett å temme som sin slektning kaninen.

Gjessene trekte seg ned i gårdsdammen under matinga. Dette er Smålensgjess i lag med eit par vanlige kvite gjess.   Glittersjå Fjellgård 09.08.14.


Svensk gul and ( Svensk : Svensk gul anka ),   Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Dette er 2 morsomme ender som er av arten Indisk Løpeand.   Glittersjå Fjellgård 09.08.14.
Helge Nordskar presenterer den Andalusiske hingsten Fary, Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Ida med den Andalusiske hingsten Fary, Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Helge og Ida med hingsten Fary, Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Fary i manesjen, Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Dette er flokken med andalusiske hester på Glittersjå Fjellgård 09.08.14. Dei gråfarga er hoppene Carmen og Isabell og dei brune er deres føll som no er ettåringer.

Dette er ein av dei mange kaninene som hadde rømt frå innhegninga si. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Høylandsfeet fekk brød under foringa og det såg ut til å smake med litt fiberkost.
Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Så er vi komne fram til villsvina og mating av dei. Dette er villsvinrånen Willibald.
Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Villsvinet Willibald hadde lært seg spisemanerer. Her får den vassarve av Helge. Legg merke til dei kvasse hoggtennene i kjeften på villsvinet. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Helge mater villsvinet Willibald. Denne rånen veide ca 320 kg. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Her er villsvinpurka Rosmarin med nokre av sine 13 villsvinunger. Ungane som var med på turen fekk mate villsvina med vassarve.  Glittersjå Fjellgård 09.08.14. 

Vi fekk nærkontakt med kalven til den skotske høylandskua Frida. Kalven var langhåra og svært mjuk å klappe. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Her er oksekalven Ferdinand. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Oksekalven Ferdinand var ein langhåra kar som nok blir ein del større som fullvaksen.
Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Ida og Martin hilser på kalven av Skotsk Høylandsfe. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Dette er utsikta som har gitt navn til Glittersjå Fjellgård. Fjellet er Glittertind, 2464 moh. I følge folket på Glittersjå har aldri breen på Glittertind vore så liten som i år.

Dette er utsikta litt nærmare Glittersjå Fjellgård med Meringsdalsvatnet 634 moh og fjellet Sjolikampen 1370 moh.  Vi ser Glittertind lengst bak i det fjerne.

Ved siden av Kafeteriaen har dei sett opp eit nytt flott bygg på Glittersjå. 09.08.14.

Egg frå gås, and og høne i kafeteriaen. Her blir det laga vaffelrøre av gåsegg.
Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

I kafeteriaen fekk vi nysteikte vafler av vaffelrøre laga av blant anna gåsegg. Dei var veldig gode.

Nokre av geitene på Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Geitebukk med flotte horn og langt svart skjegg. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.
Ida fekk selskap av denne geitekillingen, Glittersjå Fjellgård 09.08.14.


Det var mange frittgående høner og haner på Glittersjå. Dette er vel brune italienere.



Flott hane, Brun italiener. Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Silje hadde det moro med å prøve å klappe hønene. Det var ikkje lett.

Indisk Løpeand, tamandrase som løper i motsetning til andre ender som vagger.
Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Svensk gul and (tamandrase frå Sverige), Glittersjå Fjellgård 09.08.14.

Eit siste blikk tilbake til Glittersjå. Tusen takk for ein flott dag. Vi kommer gjerne tilbake hit.