søndag 3. august 2014

Tur til Horgagrova og Storsaga "Storhelvetet"

Dagens tur gjekk til Horgagrova og ruinane etter den gamle saga "Storhelvetet". Dette var for meg ukjent inntil Toril Hovdenak viste bilder derifrå på Facebook-sida "Stuttreist på Skåla og Bolsøya". Har sett navnet Storhelvetet på kartet i boka "Stadnamn i Molde Kommune", men visste ikkje at det fortsatt fantes ruinar der inne. Utan å vite nøyaktig staden, sykla eg innover skogsvegen frå Hovdenakken. Sykla på "bilvegen" og stoppa ved brua over Horgagrova. Gjekk så nedover langs elva til eg fann ruinane.  I dag var det liten vassføring i elva. Det var interessant å tenke at det for nesten 140 år sidan var nok vassføring i Horgagrova til å satse på bygging av ei slik stor sag. Kanskje var det meir nedbør før ? Mest sannsynleg var dette ei sag som vart brukt vår og haust når det var størst vassføring i elva. Tømmeret som vart saga vart lagra til det var vinter og snøføre slik at dei kunne frakte tømmeret fram med hest og slede.
Nedenfor er informasjon som står om Storsaga i Bygdebok for Vågane ( under garden Hovdenak, gnr 16). Noko informasjon er også henta i boka "Stadnamn i Molde Kommune" av Kåre Magne Holsbøvåg.

Ole Ora Hovdenak (1824-1895) som var frå Ora ved Eidsbygda vart gift i 1853 med Marit Nilsdatter Hovdenak (1831-1921). Han tok over Hovdenak-garden i 1860 etter svigerforeldra og tok namnet Hovdenak. I 1870-åra bygde han storsaga i Horgagrova. Det var ei stor sag på 8 x 24 m med overfallsvasshjul på nesten 6 m i diameter. Eine sida av saga hadde oppgangssag og andre sida sirkelsag. Saga fekk tilnamnet "Storhelvetet" av arbeidsfolka på grunn av tungt og vanskeleg arbeid. Trelasta som var skore på saga vart blant anna brukt til å bygge ny løe med køyrebru på Hovdenak-garden. Ole O Hovdenak dreiv også med båtbygging på Saltbuneset, seinare kalla Sponneset. Det er neset der småbåthavna i Hovdenakkvågen ligg i dag. Mykje av trelasta vart brukt til båtbygging ved slippen der. Saga vart riven før 1900.
I 1885 kjøpte sønnen Ole Olsen Hovdenak (1857-1948) tomt ved Osen på Røa og det vart rundt 1890 bygd ny sag med vassdrift ved Osen på elva Røa (Gjeitneselva). I 1888 bygsla han grunn frå Gjeitnes og det vart grove ein kanal som førte vatn frå elva lenger inne i myrane og ned til saga. Der det heiter Rennborda ( eit stykke oppover elva frå dagens RV64 bru ) vart vatnet ført over elva i ei renne. I 1903 vart denne saga flytta over til sørsida av Hegrevika ( ved Raneset ) omtrent der dagens sag står. Drivkrafta til denne saga kom fortsatt frå vasshjulet som var satt opp i Osen av Røa. I den sammenheng kan det nevnes at det i 1903 kom elektrisk lys til Gul-låna og Stolfabrikken i Hovdenakkvågen frå ein dynamo som vart dreven av drivkraft frå vasshjulet. Dette var dei første husa som fekk elektrisk lys i Bolsøy Kommune.

I dag står fortsatt novsteinene til Storsaga og steinkara til vasshjulet ved Horgagrova. Det er også spor av ei tredemning i elva litt oppfor saga. Kan tenke meg at saga ligna på den restaurerte vasshjulsaga på Solemdalen.
Her er ein del av bildene. Det var gjenvokst her som mange andre plasser og vanskeleg å få gode oversiktsbilder.


6 novsteiner eller novmurer etter storsaga i Horgagrova. 03.08.14. Storsaga var bygd oppe på desse steinmurane.

Steinkara til vasshjulet til Storsaga.  03.08.14.

Dette er den eine av 6 "novsteiner". Det er tydeleg å sjå at saga var bygd høgt i terrenget. 03.08.14.

Vasshjulet med diameter på nesten 6 meter stod mellom desse steinkara. På toppen av steinkara ligg det steiner med uthogd plass for akselen til vasshjulet.

Ruinane til Storsaga ligg på østsida av Horgagrova. 03.08.14.

Steinkara til vasshjulet sett frå sørsida. 03.08.14.

Dette er det eine steinkaret. Steinen på toppen var feste for akselen til vasshjulet.

Her er akselfestet til vasshjulet på det østre steinkaret.

Akselfestet på det vestre steinkaret var i svært god stand, ser nesten ut som det er dreid ut.

Dette bildet er tatt mellom dei to steinkara der vasshjulet gjekk. Vatnet traff først vasshjulet og fortsatte i ein bekk vidare ned i Horgagrova nedfor saga.

Her står eg foran det vestre steinkaret til vasshjulet til Storsaga.

Slik ser Horgagrova ut frå sagruinane og oppover i dag. Lite vassføring i grova no.

Oppover i Horgagrova var det mange kulper som sikkert fungerte på ein måte som regulerte vassføringa til vasshjulet. 03.08.14.

Eit stykke oppfor saga er det fortsatt rester av ei tredemning. Dette er trevirke som har overlevd meir enn kanskje 110 år i elva.

Tredemninga sett frå ein annan vinkel. Horgagrova 03.08.14.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar