Viser innlegg med etiketten Bolsøya. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bolsøya. Vis alle innlegg

søndag 12. september 2021

Superyacht "Mercury" ved Bolsøya 12.09.2021

Den 50 meter lange superyachten "Mercury" og følgebåten "Ocean Princess" har lagt seg til i Fannefjorden i dag. Dei ligg utanfor indre Bolsøya og du ser dei best frå Bolsøybrua.
Desse båtane har tidlegare i sommer vore omskrevne i fleire lokalaviser i Møre og Romsdal, deriblant Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke. Båtane har hatt tilhold i Ålesund, men har også vore på besøk i Storfjorden på Sunnmøre og i Romsdalsfjorden ved Åndalsnes. 
Båtane er knytta til innspilling av den kjente amerikanske reality-TV-serien «Below Deck», som debuterte på Bravo TV i 2013. "Below Deck" er i følge TV2 Play "En amerikansk realityserie der vi følger den glamorøse og til tider krevende hverdagen til en gjeng unge mennesker som bor og jobber på en gigantisk yacht"  I følge kilder på internett kan det være innspilling til spin-off serien "Below Deck Adventures" som blir filma i Norge og i Australia. 
"Mercury" er på 613 grt og er 50 m lang, den er registrert i George Town på Cayman Islands.
"Ocean Princess" er ein Princess 22 m fritidsbåt med plass til 12 passasjerer. Den er norsk og registrert i Tønsberg. 


M/Y "Mercury" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå moloen i Bolsøybukta.

M/Y "Mercury" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå rasteplassen på Bolsøya.

"Ocean Princess" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå moloen i Bolsøybukta.

"Ocean Princess" utanfor indre Bolsøya, 12.09.2021. Bildet er tatt frå rasteplassen på Bolsøya.


mandag 5. januar 2015

Hurtigbåtrute Bolsøya - Molde

Den 5. januar 2015 vart det starta opp hurtigbåtrute mellom Bolsøya og Molde. Første avgangen gjekk kl 18:15 i regnvær. Det er korrespondanse med buss frå / til Sølsnes på alle avganger. Dette tilbudet skal vare ut året eller så lenge som nødvendig i forbindelse med renovering av Fannefjord-tunnelen. Tunnelen skal vere stengt mellom kl 18 og 06 alle dager unntatt natt til søndag.
Båtruta starter opp frå Bolsøya kl 18:15 og siste retur frå Molde er kl 2300 med ankomst Sølsnes med buss kl 23:30.
Vil her samle informasjon og presentere bilder tatt i forbindelse med hurtigbåtruta.

05-JAN-2015 :

"Westcruise" ved hurtigbåtkaia på Bolsøya 05.01.15.

"Westcruise" ved hurtigbåtkaia på Bolsøya 05.01.15. Båten er blitt blåfarga sidan eg tok bilde av den i Stavanger i juni 2006.

Den første bussen frå Veøy Buss som køyrde passasjerer til hurtigbåtkaia på Bolsøya 05.01.14.
Reg nr UR 90044.

"Westcruise" har lagt ut på sin første ordinære tur frå Bolsøya til Molde i regnværet mandag kveld 05.01.15 kl 18:15. Blitzen skaper inntrykk av snø, men det er regn som vises på bildet. Måtte bruke blitz for å få til bilde i bekmørket på Bolsøya.



Ruteplan for Molde - Bolsøya frå FRAM.



Rederiet RS Maritme AS, Ålesund er tildelt kontrakta, og det er hurtigbåten M/S "Westcruise" som skal trafikkere ruta Molde-Bolsøya frå 5. januar 2015. "Westcruise" vart kjøpt av Ålesundsrederiet frå Bergen i 2013. Dette er samme rederiet som har køyrt båtrute til Grip dei siste åra.


MS "Westcruise" i Stavanger 20.06.06. Det er denne hurtigbåten som skal trafikkere Molde - Bolsøya frå 5-Jan-2015.

 

17-DES-2014 :

Slik blir passasjerbåtkaia på Bolsøya. Det er ein lekter med gangbro til land og sannsynlegvis venterom og toalett. Det er også opparbeidd stor parkeringsplass på marka før bakken ned til gamle Bolsøya fergekai der pendlarar og andre kan parkere sin privatbil. Det blir ca 400 m å gå ned til båten. Bussen skal køyre heilt ned til båten.


Passasjerbåtkaia ved den gamle fergekaia på Bolsøya, 17.12.14.

torsdag 9. januar 1992

Berging av lastebåten "Beton" etter Nyttårsorkanen 1992

Nyttårsorkanen, natt til 1. nyttårsdag 1992 gjorde stor skade over heile fylket. Mange båter bles på land eller holdt på å havarere. I Molde gjekk det med mange lystbåter i småbåthavna på Tøndergård, men også den store fiskebåten "Inger Hildur" sleit seg og havna i moloen på Tøndergård.
Lastebåten "Beton" frå Molde sleit seg ved kai i Molde og enda opp i fjæresteinane på inste Vardholmen på Bolsøya. "Beton" vart liggande på land til den 9. januar. Denne dagen hadde eg vore ein tur i Molde og var på veg heim igjen om ettermiddagen. Fekk då sjå at det hadde komme ein slepebåt som låg på fjorden utanfor Bolsøya. Stoppa og gjekk ned til Vardholmen der "Beton" fortsatt stod fast i fjæresteinane. Det var tydeleg at det var båtberging på gang.
Det var slepebåten "Mega Mammut" frå Ødegaard Berging i Ålesund som hadde komme for å berge "Beton". Eg vart verande på staden for å sjå på bergingsoppdraget.
Karane frå slepebåten fekk etter ei stund festa slepewire i "Beton". Så vart wiren stramma opp, slepebåten ga gass og slepa eller rykkte "Beton" av grunnen etter framenden.  Det gjekk svært fort og "Beton var tilbake på sjøen utan synbar skade.
Det var kun eg og ein fotograf frå TV-Romsdal som var på Bolsøya og fekk sjå og dokumentert dette bergingsoppdraget.  Etter så mange år er det derfor på tide å vise bildene mine i eit blogg-innlegg. Kan vel kalle det eksklusive bilder.    NB : Klikk på bildene for å sjå større bilder.


Info og historikk "BETON" :

Bygd som "JAN KLÜVER" hos Martin Jansen, Leer, Vest Tyskland i 1962,  Byggenr 50. 42.73 m, 286 brt.   LHKG,
1962-1972 : "JAN KLÜVER", ukjent rederi, Vest Tyskland.
1972-1993 : "BETON", Molde,  Eier : Otto Barsten, Molde, (06.10.72),
1993 : Ut av skipsregisteret som kondemnert, (05.07.93).

Info og historikk "MEGA MAMMUT" :

Bygd som "STERKODDER" i 1957 ved Ankerløkken Verft i Florø, 38.5 m, 264 brt,  JWPZ,  IMO 5340821,
1957-1980 : "STERKODDER", Norsk Bjergingskompani, Bergen,
1980-2003 : "MEGA MAMMUT", Ødegaard Berging AS, Ålesund,  (21.01.80),
2003 :  Solgt til Dominica,  (22.10.03).

"BETON" ligg i fjæresteinane på inste Vardholmen, Bolsøya 09.01.1992.

"BETON" klar til å bli slepa ut på flo sjø, inste Vardholmen, Bolsøya 09.01.1992.

Slepebåten "MEGA MAMMUT" frå Ålesund klar til å berge "BETON ved Bolsøya 09.01.1992.

Mannskap frå "Mega Mammut" drar over til "Beton for å ordne med slepewire.

"MEGA MAMMUT" har bakka inn på bukta og fått fast slepewire.

"MEGA MAMMUT" har fått sleper ombord i "BETON"

Slepewiren er strekt opp og det er klart til å trekke "BETON" av grunnen.

"BETON" legg seg over på sida i det slepebåten gir gass og drar med full kraft. "BETON har vel aldri akselerert så fort nokon gong.

"BETON" er trekt av grunnen og blir etter kvart slepa vidare til Molde. Bolsøya 09.01.1992.

BONUSBILDE :   Berginga av fiskebåten "Inger Hildur" på Tøndergård. Her var det slepebåten "MAX MAMMUT" frå Ødegaard Berging i Ålesund som gjorde jobben. Tok dette bildet 02.01.1992.

"INGER HILDUR", M-100-F slepes vekk frå Tøndergård av slepebåten "MAX MAMMUT", 02.01.1992.