lørdag 28. mars 2020

Grågås og Canadagås på Nesjestranda

Køyrde ein tur til Nesje i kveld og såg at i dag hadde det komme store flokker med grågås til bygda vår. Mange var på markene i Flovika, men mesteparten var på markene på Sør Nesje. I Flovika var det også 8-10 Canadagjess som gjekk i lag med grågåsa.  Gjessene har i år vore uheldig med været. I går hadde vi barmark og fint vårleg vær, men i dag kom det nordavind med kaldare luft og snøbyger. Markane var snødekte, så det var verre for fuglane å finne føde. Regner med at gjessene ikkje frys på beina i snøen, så dei klarer seg nok bra. Uansett er dette eit godt vårtegn på våre kanter. Om eit par dager er det meldt mildare vær med regn igjen.


Grågås i snø, Flovik, Nesjestranda 28.03.2020. 
Denne Canadagåsa hadde lagt seg ned i snøen, Flovik, Nesjestranda, 28.03.2020.
Eit par Canadagjess går vekk frå fotografen, Flovik, Nesjestranda, 28.03.2020.
Ein flokk med Grågås på Nesje, Nesjestranda 28.03.2020.

Mange grågjess som leita etter mat under snøen på Nesje, 28.03.2020.


tirsdag 10. mars 2020

Bilder av hjort på Nesjestranda

Då er årets første hjortebilder festa på minnebrikka. Køyrde ein tur innover til Nordstranda på Nesjestranda. Det var hjort på markene fleire stader. Kom på skuddhold med kamera og telelinse på Nør Årset, Nør Gribbestad og Ytter Gribbestad. Ellers var det også hjort på marka på Malo.
Snøen har nyleg smelta på markene så det er mulig for hjortedyra å finne seg føde på markene igjen.
Anbefaler bilister å køyre forsiktig på strekninga Malo - Horsgård. Stor hjortefare langs vegen på denne strekninga no.

5 hjorter på marka på Nør Årset, 10.03.2020.

Hjort på marka på Nør Årset, 10.03.2020.

Hjort på marka på Nør Årset, 10.03.2020.

Hjort på marka på Nør Årset, 10.03.2020. Dette er vel ein fjorskalv.

Hjort på marka på Nør Årset, 10.03.2020. Dette er vel ein fjorskalv.

Hjort på marka på Nør Årset, 10.03.2020. Dette er vel ein fjorskalv.

Hjort på marka på Nør Årset, 10.03.2020.
Hjort på marka på Nør Gribbestad, 10.03.2020. 

Hjort på marka på Nør Gribbestad, 10.03.2020. 

Hjort på marka på Ytter Gribbestad, 10.03.2020. 

Hjort på marka på Ytter Gribbestad, 10.03.2020.

6 hjorter på marka på Nør Årset, 10.03.2020.

Hjort på marka på Nør Årset, 10.03.2020.

søndag 8. mars 2020

Forskningsfartøyet "G.O. SARS" på Langfjorden i Romsdal.

Forskningsfartøyet "G.O.Sars" har i løpet av det siste døgnet vore på testing av utstyr i Langfjorden i Romsdal. Skipet gjekk frå Ålesund og ankom Langfjorden kl 16:20 på lørdag kveld 07.03.2020. Skipet har no gjort mange turer inn og ut av fjorden.

Oppdatering 11.03.2020 :
Har fått informasjon frå toktkoordinator E.H. Hallfredson i Havforskningsinstituttet som har kommentert innlegget mitt etter at eg delte det med Fb-gruppa "Gamle og nye norske fiskebåter". Han kan fortelle at dei har hatt litt problem med konfigurasjon på trålen som måtte sjekkes. Båten dro derfor inn i Langfjorden for å gjere dette på grunn av dårleg vær utaskjærs. Dei har gjort ein del tauinger av trål med åpen sekk og samla data frå trålsensorene. Dette er gjort for å kalibrere sensorene. Ingen fisk har blitt fanga. No har "G.O. Sars" gått ut på Eggakanten og skal jobbe seg vidare nordover langs kanten med avslutning i Bjørnøyrenna. Resultatene frå dette toktet skal primært brukes i bestandsberegninger av uer, vassild og blåkveite.

Bilde av "G.O.Sars" med kommentar om oppdraget kom også endeleg på baksida av  Romsdals Budstikke i dagens avis 11.03.2020.

"G.O. SARS" vart bygd i 2003 ved Flekkefjord Slipp og Maskinfabrikk AS for Havforskningsinstituttet på Nordnes i Bergen. Skipet er 77.5 m langt og har ein tonnasje på 4067 grt.
IMO 9260316, kallesignal LMEL.
Tok meg ein tur innover til Reitan og Årset for å ta bilder av "G.O.SARS". Båten gjekk då med svært lav hastighet omtrent midtfjords mellom Nordstranda og Morkastranda. Bildene er tatt på langt hold med telelinse.



"G.O.SARS" på Langfjorden, 08.03.2020. Bildet er tatt frå Reitan mot indre Slemmen på sørsida av Langfjorden.

"G.O.SARS" på Langfjorden 08.03.2020. Bildet er tatt frå Ytter Årset mot indre Slemmen på sørsida av Langfjorden.

"G.O.SARS" på Langfjorden 08.03.2020.  Bildet er tatt frå Årsetbøen på Ytter Årset. Bebyggelse på Morkastranda i bakgrunnen.

"G.O.SARS" på Langfjorden 08.03.2020. Dette bildet er tatt frå Storebukta på Ytter Årset. Vi ser gardane på Mork øverst i bildet.

AIS sporet til "G.O.SARS" litt etter at mine bilder var tatt. Sporet viser at her blir det gjort ekstra undersøkelser.
AIS sporet til "G.O.SARS" i 23:00-tida om kvelden 08.03.2020. Fartøyet driv fortsatt med testing av trål og utstyr i fjorden.