tirsdag 22. januar 2013

Martin på glattisen i Stensåelva

22-JAN-2013

Januar måned har vore ein spesiell vintermåned dette året. Det har vore ein svært lang periode uten nedbør og med flott kaldt vinterver. På Borg har vi sett temperaturer ned mot -11 grader. På dagen har det stort sett vore sol og blå himmel og temperaturen har gått litt ned. Det har vore barfrost og mykje tele i marka. Kan vel håpe på mindre brunsnegler til sommeren.Isen har lagt seg på sjøen mange stader og alle elver er frosne. Fann ut at vi skulle ta ein liten tur og sjekke isen i Stensåelva. Starta nederst i osen på Valen og gjekk elva oppover til forbi brua på Nesjesvegen. Ikkje lange turen, men moro for oss to. Eg hadde brodder under joggeskoene, mens Martin gjekk uten. Han hadde kun eit par skistaver til hjelp. Det vart nokre seilaser ned igjen i det vi skulle forsere alle dei små fossefalla i elva. Avslutta turen ved den største fossen på nordsida av brua på Nesjevegen. Måtte hente Ida på Vågsetra. Her er nokre bilder frå glattisen i Stensåelva.
Martin på isen ved Valen, Stenså.
Martin på isen ved Valen, Stenså.


På veg opp Stensåelva. Her var det kun tillatt å gå på isen.
Pause ved brua på Nesjevegen.
Martin er no under brua på Nesjevegen.
Vi avslutta turen ved den største "isfossen" i Stensåelva på øversida av vegen.

lørdag 12. januar 2013

Tur til Mannfjellet og Vasshaugnebba - Lørdag 12-Jan-2013

Starta turen frå Vikdalen kl 11:08. Det var kaldt i dag, 8 kuldegrader nede i bygda. Gjekk Setervegen forbi Vikvatnet og Bergsviksetra. Tok av frå vegen på Løkan i retning Hegneshytta ved Årsetvatnet. Myrområdet på Løkan var no nesten sammenhengende is. Her kunne ein gå på skøyter. Passerte bru over grova frå Årsetvatnet til Skålvatna. Gjekk stien opp til Hegneshytta og vidare østover mot foten av Skåla sør for Stornøsa. Gjekk på fin sti oppover skogkledd li til eg kom opp på ryggen parallellt med ryggen frå Stornøsa. Dette er den normale vegen opp på Litle Skåla frå denne kanten. Stien har no blitt rydda for lyng og det har blitt mykje lettare å finne fram. Kom opp på Årsetheia og gjekk vidare østover i retning Mannfjellet. Gjekk opp i skaret mellom Litle Skåla og Mannfjellet og tok turen over toppane på Mannfjellet. Høgaste toppen er i kart oppgitt til å vere 697 moh. Fulgte ryggen av Mannfjellet vestover.  Her var det eit par bratte nedstigninger før eg var nede ved Vasshaugnebba. Vasshaugvatnet var islagt. Høgaste punkt på Vasshaugnebba er i kart oppgitt til 519 moh. Gjekk vidare på Vasshaugnebba til nebba stoppa i eit høgt stup. Her var det tid til matpause. Sola gjekk ned tidleg på ettermiddagen og måtte berre finne ein veg ned igjen. Det beste hadde vore å gå tilbake mot Litle Skåla og Årsetheia og ta samme veg ned igjen om Løkan. Eg bestemte meg for å gå ned til Reitan eller Årset så eg gjekk tilbake mot Vasshaugvatnet. Svinga der ned mot ryggen som går nedfor Vasshaugnebba. Her er det muleg å komme ned. Gjekk ned langs ryggen og endte opp nede i Sollia. Kom ned til hovedløpet av Årsetelva og fulgte den nedover. Det var glatt og isete på alle myrene, så måtte vere forsiktig. Kom ned på Kvamyra og gjekk rett østover til eg kom innpå skogsvegen frå Reitan. Fortsatte på skogsvegen ned til Reitan.  Kom ned til Reitan kl 16, så det vart ein lenger tur enn eg hadde planlagt. Får vel skulde på dåreg form og mykje is i terrenget. Det var forøvrig lite snø i fjellet, og der det låg snø var det lettgått på hard skare. Det er vel ikkje alle år det går an å gå ein slik tur til fots midtvinters den 12-Januar.
Undervegs på turen hadde eg sett storfugl, orrfugl, rype og hjort, men fekk ingen av dei på skuddhold med kameraet.
Her er ein link til turen i kart : http://kart.gulesider.no/m/nnpqH   Total distanse målt flatt på kartet er 11.98 km, men med store høgdevariasjoner er den tilbakelagte distanse ein god del lenger.

4-Mar-2013 : Korrigerte navn på tjønna på Vasshaugnebba. Den skal heite Vasshaugvatnet eller Vasshaugtjønna og ikkje Nøkktjønna. I henhold til andre lokalkjente og grunneigarar skal visstnok Nøkktjønna ha forsvunne eller gått over til å bli eit hjortebad. Den skal muligens vere på den lavare røra sør for Vasshaugnebba. Nøkktjønna er blant anna omtala i boka "Stadnamn i Molde Kommune" av Kåre Magne Holsbøvåg. Under beskrivelse av garden Reitan på side 244 står det at "Ei tjørn om lag 450 m.o.h. heiter Nøkktjørna". Kartutsnittet i boka bekrefter også dette, sjølv om navna til Gribbestadnakken, Langfjellet og Mannfjellet ser ut til å vere feilplassert på dette kartet. I Molde Kommune sitt grunnkart er kun Nøkktjønna påtegna på Vasshaugnebba. Trur vi må stole mest på grunneigarane angående navnet og kalle det for Vasshaugvatnet. Frå Gribbestad vart det for lenge sidan gjort forsøk på utsetting av ørret (kree) i Vasshaugvatnet, men dette mislyktest.

Dagens turmål sett frå Bergsviksetra. Vi ser Mannfjellet midt i bildet og Vasshaugnebba litt meir til høgre.
Over Løkan var det mykje is.
Mykje is over Løkan. Sola har endå ikkje nådd så langt ned.
Bru over grova som renn frå Årsetvatnet og over til Skålvatna, øst på Løkan.
På veg oppover mot Litle Skåla.
Her er Vasshaugnebba.
På Årsetheia med utsikt mot Mannfjellet.
Mannfjellet har 2 markerte "topper". Den bakerste er litt høgare enn den fremste.
I skaret mellom Mannfjellet og lia opp mot Litle Skåla ser vi rett mot Stor Skåla. Den markerte snølause hammaren kalles Blåbergknausen.
Utsikt frå øst på Mannfjellet mot Langfjorden.
På Mannfjellet. Utsikt frå den bakerste toppen mot den fremste toppen.
På Mannfjellet, 697 moh.
Utsikt frå Mannfjellet mot Årsetheia og vestsida av Litle Skåla. Lenger borte ser vi Horja, 550 moh.
Her står eg på den fremste toppen av Mannfjellet. Stor Skåla i bakgrunnen.
Utsikt frå Mannfjellet ned mot Langfjorden og Mittet. Ryggen lengst ned med varde er østre del av Langfjellet.
Denne islagte tjønna ligg rett under den fremste toppen av Mannfjellet. Stor Skåla og Skålaksla i bakgrunnen.
Svært bratt vestside av Mannfjellet. Vi ser ned mot Vasshaugnebba. Årsetvatnet skimtes lenger ned.

Dette er den fremste toppen av Mannfjellet som ender i ein bratt hammer.
På veg nedover ryggen frå Mannfjellet ser vi ned til Langfjellet og Gribbestadnakken.
Kaffekokarhaugen.
Endå eit stykke igjen ned til Vasshaugnebba med det islagte Vasshaugvatnet.
Vasshaugvatnet på Vasshaugnebba sett frå øst.
Her ser vi Mannfjellet, Langfjellet og Gribbestadnakken frå Vasshaugnebba.
Gribbestadnakken,  ca 450 moh.
Vasshaugvatnet med Mannfjellet i bakgrunnen.
Har satt meg til rette på ein stein på Vasshaugnebba, 519 moh.
Utsikt frå Vasshaugnebba mot Sollia ( til høgre ) og Årsetvatnet.
Dette er hammaren som er på vestenden av Vasshaugnebba. Her er det umuleg å fortsette.
Tok meg matpause oppe på hammaren ( nebba ) på Vasshaugnebba.
Utsikt sørover frå Vasshaugnebba. Her er det mange kjente fjell i horisonten. Vi ser frå venstre Morkanebba, Store Vengetind, Smørbotntind, Trolltindane og Tarløysa.
Gjekk ned naboryggen til Vasshaugnebba. Her ser vi at Vasshaugnebba i vest avsluttes i ein høg berghammer.