Spillegal tiur på Nesjestranda Våren 2015.

Møte med spillegal tiur i Kamvegen på Nesjestranda 05.05.15.

I lengre tid har ein spillende tiur laga problem for turgåere i Kamvegen på Nesjestranda.
Mange har møtt på tiuren som nok har fått ei overdose med hormoner i forbindelse med årets tiurleik.
Det er fleire kjente spillplasser for tiur i Kammen og oppover mot Heiane. Denne tiuren har fått det for seg at den skal jage folk som er på tur opp til rasteplassen på Kammen. Har høyrt om folk som har blitt bitt eller hakka på av tiuren og mange har tydd til omveger for å komme forbi den spillegalne tiuren som har vokta vegen. I år var det også Stikk UT post på Kammen, og det var ekstra stor trafikk etter at Stikk UT starta den 1. mai. Mange ukjente Stikk UT-gåere frå andre plasser i Romsdalen har nok også fått oppleve denne tiuren.

Tok meg ein tur oppover den 05.05.15 for å sjå om eg ville treffe på tiuren. Rett nok, litt forbi Kamsetra stod tiuren midt på vegen i all prakt. Det vart nokre bilder før tiuren kom så nærme at eg måtte vike tilbake. Fann ut at eg kunne prøve å ta tiuren med meg ned i skogen mellom Kamvegen og vegen opp Mørkedalen i håp om at den holdt seg der i stadenfor å plage uvitende turgåere.
Gjekk derfor av vegen og ned ei skråning. Hadde ryggsekk på ryggen med kamerautstyr. Hadde ikkje komme lenger enn ca 5 m frå vegen då tiuren kom etter meg i full fart. Den hadde tatt til vingene og landa rett oppe på nakken min. Heldigvis tok ryggsekken av for litt av fulltrefferen. Eg fekk kava tiuren av meg og fortsatte ned på ei lita myr. Tiuren kom etter i full fart, no på bakken. Såg at det vart vanskeleg å holde tiuren unna, så prøvde å snike meg mellom så mange tre som mulig mens eg gjekk vidare nedover. Etter at eg kom til ei litt større myr like ovanfor berghammaren ned mot Mørkedalen, måtte eg berre ta eit oppgjer med tiuren. Stoppa opp og venta litt til tiuren kom nærmare. Brukte så ryggsekken til skjold og klarte å holde tiuren unna ei stund. Til slutt angrep tiuren. Den satte nebbet i ryggsekken og slo med vengene som besatt. Heldigvis traff den kun ryggsekken. Slik holdt vi det gåande ei stund, men så vart tiuren sliten. Den luska då unna og trakk seg tilbake inn i skogen. Eg fekk tid til å samle meg og sjå kordan det hadde gått med ryggsekken. Sekken var no heilt åpen, men heldigvis hadde ingenting falt ut. Men oppdaga så at eg hadde mista brillene mine i kampens hete. Gjekk tilbake langs ruta der eg trudde vi hadde gått, men kunne ikkje finne brillene. Vel, vel, måtte berre gå ned og heim igjen utan briller.
Samme dag, om kvelden tok eg ein ny tur opp i Kamvegen for å leite etter brillene. Gjekk ned og prøvde å følge den ruta vi hadde gått. Kom ikkje så langt før min venn tiuren var på plass igjen i fullt spill. Skjønte at her vart det umuleg å leite etter brillene. Gjekk vidare nedover og klarte å komme meg heilt ned på den høge berghammaren nede ved Mørkedalen. Vegen i Mørkedalen gjekk rett nedfor denne berghammaren, men det var uråd å komme seg ned på den plassen eg var. Kom meg ned på ei hylle og prøvde å skjule meg bak eit lite grantre med masse greiner. Tiuren var fortsatt rett bak meg, men stoppa opp på kanten rett over meg. Der gjekk den att og fram ei stund og vokta på meg. Til slutt vart den lei og forsvann opp i skogen igjen. Eg venta til eg trudde det var trygt og for rake vegen opp på Kamvegen og vidare heim med uforretta sak. Brillene var fortsatt borte.
Så nokre dager seinare, den 09.05.15, tok eg ein ny tur opp i Kamvegen i lag med min datter Ida.. Denne gongen såg vi ikkje noko til tiuren og kunne leite i fred og ro. Etter ei stund fann eg brillene og Ida og eg kunne fortsette turen opp til Stikk UT posten på Kammen. Såg ikkje meir av tiuren denne gongen.
Mange andre turgåarar frå Nesjestranda fekk oppleve denne vårkåte tiuren og har nok sine egne gode historier om møtet.
Av egen erfaring kan eg seie at ein spillegal tiur kan vere svært aggresiv, men at den nok ikkje klarer å gjere noko stor skade på ein voksen person. Nebbet kan slå hardt og lage sår i ein legg eller fot om uhellet er ute. Slag av vingane kan nok også vere kraftige, men stort sett ufarleg. Små barn kan nok få større problem i møte med ein slik "gal" tiur. Det beste er å holde seg på avstand, kanskje snu eller ta ein omveg forbi tiuren. I tilfelle du ikkje ønskjer kontakt med tiuren er det viktig å holde god avstand for tiuren vil nok komme mot deg. Bruk fjellvettregelen "Det er ingen skam å snu".  Ein "gal" tiur er utsatt for hormonforstyrrelser i parringstida om våren, men dette vil avta og tiuren blir som oftast normal igjen når spillsesongen er over.  I verste fall kan den nok bli bytte for rev eller andre rovdyr.

Mitt første møte med ein spillende tiur skjedde så lenge sidan som i 1973. Traff på ein slik tiur på Bergsviksetra før påske det året og den tiuren holdt det gåande til langt ut i mai. Opplevde den for siste gong på ei myr nordaust for Heggneshytta den 19.05.73.

Viser her nokre av bildene eg tok av tiuren i Kamvegen. Nederst i innlegget er det lagt inn ein link til ein videosnutt på You Tube som viser mitt møte med tiuren. Videoen er tatt med mitt Nikon D5200 speilreflekskamera. Sjå og nyt bildene av den flotte tiuren.













Tiuren fulgte etter meg ned i skogen. Ville unngå at fleire turgåere fekk problem i møte med tiuren på Kamvegen denne dagen. Det gjekk bra, men det vart vanskeleg å bli kvitt den.




Måtte stoppe opp og "ta eit oppgjer" med tiuren. Den angrep til slutt ryggsekken min og holdt det gående i mange minutter. Til slutt vart den sliten og luska vidare inn i skogen.






Nedenfor er link til videoen eg tok av tiuren under møtet : (Trykk på linken og videoen vil åpne seg i ei ny side i You Tube). Det var litt vanskeleg å filme med kamera i ei hand og forsvare seg mot tiuren med ryggsekk i den andre handa, så  filminga er nok ikkje den beste eg har gjort.


https://youtu.be/RFKOf5k2jv4





Nyt bildene og takk for titten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar