torsdag 6. juli 2023

Tur til Litle Skåla, 06.07.2023

Gjekk ein tur opp på Litle Skåla, 901 m.o.h, i dag. Starta frå Skålsetra og gjekk stien opp Breiabotnen. Bratt og tungt opp skogen til over skoggrensa, men heldigvis ingen flue, klegg eller myggplage på turen. Over tregrensa var det ein svak vind var god å ha i varmen.  Det var sol og varmt ver heile dagen. På Skålsetra stod det skilt om båndtvang på grunn av sau på beite med Nofence-klaver. Tenkte desse gjekk i området rundt Skålsetra, men rakk igjen 6 sauer på stien opp. Det var 2 søyer med 2 lam kvar. Søyene hadde nummer 413 og 476 for den som er interessert. Uvisst kven som har sauer på Litle Skåla i år.
Turen opp til toppen tok lang tid på grunn av dårleg kondis og lite fjellgåing dei siste åra. Turen opp vart målt til ca 3.5 km med GPS. Tok ei lita matpause oppe ved varden. Gjekk så ein tur austover oppe på platået aust for toppen av Litle Skåla. Her var det fortsatt ein del store snøflekker.  Ein stor snøflekk låg fortsatt ned i eit tjern og gjorde det mulig med isbading for den som driv med slikt. Gjekk heilt aust på Litle Skåla og kika ned mot Reset mellom Litle Skåla og Stor Skåla. Returnerte mot varden på toppen i vest. Turen opp til Stor Skåla får bli ein annan gong med bedre kondis. Gjekk ned igjen på normalstien til Skålsetra. Total turlengde 9 km. Her er nokre bilder som dokumenterer turen.

Utsikt frå turen opp til Litle Skåla. Vi ser dei 3 vatna Brekkevatnet, Langvatnet og Vikvatnet. Lenger ut ser vi Veøya og Sekken.

Utsikt frå turen opp til Litle Skåla mot Vågane, Bolsøya og Molde.

Denne sauflokken gjekk i stien foran meg den siste biten opp på Litle Skåla. Søyene har nr 746 og 713 og går med Nofenceklaver.

Sauflokken på stien opp mot toppen av Litle Skåla. Fortsatt eit stykke igjen til toppen.

Nærbilde av sauflokken som beita undervegs opp på fjellet.

Ein snøflekk like før siste stigninga opp mot toppen av Litle Skåla. Stor Skåla ruver i bakgrunnen.

Sauflokken insisterte på å bli før meg til toppen av Litle Skåla.

Varden til Litle Skåla, 901 m.o.h. med flott utsikt mot Molde by.

Kaffepause ved varden på Litle Skåla.

Ved varden på Litle Skåla, 901 m.o.h.

Ein større snøflekk låg ned i eit lite tjern eller dam. Har var det mulig med isbading. Stor Skåla i bakgrunnen.

Lengst aust på Litle Skåla kan vi sjå ned på Reset mellom Skålene. Her må den som vil fortsette til Stor Skåla gå ned på Reset før vidare tur i bratt terreng opp til Stor Skåla. 1128 m.o.h.

Utsikt ned mot Horsgårddalen, Langfjorden og fjellet Morkanebba på sørsida av fjorden. Lenger bak ser vi litt av Romsdalsfjella. Herjevatnet er også så vidt synleg frå denne høgda.

Ein fjellvandrer på tur tilbake til varden på Litle Skåla.

Ein fjellvandrer på tur tilbake til varden på Litle Skåla.

Krypende dvergbjørk på Litle Skåla.

Fekk også tatt bilder av ei fjellrype.

Greplyng var ein av dei plantene som dominerte på bakken på Litle Skåla. Greplyngblomstene er svært små, bildet er tatt med telelinse.

Kort pause før turen ned frå Litle Skåla.

Her ser vi stien nedover ryggen på sørsida av Breiabotnen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar