lørdag 7. november 2026

Birdrace Hustadvika, Birdlife Møre og Romsdal, 07.11.2026

Birdlife Møre og Romsdal arrangerte i helga 07-08.11.2026 Birdrace Hustadvika og medlemsmøte. Arrangementet starta på lørdag 07.11.2026 kl 9 med oppmøte på Frænabu Kurs og Misjonssenter i Hustadvika kommune. På Frænabu vart det servert middag kl 17 og det var mulig med overnatting for dei som ville. Nestedag var det medlemsmøte med strat kl 12 på søndag 08.11.2026. 
Til Birdrace kom det 16 personer som vart delt inn i 3 lag. Lagene vart tildelt kvart sitt område som skulle undersøkes og antall arter og fugler telles.  Områdene var inndelt slik at alle 3 lagene hadde eit ferskvannsområde (Lag 1 : Frelsvatnet, Lag 2 : Hostadvatnet og Lag 3 : Gaustadvågen) og derifrå gjekk områdene heilt ut til kysten frå Askevågen i sør til Vevang i nord. Feltarbeidet varte i ca 5 timer. Deretter returnerte alle lagene til Frænabu der vi fekk servert god kaffe og vafler. Her vart laga sine observasjoner telt opp og rapportert i Artsobservasjoner.no. Om kvelden fekk vi vite resultatene av Birdrace Hustadvika og det var premieutdeling ved arrangør Øyvind Gjeldnes. Lag 1 hadde observert 47 forskjellige fuglearter, Lag 2 hadde sett 57 arter og Lag 3 hadde observert 61 arter. Lag 3 som hadde det nordlegaste området med Gaustadvågen - Sandblåstvågen stakk av med seieren. Totalt hadde lagene observert 82 forskjellige arter i området. Dette var eit bra resultat med tanke på at november er ein roleg måned for fugl i og med at mykje av fugletrekket er over. I tillegg var det rufsete, vått vær med ein del vind. Dette var likevel ein flott opplevelse for alle deltakarane. 

NB, bildene er tatt i området til Lag 3, Gaustadvågen, Sandblåstvågen, Skotheimsvika, Kråkholmen, Julshamna, Nordneset, Farstad.

Birdrace med fugletelling ved Sandblåstvågen

Del av Sandblåstvågen brakkvannsområde med Stemshesten i bakgrunnen.

Ein flokk med grågjess beita på dyrka mark i ved Sandblåstvågen.

Frå området ved Sandblåstvågen. Her vart fleire enkeltbekkasiner observert.

På dyrka mark med stubbåker etter korndyrking var det mange gulspurver. Frå Sandblåst-området.

Her sjekkes havområdet utanfor Kråkholmen med teleskop. Det var mange sjøfugler ute på havet sjølv om det var litt ruskete vær.

På tur ut frå moloen til Kråkholmen. Det var fjære sjø og langt ut til fuglane i dette grunne farvatnet.

Med utsikt mot sjøhus på Kråkholmen og på holmer ved Teisklubben. Flott sandstrand. 

Lag 3 på utkikk etter fugler.

Lag 3 samla igjen ved nausta ved Breivikbukta.

Svartstrupe, hunn, observert på Nordneset. Bildet er frå dagen etter. Under birdrace vart både hann og hunn obervert.


Ein liten flokk (8 stk) med hvitkinngås beita i ein stubbåker ved Farstadberget.




Arrangementet vart arrangert frå Frænabu i Hustadvika kommune.

Kaffe, vafler og opptelling etter Birdrace på Frænabu.

Arnstein rapporterer lagets observasjoner i Artsobservasjoner.no.

Lag 2 teller opp arter og rapporterer observasjonene.

Øyvind Gjeldnes går gjennom resultatlista på Birdrace.