lørdag 23. mars 2019

Stormbilder frå Nesjestranda

Denne dagen var det svært dårleg vær på kysten på Nordvestlandet. Vi kjente det også her inne i fjordane. Mange plasser var spesielt utsatt. Det er ikkje ofte det er så dårleg vær på våren, dette var som ein skikkeleg hauststorm i Mars. Tok meg ein tur i bygda for å sjå på været. Fekk tatt nokre bilder på utsatte plasser sjølv om regn og sterk vind gjorde foto-forholda vanskelege.
Fergeruta Sølsnes - Åfarnes var innstilt mesteparten av dagen på grunn av værforholda.  På tømmerterminalen på Malo låg lasteskipet "Hagland Captain" og lasta tømmer. 

I det eg kom heim fekk eg høyre om cruiseskipet "Viking Sky" som hadde fått motorstopp rett utanfor Hustadvika denne dagen. Det vart igangsatt ein stor redningsaksjon med helikopter-evakuering av passasjerane. Denne redningsaksjonen er det nok dei fleste som har fått med seg.

Såg også "Hagland Captain" passere ut Veøyfjorden i uværet, men kunne ikkje på det tidspunktet forestille meg kva som kom til å skje seinare med den båten. Såg også på AIS at lasteskipet passerte Bud på veg nordover. Dette var samtidig med at redningsaksjonen av "Viking Sky" pågjekk der ute. 
Som vi no veit gjekk det ikkje bedre enn at "Hagland Captain" fekk problem med dekkslasta, som forskjøv seg i uværet og førte til stor slagside. Mannskapet måtte hoppe i sjøen og vart tatt opp av eit redningshelikopter som måtte avbryte redning av cruisepassasjerer frå "Viking Sky" for å hjelpe til. Heldigvis hadde mannskapet fått ut ankeret og skipet unngjekk å drive på land. Etter at stormen ga seg vart "Hagland Captain" berga av ein slepebåt. 
Ein kan vel i ettertid fundere på kor lurt det var av "Hagland Captain" å legge ut på turen over Hustadvika mens det pågjekk ein stor redningsaksjon der og dei fleste andre skip låg og venta på været. Til og med hurtigruteskipa låg stille og venta på været denne dagen.

Her er bildene som er tatt på forskjellige plasser på Nesjestranda. Sjå tekst under kvart bilde. Klikk på bildene for å sjå større bilder.


Store bølger i Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Frå Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Store bølger og stor flo (springflo)  denne dagen. Frå Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Frå Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Dette er frå moloen ved Misfjord-garasjen / Bråthen Bil. Stor flo og store bølger. Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Bølgene slo godt over moloen, Bergsvikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

På Sølsnes var ferga innstilt på grunn av værforholda, Sølsnes, Nesjestranda 23.03.2019.

"Gamlekaia" til Malo Sagbruk i hardt vær,  Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

"Gamlekaia" til Malo Sagbruk i hardt vær,  Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

"Gamlekaia" til Malo Sagbruk i hardt vær,  Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

"Gamlekaia" til Malo Sagbruk i hardt vær,  Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

"Hagland Captain" laster tømmer ved tømmerterminalen på Malo, Nesjestranda 23.03.2019.

Stor sjø ved saga til Horsgård Sag og Tønnefabrikk, Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Stor sjø ved saga til Horsgård Sag og Tønnefabrikk, Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Moloen , Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Kaia var litt skjerma av moloen, men nokre store bølger kom også dit, Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Nausta til Horsgård-gardane låg utsatt til. Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Nausta til Horsgård-gardane låg utsatt til. Horsgård, Nesjestranda 23.03.2019.

Dette bildet er frå båthavna i Vikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Bårene slo godt over moloen til båthavna i Vikbukta, Nesjestranda 23.03.2019.

Kvitskavla på fjorden utanfor naustet til Vikhagen / Nerhagen, Nesjestranda 23.03.2019.

Haganeset på Nesjestranda er kanskje den mest værutsatte plassen i bygda, 23.03.2019. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar