lørdag 2. mars 2019

Hotellskipet "BLUEFORT" hos Vard Langsten i Tomrefjorden

Tok ein tur til Tomrefjorden for å sjå hotellskipet som ligg ved Vard Langsten.  Det er hotellskipet "Bluefort" som er innleid i forbindelse med stor aktivitet ved verftet.. "Bluefort" kom til Tomrefjorden 30.12.2018. Det er uvisst kor lenge det er behov for skipet. "Bluefort" vart bygd som bil og passasjerferga "Diana II" i 1979 og gjekk i rute mellom Sverige og Finland for Viking Line. Sjå meir informasjon og historikk om ferga lenger ned i innlegget. 
Vard Langsten har også eit stort brakkehotell med 600 plasser på Trohaugen i Vik lenger ut i Tomrefjorden. Der var det 5 busser som gjekk i rute til og frå verftet. I tillegg såg det ut til at Vard Langsten også hadde innkvartering i fleire hus nærmare verftet. Mesteparten av innleide arbeidarar er utlendingar så behovet for overnattingsplasser i Tomrefjorden er stort for tida. Hotellskipet "Bluefort" ligg på utsiden av den store utrustningshallen og dei som bodde ombord hadde svært kort veg til arbeidsplassen. 
Vard Langsten fekk i fjor kontrakt på bygging av 2 ekspedisjonscruiseskip til det tyske rederiet Hapag Lloyd Cruises i Hamburg. Det første skipet "Hanseatic Nature" ligg no inne i utrustningshallen og skal etter plana vere ferdig for levering i april 2019. Skroget til det første skipet kom til Tomrefjorden 18.08.2018. Skroget til det andre skipet er vel fortsatt under bygging ved skrogverftet i Romania. Det andre skipet har fått namnet "Hanseatic Inspiration".
I tillegg til "Hanseatic Nature" har Vard Langsten no ombyggingsoppdrag på skipet "Eger" som er det tidlegare norske spionskipet "Marjata".

M/S "Bluefort", Informasjon og historikk :

Bygd i 1979 v / Jos L Meyer Werft, Papenburg, Vest Tyskland,  137 m, 11671 grt,
Etter diverse ombygninger er skipet no på 17914 grt og 141.7 m.
1979-1989 : "DIANA II",  Viking Line ( P/R C.B. Myrsten, Slite, Åland),
1989-1992 : "DIANA II",  Viking Line (Rederi AB Slite / PK Finans, Stockholm),
1992-1994 : "DIANA II" , TR-Line, Rostock, (Charter),
1994 :          "VIRONIA",  Stabilo Maritime, Kypros,
1994-1996 : "MARE BALTICUM",  Est Line, Tallinn, Estland,
1996-2007 : "MELOODIA",  Tallink, Tallinn, Estland,
2007-2013 : "ARV 1", Equinox Offshore Accommodation, Singapore,
2008 :  Ombygd til Logiskip / Hotellskip i Singapore,
2013-2015 : "BLUEFORT",  Highclere Ltd., Cayman Islands,  Registrert i Majuro på Marshalløyene.
2015 - :        "BLUEFORT", Bluefort Shipping Service Ltd., Liverpool, UK,
2018 - :        "BLUEFORT",  Ankom Vard Langsten som Hotellskip 30.12.2018 (Ankomstdato tatt frå Marine Traffic/AIS)


Her er dagens bilder frå Tomrefjorden :

M/S "BLUEFORT" ved Vard Langsten, Tomrefjord, 02.03.2019.

M/S "BLUEFORT" ved utrustningshallen til Vard Langsten.

M/S "BLUEFORT" ved Vard Langsten.

M/S "BLUEFORT" og "EGER" ved Vard Langsten, Tomrefjorden 02.03.2019.

M/S "BLUEFORT" er fortsatt registrert i Majuro på Marshalløyene.

M/S "HANSEATIC NATURE" i utrustningshallen, Vard Langsten, 02.03.2019.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar