lørdag 9. juni 2012

Trollstigen #1 - 9-Juni-2012.

9-Jun-2012 :
Tur til Trollstigen på denne flotte soldagen. Det er mykje snø i fjellet i år og Trollstigen vart først åpna for trafikk den 1-Juni. Det er ganske seint og skyldes det store snøfallet som kom i påska i år. Vi køyrde over toppen av Trollstigen og eit stykke nedover på Valldal-sida. Her var det kun snø å sjå alle plasser, så det blir nok ei stund før det sauene kan komme oppover på sommerbeite. Nede på Trolstigplatået var det stor aktivitet med ferdigstilling av nytt flott bygg. Anlegget skal åpnes offisielt om ei veke (16/6). Sjå blogginnlegg "Trollstigen #2 - Åpning av Nasjonal Turistveg 16-Juni-2012" for bilder frå åpningsdagen.
Tok oss også ein tur ned til utsiktsplattformene. Det låg fortsatt snøfonner i gangvegen ned til den nederste utsikten. Dette var lille Silje sin første tur til Trollstigen. Det blir nok mange fleire.


Utsikt nordover frå Slettvikane mot Stigbotnhornet til høgre og Storgrovfjellet til venstre.

Mykje snø langs vegen frå Valldalsida mot toppunktet på Trollstigen.
Martin står på brøytekanten på det høgaste punktet på Trollstigvegen. Stigbotnhornet i bakgrunnen.
Utsikt mot Alnesdalen med islagt Alnesvatn. Stigbotnhornet, 1583 moh til venstre.
Utsikt nedover mot Trollstigen. Bispen og Kongen til venstre.
Brøytekanten på det høgaste punktet på Trollstigvegen er høg i år. Anne Torill blir liten.
Martin ved brøytekanten oppe på det høgaste punktet på Trollstigvegen.
Martin prøver seg på akebrett.

Martin etter tur med akebrett. Det ser kaldt ut.

Mykje snø øverst i Trollstigvegen.
I den nederste svingen før Trollstigplatået hadde det gått eit snøras for eit par dager sidan.
Utsikt mot Trollstigplatået. Gamle Trollstigheimen er borte og vegen har blitt lagt om.
Nye Trollstigheimen, flott bygg i ny arkitektur.
Trollstigplatået er ombygd i forbindelse med Nasjonal Turistveg.
Ny gangveg nedover mot utsiktsplattformene.
Utsiktsplattform over elva.
Ei snøfonn stengte gangvegen mot den nederste utsiktsplattformen.
Spennende sti ned til utsiktsplatået.
Her er den tøffaste utsiktsplassen.
Familien på utsiktsplattforma i Trollstigen.
Silje var med til Trollstigen for første gong.
Trange svinger i Trollstigen.
Ungane poserer på ein benk som fortsatt er snødekt.
Familien på 5 stk store og små på Trollstigen.
Snøen ligg fortsatt nedover i Trollstigen. Dette er før Bispesvingen.
Kosebilde til slutt. Ida mater geitebukken på Trollstigen Gjestegård.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar