lørdag 16. juni 2012

Trollstigen #2 - Opning av Nasjonal Turistveg 16-Jun-2012

16-JUN-2012 :

Denne dagen var det offisiell opning av Nasjonal Turistveg Trollstigen - Geiranger. Samtidig skulle alle dei andre 17 Nasjonale Turistvegane over heile landet opnast offisielt. På Trollstigen har Statens Vegvesen investert ca 180 millioner i nytt turistanlegg. Opningsseremonien skulle foregå kl 12:30 - 13:15 og offisiell opning var av Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Eg hadde lyst å vere med¨på dette arrangementet, så eg og Martin planla tur. Trollstigen skulle vere stengt for vanleg trafikk frå kl 9 og utover dagen. Statens Vegvesen hadde satt opp busser frå Åndalsnes og Valldal som skulle frakte publikum gratis opp til Trollstigplatået. Fann ut at det var liten vits å køyre med egen bil innover til Åndalsnes, så Martin og eg tok bussen frå Sølsnes kl 8:30. Ankom Åndalsnes 9:20. På Åndalsnes stod det mange busser oppstilt for å frakte folk opp til Trollstigen. Vi gjekk rett ombord i ein buss frå Atlantic Auto og vart dermed med den første bussen som gjekk frå Åndalsnes. Starta frå Åndalsnes 9:22. Bussen køyrde først opp til Trollveggen Besøkssenter for å ta med passasjerer derifrå. Men der var det ingen. Det var med lokal guide på bussen og vi fekk guiding på turen og info om programmet på Trollstigen. Det skal gå ein veteranbil-kortesje opp Trollstigen og den skal vere framme kl 12. Samferdselsministeren skal ankomme i ein veteranbil. Ankom Trollstigplatået kl 10:10. Det vart no ei lang ventetid før start på det offisielle programmet i 12-tida. Det var overskya ver på Trollstigen med kald vind og nokså kjøleg. Kjente også nokre få regndråper, men det vart heldigvis ikkje noko regnver. Hadde med oss fleece-jakker og dei varma godt mot vinden.

Tok eit par bilder frå bussvinduet på veg opp Trollstigen :

Stigfossen sett frå bussvinduet i det vi passerer Stigfossbrua.
Parti av Stigfossen ved Uri Martin svingen.


Oppe på Trollstigplatået holdt dei på med lydprøver på ei scene som var satt opp i elvekanten foran den nye Trollstigen Kafe. Gitarist Frode Alnæs var blant musikarane som testa lyden.

Lydprøve på scena ved nybygget på Trollstigen.
Gitarist Frode Alnæs.


Martin og eg tok oss ei matpause i ly av hytta "Tussebu" som låg på andre sida av vegen med utsikt mot scena.

Martin, matpause i ly av ei hytte på Trollstigen.

Vi gjekk så ein tur ned til utsiktspunktene. Der var det mindre vind. Vi tok også ein liten tur opp langs T-stien som starta ved gangvegen mot utsikten. Det er stien som fører mot Trolltindane (Bruraskaret) og Stabbeskaret. Her var det bratt og det er satt opp kjettinggjerde på dei luftigaste passasjene.

Det låg fortsatt ein del snø i gangvegen ned til Utsikten.
Martin på det nederste utsiktspunktet.
Vi prøver oss på stien som går i retning Trolltindane og Stabbeskaret.
Ved vegvisar på T-stien frå Trollstigen.
T-stien går ganske luftig rett opp frå gangvegen til Utsikten som ligg nede til høgre.

Oppe i fjellet veks det Tuesildre.

Etter den luftige turen gjekk vi tilbake til Trollstigen Kafe. Det hadde no komme mykje meir folk, og vi venta på at veteranbilkortesjen skulle ankomme Trollstigplatået kl 12.
Blant publikum fant vi også denne karen / trollet. Trur nok at trollene i Trollstigen var nysgjerrige på alt oppstyret denne dagen.

Trollet har komme på besøk, er nok nysgjerrig på alt folket.
Trollet vinker kongeleg til fotografen.

Trollet var høgt og skjeggete.

Vi gjekk så nedover hovedvegen for å sjå på veteranbilkortesjen. I den første bilen satt Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann Lodve Solholm og fylkesordfører Jon Aasen. Bilen var innleid frå Hotell Union i Geiranger for dette oppdraget. Deretter kom veteranbilane på rekke og rad. Var overraska over kor fort det gjekk med dei gamle bilane, det vart nesten litt for fort for alle oss som tok bilder av dei.
Viser her bilder av dei eldste bilane, det var mange fleire også.

T-104, Buick Touring, 1932-modell frå Union Hotell i Geiranger. Samferdselsminister Kleppa set i baksetet.
T-144, Nash, 1931-modell.
E-1930, Cadillac, 1930-modell.
T-1035, Buick, 1927-modell.
T-2291, Ford A, 1931-modell, veteranlastebil frå Kleive.
T-2070, Opel Super Six, 1937-modell.
T-2125, Rolls Royce, 1934-modell.
T-10247, Mercedes-Benz 190, 1965-modell.

T-2534, Chevrolet Standard, 1934-modell.


Etter at alle veteranbilane hadde komme opp, gjekk vi tilbake til inngangspartiet ved nye Trollstigen Kafe. Menga oss litt med VIP-ane før dei gjekk inn for å starte på dagens program.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa  (Sp).

Samferdselsminister Kleppa, Fylkesordfører Jon Aasen til venstre.

Samferdselsministeren i flott bunad.

Martin og eg gjekk så ein runde for å sjå på veteranbilane. Var også ein tur over på vestsida av dalen for å få nokre utsiktsbilder av nye Trollstigen.

Martin ser på den flotte Buicken frå Geiranger.
Parkeringsplassen på Trollstigen var nesten full, der var blant anna 15 busser.
Oversikt over nye Trollstigen Kafe med publikum på taket, på gangvegen og på hovedvegen.


Dagens program starta ca 12:30. Det var diverse gratulasjonstaler og musikalske innslag.  Gitarist Frode Alnæs var konferansier. Flott World Music av Karl Seglem og hans kvartett i lag med gitarist Frode Alnæs. Karl Seglem er ein internasjonalt anerkjent norsk musiker som spiller på bukkehorn. Flott musikk som passa godt til stemninga på Trollstigen denne dagen.
Til slutt var det Samferdselsminister Kleppa sin tur til å foreta den høgtidelege opninga av Trollstigen og alle dei 18 Nasjonale Turistvegane i Norge.

Gratulasjonstale av Fylkesordfører Jon Aasen.
Samferdelsministeren flankert av Fylkesmann, Rauma-ordfører og Fylkesordfører på VIP-tribunen.
Karl Seglem spiller på bukkehorn.
Konferansier og gitarist Frode Alnæs.
Samfedselsminister Meltveit Kleppa holder opningstalen.

Samferdselsminister Kleppa og vegdirektør Terje Moe Gustavsen forlater scena.
 Etter at den offisielle delen av programmet var ferdig fortsatte det med folkefest og mykje anna under-holdning frå scena. Dørene til kafebygget vart opna for andre enn dei innbudne gjestane og vi fekk komme inn og sjå. Der var det satt opp mange bord med sveler og ananasbrus og alle fekk forsyne seg gratis. Flott gest av Vegvesenet. Vi fekk også komme opp på taket av bygget der det var panoramautsikt over heile Trollstigplatået.

Martin har fått gratis svele og ananasbrus inne i kafeen.
Slik ser det ut inne i nye Trollstigen Kafe.
Utsikt frå taket av Trollstigen Kafe mot parkeringsplassen.


Martin har satt seg oppe på taket av kafeen.

Martin på taket. Scena i bakgrunnen.


Inne i kafeen møtte vi også på eit par trollunger. Desse var både morsomme og trollete som trollunger flest.

Vi møtte trollungene inne i kafeen.
Martin hilser på ein av trollungane.


Vi avslutta besøket og tok buss ned igjen kl 14:20. Det vart igjen ein buss frå Atlantic Auto. Det hadde vore ein fin, men kald dag på Trollstigen. Men Martin og eg kan iallefall skryte av at  "Vi var der når Trollstigen vart åpna som Nasjonal Turistveg.
Viser eit par bilder tatt frå bussvinduet på turen ned Trollstigen. Moro å oppleve turen som bussturist.

Utsikt frå bussvinduet på tur ned Trollstigen.
Utsikt frå bussvinduet i det vi passerer Stigfossbrua.

Etterord 1 :  På mandag 18-Juni, 2 dager etter opninga av dei Nasjonale Turistvegane vart Magnhild Meltveit Kleppa bytta ut som Samferdselsminister i den rødgrønne Stoltenberg-regjeringa med Marit Arnstad. Jobben på Trollstigen vart dermed historisk på fleire måter ettersom det nok vart Kleppa sitt siste offisielle oppdrag som Samferdselsminister.
Etterord 2 :  Oppdaga at eg hadde blitt med på bilde i Åndalsnes Avis sin bildekarusell frå Trollstigen. Fotografen i Skåla-jakke er denne bloggeren.                                  Sjå linken :   http://www.andalsnes-avis.no/bildeserier/article474940.ece?imageIndex=21#pageTop

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar