søndag 26. april 2020

Roa på Nord Nesje med slektshistorie

Roa, gnr 113/11 på Nord Nesje, ser ut til å ha stått ubrukt i mange år. Strømmen til huset er fråkobla. Har lurt litt på kven som eier dette huset og tenkte eg fekk undersøke litt. 

For å finne informasjon om kven som bygde og bodde i dette huset var det "Bygdabok for Nesjestranda" av Arnold Solemdal som var den naturlege kilden.

Tomta til Roa, gnr 113/11 er frådelt Nord Nesje, gnr 113/3 (Tronsgarden). Huset vart bygd i 1948 av ekteparet Brit K. Næsje Morstøl (1883-1954) og Sigvald Morstøl (1887-1966). Brit K. Morstøl døde allerede i 1954 og enkemann Sigvald Morstøl fortsatte som eier fram til sin død i 1966. Uvisst om han bodde der heilt til sin død.  I 1967 vart det avholdt auksjon etter ekteparet. Torkjell Nesje arva huset. Han selde det vidare til Konrad Strande (1903-1986) i Molde. I 1969 fekk Konrad Strande kjøpe til meir jord slik at tomta vart litt større  (gnr 113/15). Tomta vart no på 0.9 da eller 0.9 mål. Konrad Strande var eier av Roa frå 1967 - 1978. I 1978 tok sønnen Kjell Strande over og brukte det som feriestad. Sidan bygdeboka vart skreven i 1995 er det ikkje meir informasjon å finne om eiendommen, men eg antar at Roa kanskje har blitt overtatt av neste generasjon Strande. Dette er det vel nokon som kjenner til og kan opplyse om.


Gnr 113/11 på Nord Nesje, 26.04.2020.

Gnr 113/11 på Nord Nesje, 26.04.2020.

Gnr 113/11 på Nord Nesje, 26.04.2020.

Gnr 113/11 på Nord Nesje, 26.04.2020.

Kartutsnitt frå Molde Kommune, Roa er Gnr 113/11 og 113/15 på Nord Nesje, Tomta er delt frå garden Nord Nesje 113/3. 

Det vart i samme forbindelse interessant å grave litt i slektshistoria til Nord Nesje gnr 113/3. Det har seg nemlig slik at min egen slekt på Reitan, gnr 127/1, kom frå denne garden. Har nedanfor gått gjennom slekt og tatt med alle generasjonane frå han som er rekna som stamfar på garden. Bruker bokstavane i slektledda slik som dei er brukt i Bygdaboka. Bruker også gardsnummer etter Molde Kommune, alle gardane som kom frå gamle Veøy Kommune skifta gardsnummmer i 1964 etter sammenslåing med Molde.

NORD NESJE, gnr 113/3 :

Stamfar til slekta på Nord Nesje gnr 113/3 var Knut Olsen Sekkeseter (1769-1841) frå Sekken. Han kjøpte garden 113/3 og 113/4 til odel og eie i 1801. Samme året gifta han seg med Guri Olsdatter Sør Nesje (1775-1841). Ho var gardkone frå Olagarden. Knut Olsen Sekkeseter tok etternavnet Nesje etter at han kom til Nord Nesje.
Knut og Guri fekk 9 barn G1 - G9. Tar med kun 3 av dei her. 
G2, Ole Knutsen Nesje (1803-1854) vart gardbruker etter faren. (1839-1854).
G5, Knut Knutsen Nesje (1807-1894) fekk bygsel på Reitan gnr (127/1) i 1851. Han er derfor stamfar til slekta frå Reitan og følgeleg også min stamfar på morssida.
Gnr 113/4 har samme slektsforløp som 113/3 og Reitan. G4, Peder Knutsen Nesje, (1805-1883) vart gardbrukar på Nord Nesje, gnr 113/4 (garden til L2, Lodve Nesje).

G2, Ole Knutsen Nesje gifta seg i 1838 med Gjertrud Andersdatter Bergsvik. Dei fekk 5 barn, H3 - H7. Her er det også eit par barn før ekteskap H1 og H2. 

G7, Mikkel Knutsen Nesje dreiv garden frå 1855-1865 etter brorens død.

H3, Knut Olsen Nesje, (1838-1924) vart gardbruker etter farbroren (1865-1916). Knut O. Nesje gifta seg i 1868 med Brit Trondsdatter Ytre Mittet. Dei fekk 12 barn, I2 - I13. Pluss eit barn før ekteskap, I1.

I4, Tron K. Næsje, (1872-1947), gardbruker etter faren (1916-1941). Tron vart gift i 1909 med Karoline Knutsdatter Røvik (1887-1913). Dei fekk 1 barn, J1.
Tron gift for 2. gang i 1915 med Synnøve Hansdatter Sør Nesje, (1882-1957). Dei fekk 2 barn J2 - J3.

J1, Knut T. Nesje, (1909-1997), gardbruker etter faren, (1941-1975).  Knut T. gift i 1943 med Elise Lucie Sjøstrand (1915-2001). Dei fekk 2 barn, K1, Torkjell Nesje, f. 1944 og K2, Bodil Næsje, f 1947. Gardsdrifta vart avvikla i 1975.

Torkjell og Bodil fekk skjøte på garden i 1974. Noverande eier er Bodil's datter L1, Elin Næsje Sætre.

Som vi ser er det 7 generasjoner mellom stamfar og dagens eier.

ROA, gnr 113/11 og 113/15 :

Så var det å finne fram til kor hen Brit K. Næsje kjem inn i slektstreet. Ho er altså datter til H3, Knut Olsen Nesje og følgeleg søster til Tron K. Næsje. Denne generasjonen ser ut til å ha brukt navnet Næsje med æ. Det er derfor naturleg at ho og ektemannen fekk frådelt tomt på heimgarden i 1948.


Til slutt vil eg også følge mitt eget slektstre på Reitan tilbake til Nord Nesje.

REITAN, gnr 127/1 :

Stamfar : G5, Knut K. Nesje, (1807-1894), Fekk bygsel på Reitan og slekta etter han skifta etternavn til Reitan. Knut K. Nesje gifta seg i 1840 med Ane Eriksdatter Sølsnes (1816-1891). Dei fekk 9 barn, H1 - H9.

Neste gardbruker vart sjølveier på Reitan. Det var gardjenta H1, Gurå Knutsdatter Reitan (1842-1926). som tok over garden. Ho gifta seg i 1866 med Knud Iversen Nør Årset, (1841-1911). Knud kjøpte så Reitan til odel og eie i 1873. Gurå og Knud fekk 6 barn, I1 - I6.

Neste gardbruker vart I3, Ole K. Reitan, (1872-1932). Han gifta seg i 1904 med Marit Olafsdatter Indre Horsgård, (1882-1940).  Ole og Marit fekk 3 barn, J2 - J4. I tillegg hadde Ole ein sønn før ekteskap.

Neste gardbruker vart J3, Knut O. Reitan, (1908-2002). Han gifta seg i 1935 med Jenny Sivertsdatter Malones, (1909 - 1999). Dette er altså mine besteforeldre. Dei fekk 3 barn, K1 - K3, der K2 var min mamma Sigrid Reitan (1937-2002). Eg er altså L2.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar