søndag 21. juli 2019

"Buamarit" på Nesjestranda

Søndag 21.07.2019 var det eit større arrangement på Veøya. Det var gudsteneste i kyrkja for å markere 70-årsdagen til salmediktaren og forfattaren Edvard Hoem.  I den anledning var det innleid ein skyssbåt for å frakte besøkende til og frå Veøya. Annonsert rutetid var frå Havnevika kl 12 med retur frå Veøya frå kl 18. No var det slik at skyssbåten som var innleid kun tok 12 passasjerer. Derfor hadde den leid inn ein skyssbåt nr 2 til å ta unna trafikken. Det var båten til Bjørnsundruta som hadde fått oppdraget og dei hadde leid inn skyssbåten "Størkå III" til å hjelpe seg. Det var forventa at antall besøkende kunne vere 100 - 200 personer. "Størkå III" er ein skyssbåt som er stasjonert ute i Sandøy Kommune.
Bjørnsundruta har i år fått ny båt. Gamlebåten "Øybjørn" har blitt for gammel og var pensjonert. Gamlebåten hadde heller ikkje fart nok til å ta unna mykje trafikk til og frå Veøya. Det har vi sett i tidlegare år når "Øybjørn" var brukt til transport under Pinsestevner på Veøya.
Nybåten heiter "Buamarit" og tar kun 12 passasjerer. Det ser ut til åt denne båten blir bytta ut med ein billegare båt til neste sesong.
Båten har navn etter den kjente kvinna som gjekk under navnet Bua-Marit og som alle med tilknytning til Bjørnsund kjenner historien til.

Heile historia om Bua-Marit finn du på denne linken til Bud Kystmuseum som igjen har brukt Leo Oterhals sin bok om "Kystfolket" som kjelde.   https://www.facebook.com/BudMuseum/posts/1278127965551461/ .

Det vart regnver denne søndagen, så eg valgte bort besøk på Veøya og fekk derfor ikkje reist med båten. Men eg var ein tur nede på småbåthavna og tok bilder av skyssbåtane.

"BUAMARIT", Bjørnsundruta.

"BUAMARIT" på veg til kai i Havnevika, 21.07.2019.

"BUAMARIT" i småbåthavna i Havnevika, Nesjestranda, 21.07.2019.

"BUAMARIT" i Havnevika, Nesjestranda 21.07.2019.

"BUAMARIT" på tur mot Veøya frå Havnevik, Nesjestranda 21.07.2019. Denne båten gjorde unna turen raskt med toppfart på over 40 knop.

"BUAMARIT" i Havnevika, Nesjestranda 21.07.2019.

"STØRKÅ III"


"STØRKÅ III" ved Havnevik Småbåthavn, Nesjestranda 27.11.2019.

"STØRKÅ III" og "BUAMARIT" (bakerst) ved kai i Havnevika, Nesjestranda 21.07.2019.

"STØRKÅ III" starta opp på turen over til Veøya. 21.07.2019. 

"STØRKÅ III" på tur frå Havnevika til Veøya. 21.07.2019. Båten hadde ei toppfart på omkring 35 knop.

"STØRKÅ III" i Havnevika, Nesjestranda 21.07.2019.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar