onsdag 4. januar 2023

MRF's sjøbuss M/S "Haram"

Her er litt historikk og bilder av sjøbussen M/S "Haram". Dette var eit mindre passasjer-og godsruteskip enn dei større sjøbussane "Hjørungavaag" og "Romsdal" som MRF fekk bygd i 1950. I 1952 fekk MRF overlevert 3 nybygg som skulle trafikkere passasjerruter på Sunnmøre, i Romsdal og på Nordmøre. Det var dei mindre sjøbussane "Haram", "Bolsøy" og "Nordmøre". "Haram" var den største av dei 3 og gjekk frå 1952 i passasjer- og godsrute Ålesund - Nordøyane - Myklebust - Steinshamn. Denne ruta vart nedlagt i 1963 då ei ny fergerute mellom Ålesund og Nordøyane vart starta. I 1967 vart fergeruta flytta frå Ålesund til Brattvåg. I 1970 vart det også anløp av Dryna. Denne fergeruta vart som kjent nedlagt i forbindelse med åpning av Nordøyvegen 27.08.2022. Frå 1963-1965 var "Haram" brukt i rute frå Ålesund til Saltre i Hjørundfjorden. "Haram" vart overflødig i 1965 då denne ruta vart nedlagt etter at Saltre fekk vegforbindelse. "Haram" måtte bytte namn i 1965 etter at MRF overtok ferga B/F "Haram" og heitte ei kort tid "Fjørtoft". Båten vart solgt til England i 1965 og fekk der namnet "Trail Blazer". I 1973 vart skipet solgt til Karibien og fekk der sitt fjerde namn "Liamuiga", etter namnet på det største fjellet på øya St Christopher, Mount Liamuiga. Skipet fekk sin endelikt under ein tropisk storm på St Kitts i september 1979. Skipet vart då totalvrak og seinare skrota.

Historikk M/S "Haram" :

Bygd i 1952 ved Stord Mek. Verksted, Leirvik på Stord. Levert til MRF i april 1952.
IMO 5142700, Tonnasje 264 grt, Lengde 33.7 m, max 200 passasjerer.

1952-1965 : "Haram",  MRF. (April 1952).
1965 :          "Fjørtoft", MRF, (26.06.1965).
1965-1973 : "Trail Blazer", Sea Services Shipping Co. Ltd., London, UK, (19.11.1965).
                     Brukt som forskningsskip (Research vessel).
1973-1979 : "Liamuiga", Government of St Christopher, Nevis & Anguilla.
                     Brukt som passasjer og godsferge mellom St Kitts (St Christopher) og Nevis.
1979 :          03.09.1979 : "Liamuiga" låg i havna på St Kitts under den tropiske stormen "David".
                    Skipet vart totalvrak og seinare skrota.


M/S "LIAMUIGA", ex M/S "HARAM" ved kai på St. Kitts i det Karibiske hav.
Postkort, Fotograf ukjent. 

M/S "HARAM", Foto : Birkelnad, MRF's fotogalleri. "Haram" hadde passasjerkapasitet på 200 og var større enn "Bolsøy" og "Nordmøre" som kun tok 120 passasjerer.

M/S "HARAM", Ukjent opphav og fotograf.


Sjøbussen "Haram" og B/F "Veøy" på ekstratur til Veøya i forbindelse med 800-årsjubileet for Veøy kyrkje den 02.08.53.


M/S "Haram", Skipsregisterkort.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar