mandag 15. august 2011

Tur til Eikesdal med Stikk UT

13-Aug-2011 :

Lørdag 13 august tok vi turen til Eikesdalen. Det var slutten på Eikesdalsdagene med marked og salgsboder og i tillegg ville vi benytte sjansen til å gå ein Stikk UT tur. Aursjørittet hadde allerde starta då vi kom innover. Etter ein runde i markedet køyrde vi opp til Finset for å gå Stikk UT tur til Slettet og Per-Nilse Spranget. Det er start på god skogsveg frå Finset og vegen går vidare oppover dalen heilt til der dalen slutter og elva kaster seg utfor i fossen Aurstøypet. For å komme til fossen må ein gå på sørsida av elva, så det får bli ein annan tur. Denne gongen var målet ein stor gapahuk på Slettet. Her er det beiteområde for ungdyr og sau. Det var ein svært stor og flott gapahuk som egna seg godt som Stikk UT mål. Etter turen til Slettet dro vi igjen ned i Eikesdalen og prøvde oss i kano på på Eikesdalsvatnet. Dette var eit tilbud i forbindelse med Eikesdalsdagene. Avslutta besøket i Eiksedalen med kjøttkake-middag i Eidkesdal Vertshus.
Her er nokre av bildene frå dagens tur.
3 stk i Eikesdalen. Bak til høgre er markedsplassen.
Her starter vegen opp til Stikk UT posten Slettet på Finset.
Ut på tur frå Finset.
Martin har funne plass i ei uthola trestamme.
Utsikt oppover vegen mot Slettet.
Steinalderboer Ida i ei av mange spennende huler langs vegen oppover mot Slettet.
Jentene på veg opp ein bratt bakke.
Info-tavle ved Per-Nilse Spranget.
Infotavle og turbok-kasse ved Per-Nilse Spranget.
Dette er Per-Nilse Spranget over elva. No er det kun rester av ei gammel bru på kvar sideBrua vart bygd for å kunne benytte beitemarka på andre sida av elva. Motsol har ført til ein rød flekk midt i bildet.
Martin ser turmålet : Gapahuken på beitemarka som har det litt underlige namnet Slettet.
Martin ved gapahuken på Slettet. Her er det Stikk UT post.
Matpause i gapahuken på Slettet.
På turen ned igjen tok vi oss ei pause ved ei fin strand i elva. Det var nok litt kaldt i vannet, men det var godt å få avkjølt seg litt.

2 steinalderboere i ei hule langs vegen til Slettet, Eikesdal

Martin prøvesitter den gamle dumperen som er hensatt langs vegen til Slettet.
Frå skogsvegen til Slettet, Finset, Eikesdal.
Ida ville også prøve den uthola trestammen. Dette varr ein god gjemmeplass.
Slik ser treet ut frå andre sida.

Idylliske Oppigård med den flotte hagen. Den er like ved Eikesdal kirke.
Nord Helikopter hadde sightseeingturer i helikopter under Eikesdalsdagene.
3 stk på kanotur på Eikesdalsvatnet.

I kanotur på Eikesdalsvatnet.
 
Mardalsfossen

Mardalsfossen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar