søndag 1. november 2020

Nøttekråke på Nesjestranda

Fekk i dag sjå ein fugleart her på Nesjestranda som eg aldri har sett før.  Gjekk ut ein tur i 13.tida og fekk høyre eit fugleskrik som eg stussa på. Det ligna på kråke, men kunne ikkje vere det. Såg ein mørk fugl som satt i eit tre ved vegen. Fann fram ein kikkert og såg at det ikkje var kråke, men ei nøttekråke. Har aldri sett denne arten før på Nesjestranda, så fekk henta kamera og 600 mm zoomlinse. Gjekk ned på vegen og nærma meg treet utan at fuglen reagerte. Kom heldigvis nær nok til å ta nokre bilder. Seansen varte vel ca 3 minutt før fuglen tok flaug vidare.

Det er i henhold til Norsk Ornitologisk Forening mange nøttekråker på trekk denne hausten. Nøttekråka lever for det meste på hasselnøtter og granfrø. Nøttekråka er flink til å gjemme nøtter til seinare bruk. Fuglen har svært god hukommelse og er i stand til å huske opp til 2000 gjemmeplasser. Nøttekråka finnes mest i Sør Sverige og Sør Finland.  mens i Norge hekker den spredt  og fåtallig rundt Oslofjorden, i Mjøsregionen og stedvis på Vest og Sørlandet. Utenom desse områdene ses arten kun under større invasjoner der den oppsøker nye områder på matsøk. Slike invasjoner finner sted med nokre års mellomrom, dei siste større invasjonene i Norge var i 1995, 1997, 2005 og 2016. Nøttekråke forekjem i 2 underarter, der den vanlege forma også kalles tjukknebbet nøttekråke og hekker i Skandinavia. Den andre underarten kalles Sibirnøttekråke eller smalnebbet nøttekråke og hekker som namnet seier i Sibir. Begge underartane kan oppleves i Norge som invasjonsfugl. Underartene skilles best på nebbet.  Nøttekråka som eg tok bilde av i dag har som vi ser på bildene eit langt og smalt nebb og kan derfor godt vere ei Sibirnøttekråke. Her skal eg sjekke med ornitolog for å finne ut kva for ein som var på besøk på Nesjestranda i dag. Sjå bildene nedenfor.  Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Nøttekråke, Havnevik, Nesjestranda, 01.11.2020. Det første bildet tatt på litt lengre hold.

Nøttekråke, Havnevik, Nesjestranda, 01.11.2020.

Nøttekråke, Havnevik, Nesjestranda, 01.11.2020.Legg til bildetekst


Nøttekråke, Havnevik, Nesjestranda, 01.11.2020.

Nøttekråke, Havnevik, Nesjestranda, 01.11.2020. Ganske langt og smalt nebb.

Nøttekråke, Havnevik, Nesjestranda, 01.11.2020.

Nøttekråke, Havnevik, Nesjestranda, 01.11.2020.


Nøttekråke, Havnevik, Nesjestranda, 01.11.2020. Viser den kvite spissen på stjertfjærene her.

Nøttekråke, Havnevik, Nesjestranda, 01.11.2020. Sjekker vingen før take-off.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar