onsdag 25. november 2020

Flyet til Arsenal FC på Molde Lufthavn, Årø

I går kveld kom flyet med fotballklubben Arsenal til Molde. Arsenal skal spille kamp mot Molde FK i morgen kveld. Arsenal FC kom med stort fly til Molde. Flyet landa i 18-tida i går kveld og det var for mørkt til å ta bilder. Hadde ærend i Molde i dag, så tok ein tur til flyplassen for å ta bildet av flyet som stod parkert. Flyet skal vere i Molde til avreise etter fotballkampen på torsdag kveld kl 23:30.  Flyet stod parkert rett foran terminalbygningene. Det var derfor svært vanskeleg å ta bilde av det.  Fekk tatt nokre bilder på langt hold. Det var regnbyger og dårleg fotover, Fekk også tatt bilde frå Bolsøya mellom to regnbyger. Her skulle ein ha vore ansatt på flyplassen for å kunne få tatt bedre bilder. 

Flight ZT7783 London Luton - Molde. Flyet var frå Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, bygd i 2000. Det kom til Titan Airways i 2006 etter 6 år hos Iberia Airlines med registrering EC-HIS.

Her på innlegget er det 4 bilder av flyet. Klikk på bildene for å sjå større bilder.


Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 25.11.2020.

Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 25.11.2020. Ikkje lett å få bilde av heile flyet.  

Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 25.11.2020.

Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 25.11.2020. Foto tatt frå Bolsøya.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar