Viser innlegg med etiketten Titan Airways. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Titan Airways. Vis alle innlegg

fredag 27. november 2020

Avgang med Titan Airways B757-256 frå Molde Lufthavn 27.11.2020

Flyet frå Molde til London Luton med Arsenal FC skulle etter plana reise frå Molde på torsdag kveld kl 23:30. Den flighten vart utsatt til fredag kl 11 på grunn av tåke i London. Dette gjorde det mulig for flyinteresserte å få sett avgangen til det store flyet som Arsenal FC bruker. Flyet frå Titan Airways er ein B757-256. Dette er vel andre gongen det har vore eit så stort fly på Molde Lufthavn. Forrige gongen det var eit B757-256 i Molde var i slutten av februar 2016. Sevilla FC var då i Molde for kamp mot MFK i UEFA Europa League 25.02.2016. Interessant er det å sjå at begge desse to B757 starta karrieren for spanske Iberia Airlines. Dagens avgang vart litt forsinka på grunn av avising før take-off.  Flyet letta frå Årø ca 11:20.  Her er mine bilder frå avgangen, totalt 15 bilder. Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Flight data :  Flight ZT7784, MOL - London Luton, Titan Airways, G-ZAPX,  B757-256, Bygd 2000.

Titan Airways, B757-256 klar til avgang frå Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020, Kl 11:00.

Titan Airways, B757-256 klar til avgang frå Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020.

Titan Airways, B757-256 klar til avgang frå Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020.

Titan Airways, B757-256 klar til avgang frå Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020. Flyet vart dirigert inn for avising før take-off.

Titan Airways, B757-256 avising på Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020.

Titan Airways, B757-256 avising på Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020.

Titan Airways, B757-256 avising på Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020.

Titan Airways, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020.

Titan Airways, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020. Flyet takser ut på rullebanen for å ta av frå vest mot øst.

Titan Airways, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020. Flyet takser ut på rullebanen for å ta av frå vest mot øst.


Titan Airways, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020. Flyet aksellerer for take-off.


Titan Airways, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020. Take-off.


Titan Airways, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020. Take-off.


Titan Airways, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020. Og så var flyet i lufta ca 11:20. God tur heim til London, Arsenal FC !

Titan Airways, B757-256, har tatt av frå Molde Lufthavn, Årø, 27.11.2020.  


onsdag 25. november 2020

Flyet til Arsenal FC på Molde Lufthavn, Årø

I går kveld kom flyet med fotballklubben Arsenal til Molde. Arsenal skal spille kamp mot Molde FK i morgen kveld. Arsenal FC kom med stort fly til Molde. Flyet landa i 18-tida i går kveld og det var for mørkt til å ta bilder. Hadde ærend i Molde i dag, så tok ein tur til flyplassen for å ta bildet av flyet som stod parkert. Flyet skal vere i Molde til avreise etter fotballkampen på torsdag kveld kl 23:30.  Flyet stod parkert rett foran terminalbygningene. Det var derfor svært vanskeleg å ta bilde av det.  Fekk tatt nokre bilder på langt hold. Det var regnbyger og dårleg fotover, Fekk også tatt bilde frå Bolsøya mellom to regnbyger. Her skulle ein ha vore ansatt på flyplassen for å kunne få tatt bedre bilder. 

Flight ZT7783 London Luton - Molde. Flyet var frå Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, bygd i 2000. Det kom til Titan Airways i 2006 etter 6 år hos Iberia Airlines med registrering EC-HIS.

Her på innlegget er det 4 bilder av flyet. Klikk på bildene for å sjå større bilder.


Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 25.11.2020.

Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 25.11.2020. Ikkje lett å få bilde av heile flyet.  

Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 25.11.2020.

Titan Airways, G-ZAPX, B757-256, Molde Lufthavn, Årø, 25.11.2020. Foto tatt frå Bolsøya.