tirsdag 4. mai 2021

K/F "Solskjel Kabelferge", 04.05.2021

I Norge er det svært få kabelferger i drift. I Møre og Romsdal har vi eitt kabelfergesamband. Det er sambandet over til Solskjelsøya på Nordmøre. Dette var fram til 2006 i Tustna Kommune, deretter i Aure Kommune etter kommunesammenslåing. 
Tustna Kabelferge BA vart stifta 20.10.2001. Kabelferge vart bestilt og levert 20.12.2008 frå Promek AS, Dyrnes på Smøla. Sambandet vart åpna 16.01.2009 og er "fastlandsforbindelse" for Solskjelsøya over Nordheimsundet til Nordheim på Stabblandet i dagens Aure Kommune. Strekninga er på ca 500 m og det er satt opp 2 daglige avganger. Frå 01.01.2013 skifta selskapet navn til Solskjel Kabelferge SA.
Kabelferga heiter K/F "Solskjel Kabelferge" og er 14.2 m lang med lastekapasitet på 24 tonn. Den tar opp til 4 biler og 12 passasjerer. Maskineriet er ein hydraulisk winch drevet av ein Deutz 81kW Dieselmotor.
Var heldig og fekk sjå ferga i fart under mitt besøk på Nordheim. Med kun 2 avganger daglig er det stor sjanse for at ferga ligg i ro på Solskjelsøya. 
Sjekk bildene nedenfor. Klikk på bildene for å sjå større bilde.

K/F "Solskjel Kabelferge" ligg ved fergeleiet på Solskjelsøya. Foto tatt frå Nordheim på Stabblandet.

Utsikt rett over Nordheimsundet til Solskjelsøya frå fergeleiet på Nordheim. 

Utsikt rett over Nordheimsundet til Solskjelsøya frå fergeleiet på Nordheim. 

K/F "Solskjel Kabelferge" ligg ved fergeleiet på Solskjelsøya. Foto tatt frå Nordheim på Stabblandet.

K/F "Solskjel Kabelferge" på tur over Nordheimsundet.

K/F "Solskjel Kabelferge" på tur over Nordheimsundet.

K/F "Solskjel Kabelferge" er nesten framme ved fergeleiet på Nordheim.

K/F "Solskjel Kabelferge" ved fergeleiet på Nordheim. Fergelemmen er lagt ned. Denne turen som gjekk utenom rutetabellen var for å hente ein passasjer.

K/F "Solskjel Kabelferge" på tur over til Solskjelsøya igjen.

K/F "Solskjel Kabelferge" på tur frå Nordheim over til Solskjelsøya.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar