søndag 9. november 2014

Trimtur Stensådalen - Kråna med retur om Flovikdalen

Har i dag gått endå ein tur som er merka i regi av Skåla Helselag. Denne gongen gjekk turen stort sett på lettgåtte skogsveger med litt sti mellom. Starta turen på RV64 og gjekk skogsvegen til Stenså-dalen. Passerte stidele til stien om Knuthytta der Stensåbakken låg (hoppbakken som no er revet). Fortsatte langs skogsvegen til Kråna. Der er det god blå merking vidare på sti opp gjennom tett granskog. Kryssa etter ei kort stund Stensåelva og fortsatte på stien opp til skogsvegen i Flovikdalen. Derifra gjekk eg ned igjen etter denne skogsvegen og endte opp ved Skyttarhuset "Glåmå".
Turen kan naturlegvis gåes i begge retninger. Dette er vel ein typisk trimtur, for her mangler den flotte utsikta vi har ellers på turane i dette området. Ellers håper eg Helselaget vil ordne med postkasse og navneskilt også i Kråna som er omtrent halvvegs på turen. Kråna kan vere eit turmål i seg sjølv som ikkje er for langt å gå ( mindre enn 30 min gange ). Heile turen tar i underkant av ein time i vanleg gangfart. Denne turen passer også fint til jogging for her er det stort sett fint terreng og gresskledd skogsveg i motsetning til Kamvegen som no er berre stein og røtter.

Start på skogsvegen til Stensådalen ved RV 64.   09.11.14.

Kort tid etter start passeres dette stidelet ved hoppbakken. Fortsett rett fram i retning Stensådalen.

Her stopper skogsvegen i tett granskog i Kråna. Følg blå merker på sti vidare oppover. 09.11.14.

På sti opp gjennom granskogen i Kråna. 09.11.14.

Stien passerer her Stensåelva.  09.11.14.

Stien frå Kråna kjem opp på skogsvegen i Flovikdalen. Her kan ein fortsette oppover Flovikdalen til Floviksetra og Horja, eller gå ned igjen etter skogsvegen slik som eg gjorde.  09.11.14.

På skogsvegen i Flovikdalen. 09.11.14.

Utsikt nedover skogsvegen i Flovikdalen. Vi ser Nord-Nesje rett fram. 09.11.14.

Her starter skogsvegen til Flovikdalen ved Skytterhuset "Glåmå" på Nesjestranda. Skytterhuset tilhører Nesjestranda & Skåla Skytterlag.  09.11.14.

Helselaget har også merka starten på denne skogsvegen nede ved Skytterhuset. 09.11.14.
 
Kartutsnitt som viser turen Stensådalen - Kråna - Flovikdalen. Total lengde i kart var 3.6 km.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar