søndag 8. november 2026

Åpent møte/Medlemsmøte, Birdlife Møre og Romsdal, Frænabu, 08.11.2026

På søndag 08.11.2026 var det arrangert medlemsmøte med program som vist nedenfor. Nokre fleire medlemmer kom til møtet i tillegg til dei som overnatta på Frænabu.

12.00 Registrering og restaurering av hekkeholmer i Møre og Romsdal v/Statsforvalteren og BirdLife.
13.00 Havørn og vindkraft i Midt-Norge:Hva har de siste 25 årene lært oss, og hva har vi i vente? v/ Espen Lie Dahl.

Dette prosjektet har allerede komme i gang og dei første hekkeholmane på Sunmmøre har blitt rydda. Det er også planlagt å rydde holmer i Romsdal i november måned. Prosjektet er tenkt å vare over fleire år sidan det også må årlig skjøtsel til for å hindre at kratt og skog veks opp igjen.


Medlemsmøtet starta kl 12 med ein presentasjon om prosjektet "Restaurering av hekkeholmer"

Leder i Birdlife Møre og Romsdal, Ingvar Gjerdevik, ønska velkommen til møtet og introduserte første innslag.

Ingunn Mobæk frå Statsforvalteren i Møre og Romsdal presenterer prosjektet "Restaurering av hekkeholmer".  

Ingunn Mobæk frå Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Ingunn Mobæk frå Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Birdlife Møre og Romsdal bisto med informasjon om aktuelle hekkeholmer i fylket. Tore Hals leda arbeidet frå Birdlife sin side.

Tore Hals viser ei oversikt over bidragsytere frå forskjellige kommuner som har bidratt med lokalkunnskap og informasjon om hekkeholmer.

Tore Hals, Birdlife Møre og Romsdal.

Prosjektleder frå Statsforvalteren, Ola Betten svarte ut ein del spørsmål frå salen.


Etter første presentasjon var det lagt inn ei pause med kaffe og kaker.  Neste presentasjon starta ca 13:20. Det var "Havørn og vindkraft i Midt-Norge:Hva har de siste 25 årene lært oss, og hva har vi i vente?" v/ Espen Lie Dahl frå Birdlife Møre og Romsdal.


Ingvar Gjerdevik intruduserer neste innslag om "Havørn og vindkraft i Midt-Norge" ved Espen Lie Dahl frå Smøla.

Espen Lie Dahl.

Espen Lie Dahl viste til ein 30 år lang historie om arbeid med havørn på Smøla og om vindkraft og havørn problematikk etter at vindkraftanlegget på Smøla kom i 2002. 

Espen Lie Dahl holdt ein svært interessant presentasjon om havørn og vindkraft på Smøla og ellers om planlagte vindkraftverk i Midt-Norge.  Smøla har Norges og ein av verdas tettaste populasjoner av hekkende havørn.

Info om Vindkraftverk på Smøla :
Smøla 1 : Starta i 2002 med 20 vindturbiner og ein produksjon på 40 MW.
Smøla 2 : Starta i 2005 med 48 vindturbiner og ein produksjon på 110 MW.


Vindkraftverket har fått pålegg om avbøtende tiltak i forbindelse med fugledød etter kollisjoner med vinturbinene. Det gjeld blant anna om å male turbintårn svart nederst og å male 1 av 3 rotorblad svart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar