fredag 3. juni 2016

Kortreist tur til Skålsetra på Nesjestranda

Køyrde ein tur til Skålsetra på denne fine Juni-dagen.  Med betalt Årskort for Skålsetervegen er det godt å vite at ein kan køyre utan tanke på å ha med cash til å betale bompengene med. Skålsetervegen er delvis oppgrusa opp til skiftet med vegen til Bjørnelihaugen. Derifrå og inn til Skålsetra er vegen i svært dårleg forfatning. Det lønner seg å ha ein bil med høg bakkeklaring. Håper grunneigarane finn penger til å gruse opp den siste delen av vegen heilt inn til Skålsetra. 
Første stoppet mitt vart ved rasteplassen på Vikvatnet. Det var vindstille og landskapet speila seg i vatnet og innbaud til naturfotografering. Vi venter no på at Skåla Jeger og Fisk sett ut fiskebrygga.
Neste stopp var ved Skålvadet ved det første Skålvatnet.  Her er det flott utsikt mot Skålsetra som ligg lunt til ved foten av Breiabotnen. Skålsetra er startpunkt for turer til Litle Skåla (902 moh) og til klatrefeltet i Stornøsa. 
Var heldig og kom over nokre innfødte her ved osen der elva frå dei andre vatna kjem inn i Skålvatnet.  På ein stor stein ute i vatnet stod ein rødstilk i kvilestilling på eitt bein. Kanskje ligg hoa på reir i nærheten.  Stokkandmor hadde full kontroll på sine 7 andunger på turen frå kilen og ut i vatnet.   Flotte naturopplevelser å ta med seg på ein vanleg Juni-fredag.

Utsikt over Vikvatnet, 03.06.16.
Vikvatnet med Vassfjellhamran, 03.06.16.
Skålsetra sett frå Skålvadet, 03.06.16.
Ein Rødstilk i kvilestilling på eitt bein på steinen i første Skålvatnet, 03.06.16.
Stokkand-mor med 7 andeunger på tur ut i første Skålvatnet.  03.06.16.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar