søndag 3. mai 2015

Stikk UT tur til Ørnehaugen, Aukra

Dette var stikk UT tur nr 3 denne dagen.  Vi avslutta med tur til Ørnehaugen med utsikt mot Ormen Lange anlegget i Nyhamna, Dei 2 forrige turane var ganske korte og dette vart den lengste turen, 1.9 km ein veg, 3.8 km tur / retur. Langs stien var det satt opp skilt med "Sikringsfelt" og "All bruk av åpen ild og skytevåpen forbudt". Dette var på grunn av at området ligg innafor sikringssområdet rundt gassanlegget.
Litt øst for stien kunne vi sjå ein gammel gard. Det var også satt opp eit opplysningsskilt om denne garden. Dette var Futvika som var ein husmannsplass under garden Eikrem. Den siste som budde fast på garden var Futvik-Anna som døde i 1967, Plassen har sidan vore brukt som feriebustad. Det er ikkje veg til plassen, kun ein sti. Bygningane på plassen, våningshus, løe og naust skal ha blitt bygd på 1840-tallet. Eg gjekk ein tur ned til husmannsplassen og fulgte så stien tilbake dit den igjen møtte turstien. Det var ein fin avstikkar på returen frå Ørnehaugen.    Her er bildene :

Denne turen starter like ved anlegget i Nyhamna, eller nærmere bestemt ved Pumpestasjonen på Eikrem. 03.05.15. 

Første del av turen gjekk på fin sti langs dyrka mark på Eikrem.

Vi kom så til ei info-tavle som viste kart over Tursti til Ørnehaugen.

Her er vi komme fram til utsiktspunktet på Ørnehaugen. Her var det også satt opp info-tavler om blant anna Ormen Lange anlegget i Nyhamna.

På Ørnehaugen, 51 m.o.h. Ormen Lange anlegget i Nyhamna ligg rett bak meg. Det var litt vindfullt på Ørnehaugen som låg heilt åpent til ut mot havet.

På Ørnehaugen. Anne Torill skriv oss inn i turboka.

På Ørnehaugen. Fjellet bak oss er Skalten og vi ser også Skardsettinden.  03.05.15.

Ormen Lange anlegget i Nyhamna. Prosessanlegg for gass.

Kransymmetri på Ormen Lange anlegget.

Utsikt mot den eine av kaiene i Nyhamna. Rett bak kan vi sjå Søre og Nordre Bjørnsund. 03.05.15.

Info-tavle på Ørnehaugen om Ormen Lange.

Utsikt frå Ørnehaugen sørover Julsundet mot Julneset og Vestnes-fjella. Vi ser også ferga i sambandet Aukra - Hollingsholm.

Martin på Ørnehaugen. 03.05.15.

Utsikt opp mot Ørnehaugen, 51 m.o.h. 

Info-tavle om Husmannsplassen Futvika. 

Husmannsplassen Futvika.

Løa i Futvika. 

Våningshuset i Futvika. Bygningane vart bygd på 1840-tallet.  03.05.15.

Futvika,

Futvika. Før eg gjekk vidare vart det plutselig eit glimt av sol som lyssatte husmannsplassen.
Langs turstien var det mange slike Forbudsskilt.  Vi var innafor sikringsområdet rundt gassanlegget i Nyhamna. 03.05.15.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar