fredag 16. august 2019

Traner på Lauvåsen, Røvik

Mange fuglearter har minka i antall og utbredelse dei seinare åra. Ein art som har utvida området sitt dei siste 10-20 åra er tranen. Frå å vere ein fugl du høyrde om som karakterfugl på Fokstumyra på Dovrefjell, har tranen vorte ein kjent fugl her lokalt. Sjølv vart eg fascinert av traner etter å ha sett Naturprogrammene frå Fokstumyra på NRK TV tidleg på 1970-tallet. Den gongen var det den flinke naturfotografen Mathis Kværne som filma blant anna traner på Fokstumyra. Har fortsatt 2 bøker som han ga ut om fuglelivet på Fokstumyra.
Alle som trafikerer RV64 på Skålahalvøya har vel sett traner på markene langs vegen. Markene på Lauvåsen i Røvik har vore svært populære hos lokale traner i mange år. Det er særleg morgen og kveld det er størst sjanse for å sjå tranene. Det er også lett å kjenne igjen det høge trompetropet til tranene. Desse varselropa kan ein også høyre frå traner i flukt.
I sommer har eit tranepar vore svært vanleg å sjå på Lauvåsen. Heilt til dags dato går traneparet og leiter etter mat på markene der. Dette kan vere eit par som har mislykka med årets kull, men det kan også vere eit yngre par som ikkje har hekka i år. Tranene hekker første gong i ein alder av 4 - 6 år. Hunnen legg 2 egg, så tranene får maksimalt 2 unger. Uansett er fuglane eit flott skue å sjå.
Har tatt meg tid til å stoppe opp nokre gonger for å fotografere fuglane viss dei har vore nær bilvegen. Bruker 600 mm zoomlinse og tar bildene frå bilen for ikkje å uroe fuglane. Siste dagen, (16/8)  såg eg at begge tranene hadde tatt middagskvil. Hannen stod på eit bein med hodet kvilande på kroppen og sov eller halvsov. Hoa hadde lagt seg ned og "flata ut" i graset slik at ho var knapt synleg frå vegen. Det er godt gjort for ein stor fugl som trana å bli så usynleg som på dei siste 2 bildene. Trana er ca 110 - 120 cm høg og kan ha eit vingespenn på nesten 2.5 meter. Her er nokre av bildene :


12-AUG-2019 :

Trane på Lauvåsen 12.08.2019

Tranepar på Lauvåsen, 16.08.2019. Hannen held vakt, mens hunnen leiter etter mat i graset.

Trane, Regner med at det er hannen som står vakt. Lauvåsen 12.08.19.

Trane, hunnen leiter etter mat i gresset, Lauvåsen 12.08.19.

16-AUG-2019 :


Traneparet har tatt middagskvil ikkje langt unna bilvegen på Lauvåsen, 16.08.2019. Hoa har lagt seg ned i graset og er nesten usynleg.
Traneparet fotografert frå ein litt anna kant. Hannen har våkna og er oppmerksom, men kviler fortsatt på eitt bein.  Lauvåsen 16.08.2019.



Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar