torsdag 30. april 1992

NEG - Marsa Matrouh, Egypt 26-Februar - 30-April 1992

Har i lang tid tenkt å bruke bloggen min til å presentere gamle bilder frå den tida eg jobba for Schlumberger i utlandet. Mange kjentfolk, venner og slekt har lurt på korleis det var å jobbe i "oljå" i utlandet. Begynte å jobbe som feltingeniør for Schlumberger den 01.04.85 etter endt utdanning ved NTH i Trondheim. Utdannelsen var som oljeingeniør med fagområde Petroleum Technology på Berg A avdelinga ved NTH.
Dei første åra jobba eg som feltingeniør i Vest Tyskland, Nederland, Norge, Italia og Skottland.
I begynnelsen av 1992 vart eg overført til Egypt. Ankom Kairo den 13.02.92. Var dei første dagane på basen i Ras Shukheir, men frå 26.02.92 - 30.04.92 jobba eg på Schlumberger-basen NEG (North Egypt) i byen Marsa Matrouh som låg ved Middelhavskysten. Vi jobba i det området av Egypt som er kalla Western Desert og som strekker seg heilt til grensa mot Libya i vest. I Western Desert var det landjobber i ørkenen, men i tillegg hadde vi arbeid på nokre små plattformer utenfor Alexandria. Min jobb var i cased hole logging og brønnservice.

I 1992 hadde Schlumberger 4 baser og eitt distriktskontor i Egypt. Basene var : 
NEG, Marsa Matrouh,  Wireline.
AEG, Abu Rudeis,   Wireline.
SEG, Ras Shukheir,  Wireline.
GEG, Ras Gharib,  Brønntesting.
EMD, Kairo,  East Mediterranean District.

Har fått skanna ein del bilder frå denne tida og dette første innlegget viser eit utvalg av bilder eg tok den første tida i Egypt, mens eg var stasjonert i Marsa Matrouh.
Bildekvaliteten er nok ikkje heilt på dagens nivå sidan dette er skanna papirkopier. Det vart heller ikkje tatt så mange bilder sidan dette var før den digitale tidsalder. Det var heller ikkje alle plasser det var lov å ta med seg kamera. Dette var lenge før begrepet "selfie" var oppfunne, og dei få bildene der eg er med er enten tatt av mine operatører eller tatt med sjølvutløysar.
Har tilbakedatert publisering til 1992 for at innlegget skal komme på rett årstall i bloggarkivet.

På jobb på ein Santa Fe riggen "SF-92"  i Meleiha, Western Desert, Egypt 28-Feb - 1-Mars 1992. Min arbeidsplass var stort sett inne i loggetrucken til Schlumberger, men var også med operatørane og rigga opp og ned utstyr.

Hovedgata i Marsa Matrouh, Egypt 05.04.92. Marsa Matrouh er ein turistby på Middelhavskysten som er brukt som ferieby for egyptere. Det var svært få vestlige personer her, med unntak av dei få som jobba i oljeindustrien.

Schlumberger Explosive Bunker i Salam, Western Desert, Egypt 05.04.92.


Kameler i Western Desert, Egypt 05.04.92. Av og til kunne vi sjå flokker med kameler i ørkenen, slik som her.  Her var det i alle fall litt grønt og muleg for dei å finne mat.



Ved oljefeltet Meleiha i Western Desert 06.04.92. Her brann det olje og gass kontinuerlig - ingen som hadde høyrt om NOx og CO2-utslipp endå.

Kameler i Western Desert, Egypt 07.04.92. Dette er dromedarer, men i Egypt vart desse også kalla kameler sjølv om dei berre har ein pukkel.

Ørkenblomst, Western Desert, Egypt 07.04.92. Dette var vel dei einaste blomstrane eg såg ute i ørkenen. Desse voks rett opp frå sanden.

På biltur i Western Desert, Egypt April 1992.  På veg til jobb i brønnen Obaiyed 1-1. Loggetrucken var allerede på plass og eg køyrde etter i ein pick-up.

Wellsite i Western Desert, Egypt  April 1992
Brønn : Obaiyed 1-1, riggen var  "EDC-9". Oljeselskapet var Bapetco.

Desert truck #9931 på wellsite i Western Desert, Egypt April 1992.   Brønn : Obaiyed 1-1, riggen var "EDC-9". Loggetrucken var ein amerikansk International Transtar II med 6-wheel drive og ekstra store hjul for å kunne køyre i ørken (desert truck).

Desert truck #9931 på wellsite i Western Desert, Egypt April 1992.
Brønn : Obaiyed 1-1, riggen var "EDC-9".
Oljeselskapet var Bapetco.
 
Ein kamel krysser vegen. På tur tilbake frå wellsite i Western Desert, Egypr April 1992.
Kameler på vegen er livsfarleg, særleg på kveld og natt når det er mørkt. I Schlumberger hadde vi forbud mot nattkøyring blant anna på grunn av denne faren. Øyene til ein kamel reflekterer ikkje lyset slik som våre hjortedyr, og det er dermed ikkje råd å sjå kamelane før dei dukkar opp i billyset, og då kan det ofte vere for seint.


Torghandel i Marsa Matrouh 26.04.92.

Torghandel i Marsa Matrouh 26.04.92.

Den største moskeen i Marsa Matrouh 26.04.92.

Marsa Matrouh 26.04.92.
Stranda sett frå Hotel Beau Site der eg bodde den første tida.

Torghandel i Marsa Matrouh 26.04.92.

Torghandel i Marsa Matrouh 26.04.92.

Esel-taxi i Marsa Matrouh 26.04.92. Inne i byen var det ikkje lov å drive taxi med bil, her var det kun esel-taxi slik som denne.

Esel-taxi i Marsa Matrouh 26.04.92.

Utenfor min villa i Marsa Matrouh 26.04.92. Etter ei tid på hotell fekk eg egen villa den siste tida av mitt opphold i Marsa Matrouh. Bilen utanfor var den eg disponerte den siste tida i Marsa Matrouh.

Bilen som eg disponerte i NEG, GMC #61, Marsa Matrouh 26.04.92. Dette var ein GMC Sierra pickup med 6.2 liters motor, 4 wheel drive og 3 gir.  Den var utstyrt med VAPS system som ga alarm ved 80 km/t og blåste i hornet ved 85 km/t.

På trappa utenfor min SLB villa i Marsa Matrouh 26.04.92,

Sjekk av PLT-tools etter Q-check, NEG, Marsa Matrouh 27.04.92.

Sjekk av PLT-tools etter Q-check, NEG, Marsa Matrouh 27.04.92. Dette var min plass i godstolen i loggetrucken, bak CSU (Cyber Service Unit) loggesystem.

Sjekk av PLT-tools etter Q-check, NEG, Marsa Matrouh 27.04.92. Med mine to egyptiske operatører Morsi Khamis og Gamal Heikal.

Loggetruck, NEG, Marsa Matrouh 27.04.92. Loggetrucken er av type International Transtar II. Legg merke til ekstrautstyret : Foran på støtfangeren er det krybbe for BOP og skrustikke. Det kvite røret ved døra er ei VHF-teleskopantenne som vi brukte til radio-kommunikasjon ute i ørkenen. Einaste kommunikasjon vi hadde var VHF-radio.

Taxi-holdeplass / parkering for eseltaxi i Marsa Matrouh 30.04.92.

Esel-taxi, Marsa Matrouh 30.04.92.


Ei ku har lagt seg på midtrabatten i ei gate i Marsa Matrouh 30.04.92. Dei få kyrne som eg såg i Marsa Matrouh,  gjekk fritt i gatene og spiste det dei kom over. Dette var min siste tur i sentrum av Marsa Matrouh. No gjekk turen vidare til basen i Abu Rudeis på Sinai-halvøya.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar