Viser innlegg med etiketten Åfarnes. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Åfarnes. Vis alle innlegg

tirsdag 5. mars 2024

Dåp av M/F "Eresfjord" og M/F "Rødvenfjord" på Åndalsnes 05.03.2024, Del 1

Tirsdag 05.03.2024 var det dobbelt skipsdåp av Fjord1's ferger M/F "Eresfjord" og M/F "Rødvenfjord" på Åndalsnes. Begge desse fergene går i sambandet Sølsnes - Åfarnes og reserveferga M/F "Eira" vart satt inn i ruta mens dei 2 faste fergene tok turen til Åndalsnes. Eg tok også turen til Åndalsnes for å overvære skipsdåpen og dokumentere denne dagen for min fotoblogg. 

M/F "Eresfjord" var bygd i 2019 og hadde sitt første anløp på Sølsnes 11.09.2020. M/F "Romsdalsfjord" var bygd i 2021 og hadde sitt første anløp på Sølsnes 10.01.2022.  Her var det altså snakk om "voksendåp" sidan fergene har gått i sambandet i henholdsvis 3½ og 2 år.  På grunn av pandemien og mange nye ferger i Fjord1 har dåpen av desse to fergene blitt utsatt fram til i dag.

Har valgt å dele denne dagen i 2 blogginnlegg. Dette første innlegget viser litt av fergenes tur frå Åfarnes til Åndalsnes og fergene ved Tindekaia på Åndalsnes i tida før dåpen kl 14:00.
Del 2 vil vere dokumentasjon av sjølve skipsdåpen og litt frå omvisning ombord på "Rødvenfjord".

"Eresfjord" med full flaggføring på sin siste tur Sølsnes - Åfarnes før turen til Åndalsnes og skipsdåp, 05.03.2024.

"Rødvenfjord" med full flaggføring på sin siste rundtur Åfarnes - Sølsnes før turen gjekk til Åndalsnes. 05.03.2024.  Foto tatt frå "Eresfjord".  

Fergebytte på Åfarnes. "Eresfjord" går frå kai og overlater ruta til "Eira" som kjem inn til høgre i bildet, Åfarnes, 05.03.2024.

Fergebytte på Åfarnes. "Eresfjord" går frå kai og overlater ruta til "Eira" som kjem inn til høgre i bildet, Åfarnes, 05.03.2024.

"Eresfjord" med full flaggføring starter på turen til Åndalsnes for skipsdåp, Åfarnes, 05.03.2024.

"Eresfjord" passerer Halsneset / Norvikhalsen på tur inn Romsdalsfjorden, Norvika, 05.03.2024.

"Eresfjord" på veg inn Romsdalsfjorden, Torvika, 05.03.2024. 

"Eresfjord" på veg inn Romsdalsfjorden, Torvika, 05.03.2024. 

"Eresfjord" har lagt til kai, Åndalsnes, 05.03.2024.

"Eresfjord", Åndalsnes, 05.03.2024. Foto tatt frå Nebba.   

"Eresfjord" ved Tindekaia og "Rødvenfjord" på tur til å legge til på innsida av Tindekaia, Åndalsnes, 05.03.2024. Foto tatt frå Nebba. 

"Eresfjord" ved Tindekaia og "Rødvenfjord" på tur til å legge til på innsida av Tindekaia, Åndalsnes, 05.03.2024. Foto tatt frå Nebba. 

"Rødvenfjord" og "Eresfjord" ved Tindekaia (NATO-kaia), Åndalsnes, 05.03.2024. Foto tatt frå Nebba. 

"Rødvenfjord" og "Eresfjord" ved Tindekaia, Åndalsnes, 05.03.2024. Foto tatt frå Nebba. 

"Rødvenfjord" og "Eresfjord" ved Tindekaia, Åndalsnes, 05.03.2024. Foto tatt frå Nebba. 

"Eresfjord" og "Rødvenfjord" ved Tindekaia, Åndalsnes, 05.03.2024.

"Rødvenfjord" og "Eresfjord" ved Tindekaia, Åndalsnes, 05.03.2024.

"Rødvenfjord" og "Eresfjord" ved Tindekaia, Åndalsnes, 05.03.2024.


mandag 9. mai 2022

M/S "Amera" på Langfjorden, 09.05.2022

I 2022 er antall cruiseanløp i Romsdal tilbake til før-pandemi-nivå. Men Eresfjord har i år kun fått 1 anløp. Dette anløpet var i dag, 09.05.2022, av cruiseskipet "Amera". Det var første anløp for "Amera" i Eresfjorden. Skipet kom kl 7 og dro i 11-tida med destinasjon Åndalsnes. Køyrde innover til Nordstranden på Nesjestranda for å ta nokre bilder av skipet på veg ut Langfjorden. Bildene er tatt på Reitan og i Maloneset.

Her er litt historikk om M/S "Amera" som vart bygd for norske Royal Viking Line i 1988.

Bygd 1988 v / Oy Wärtsilä Ab, Turku/Åbo, Finland.  39051 grt, 204 m, max 835 passasjerer, 21.5 knop.
IMO 8700280.
1988-1994 : "Royal Viking Sun", Royal Viking Line,
1994-1999 : "Royal Viking Sun", Cunard Line,
1999-2002 : "Seabourn Sun", Seabourn Cruise Line,
2002-2019 : "Prinsendam", Holland America Line,
2019 - :        "Amera", Phoenix Reisen, Bonn, Tyskland.

M/S "Amera" på veg ut Langfjorden etter besøk i Eresfjorden, 09.05.2022.  I bakgrunnen ser vi bebyggelse på Morkastranda i Rauma kommune. Bildet er tatt frå Reitan Gård, Nesjetranda,

M/S "Amera" på veg ut Langfjorden etter besøk i Eresfjorden, 09.05.2022.  Utsikt mot Slemmen på sørsida av Langfjorden. Litt mindre zoom for å få med meir av landskapet. Bildet er tatt frå Reitan Gård, Nesjestranda..

M/S "Amera" på veg ut Langfjorden etter besøk i Eresfjorden, 09.05.2022. Bildet er tatt frå Reitan Gård, Nesjestranda.

M/S "Amera" på veg ut Langfjorden etter besøk i Eresfjorden, 09.05.2022. 
Holmsholmen og Holm Kyrkje i bakgrunnen. Bildet er tatt frå Reitan Gård, Nesjestranda.

M/S "Amera" på veg ut Langfjorden etter besøk i Eresfjorden, 09.05.2022. Skipet nærmer seg Åfarnes. Bildet er tatt frå Malones, Nesjestranda.

M/S "Amera" på veg ut Langfjorden etter besøk i Eresfjorden, 09.05.2022. "Amera" passerer Åfarnes. Bildet er tatt frå Malones, Nesjestranda.

M/S "Amera" på veg ut Langfjorden etter besøk i Eresfjorden, 09.05.2022. "Amera" passerer Åfarnes med høge snøkledde fjell i bakgrunnen. Flott natur for dei tyske turistane ombord. Vi ser fjellet Kongen til venstre, Gridsetskolten og Finnan i midten. Bildet er tatt frå Malones, Nesjestranda.


fredag 13. desember 2019

Fergebytte på rute 36 Sølsnes - Åfarnes

I dag kom "Lifjord" for å gå inn som A-ferge på rute 36 Sølsnes - Åfarnes i staden for "Årdal". "Årdal" gjekk om ettermiddagen ut fjorden med destinasjon Bergen.  Ei stund var det derfor 3 ferger på Langfjorden. Og det var totalt fråvær av ex MRF-ferger. Alle 3 fergene var ex FSF-ferger med navn frå Sogn og Fjordane : "Stryn", "Årdal" og "Lifjord".  "Lifjord" testa fergekaiene med prøveanløp på både Sølsnes og Åfarnes før dei tok over ruta.
Oppdaga på AIS at "Lifjord" kom innover Veøyfjorden og fekk tatt ein tur til Sølsnes for å ta nokre bilder i anledningen. Regner med at "Lifjord" skal gå i ruta til ny-fergene "Eresfjord" og "Rødvenfjord" skal begynne.

I skrivende stund (Kl 19:00) har "Årdal" lagt til kai på Gjøsundneset på Vigra. "Årdal" skal sørover og gå fast i ruta Hatvik - Venjaneset i Hordaland.

Her er nokre av dagens bilder. Det var lav, skarp sol og mykje skygge, så bildene vart vel ikkje heilt optimale.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019. Dette var eit av die siste anløpa på Sølsnes.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019. Avgang til Åfarnes.

"ÅRDAL" på Sølsnes 13.12.2019. Avgang til Åfarnes.

"LIFJORD" dukka opp ved Sølsnes. Vi ser Veøya i bakgrunnen.  13.12.2019.

"LIFJORD" ved Sølsnes 13.12.2019.

"LIFJORD" har lagt seg til for å komme inn til kaia på Sølsnes. Måtte vente til B-ferga "STRYN" hadde gjort seg ferdig med sitt anløp først. 13.12.2019.

"STRYN" på veg til kai på Sølsnes 13.12.2019.

"STRYN" og "LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

STRYN" og "LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

"LIFJORD" kom nesten sidelengs inn til kai på Sølsnes, 13.12.2019.

"LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

"LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019. Første bilen ruller i land, trur det var ein mannskapsbil.

"LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

"LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019. Bak ser vi "ÅRDAL" på veg tilbake til Sølsnes.

ÅRDAL" og "LIFJORD" på Sølsnes 13.12.2019.

onsdag 6. februar 2019

Bokbåten "Epos" besøker Åfarnes

Tok meg ein tur med ferga over til Åfarnes for å sjå Bokbåten "Epos" som skulle komme kl 16:15. Dette kan fort vere "Epos" sin siste turne i Møre og Romsdal sidan det er liten politisk vilje til å opprettholde dette bokbåt-tilbudet. Åfarnes har hatt anløp av "Epos" dei fem siste åra etter at lokalt initiativ fekk gjennomslag for det. Tidlegare hadde innbyggjarane i Rauma Kommune tilbud om Bokbuss, men den vart nedlagt. Derfor vart det anløp av bokbåten her. Åfarnes er eit av dei mest besøkte stoppestadane på ruta. Det vil vere svært synd om bokbåt-tilbudet blir lagt ned sidan flesteparten av stoppestadane på ruta er små bygder med lang veg til nærmaste bibilotek. Ellers har bokbåten eit kulturprogram der ungane får oppleve ei forestilling ombord. Uheldigvis var det ikkje forestilling ved det siste anløpet denne dagen.

Les journalist Ragnhild Bakke sin reportasje frå anløpet på Åfarnes på RB-nett : https://www.rbnett.no/kultur/2019/02/09/%E2%80%93-Vil-v%C3%A6re-trist-om-bokb%C3%A5ten-slutter-%C3%A5-komme-18438546.ece .
Uheldigvis er denne reportasjen på RB-nett bak ein betalingsmur, så er usikker på om dere kan åpne linken.

Mitt blogginnlegg er meint kun som ein bildedokumentasjon av  Bokbåtens anløp på Åfarnes. Det var seint på ettermiddagen med gråver og antydning til snø i lufta denne dagen. Fotolyset var derfor ikkje optimalt, men bildene vart brukbare likevel.
Etter anløpet på Åfarnes 16:15 - 17:15 skulle "Epos" vidare til Eresfjorden for overnatting. I morgen var det så anløp på Nauste i Eresfjord og i Vistdal.


M/S "EPOS" var bygd i 1963 ved Fjellstrand Skipsverft i Omastrand,  Lengde 25.6 m, 120 brt. Har passasjersertifikat for 100 personer. Sidan 2003 er eier Vinnes Skyssbåtservice, 5640 Fusa.
Båten er utleid som Bokbåt i haust og vinter-sesongen, ellers er den brukt til turisttrafikk.

"Epos" på veg til Åfarnes, 06.02.2019. I bakgrunnen ser vi Veøy Kyrkje på Sølsnes, Nesjestranda. Lenger bak ser vi skibakkene i Tusten.

"Epos" på veg inn til fergekaia på Åfarnes. I bakgrunnen ser vi ferga "Julsund" ved kai på Sølsnes.

"Epos" måtte stoppe opp og vente litt til ferga hadde gått frå kai på Åfarnes.

"Epos" på vent utanfor fergekaia på Åfarnes.

"Epos" på vent utanfor fergekaia på Åfarnes.

"Epos" på vent utanfor fergekaia på Åfarnes. Ein del foreldre med barn var på plass på kaia. 

"Epos" på vent utanfor fergekaia på Åfarnes. Ferga "Stryn" har akkurat lagt frå.

M/S "Epos", på Åfarnes.  Bygd i 1963, 25.6 m lang, 120 brt. Sertifikat for 100 personer.

Då var det klart for "Epos" å komme til kai på innsida av fergekaia.

"Epos" på veg til kai på Åfarnes. Ferga "Stryn" har dratt frå kaia.

"Epos" på veg til kai på Åfarnes. Ferga "Stryn" har dratt frå kaia på ny tur til Sølsnes.

"Epos" på veg til kai på Åfarnes. Ferga "Stryn" er på veg over Langfjorden til Sølsnes.

"Epos" på veg til kai på Åfarnes. Ferga "Stryn" er på veg over Langfjorden til Sølsnes.

"Epos" la til ytterst på fergekaia på grunn av fjære sjø.

"Epos" ved kai på Åfarnes, 06.02.2019.



"Epos" ved kai på Åfarnes.

"Epos" hadde liggetid i 1 time på Åfarnes (16:15 - 17:15). Publikum fekk gå ombord så snart båten var fortøyd. 

Foreldre og barn på veg ombord på "Epos", 06.02.2019.

Det var stort oppmøte på kaia på Åfarnes. Dette var eit av dei best besøkte anløpa.

Foreldre og barn på veg ombord i "Vestlandet sitt flytande bibliotek". 

"Epos" ved kai på Åfarnes.

Bokbåten "Epos". Båten vart bygd i 1963 som bokbåt så den har holdt på i 56 år.

I hjørnet av bibiloteket ombord var bibliotekarane klar til å ta imot bøker og låne ut nye bøker.

Frå biblioteket ombord på bokbåten "Epos",  Åfarnes 06.02.2019.

Frå biblioteket ombord på bokbåten "Epos",  Åfarnes 06.02.2019.

Frå biblioteket ombord på bokbåten "Epos",  Bibliotekarane var Berit Hjertø og One Marthe Vik.

Frå biblioteket ombord på bokbåten "Epos",  Åfarnes 06.02.2019.
For meg var besøket over og det var tid til å ta ferga tilbake til Sølsnes.

"Epos" og ferga "Stryn" ved fergekaia på Åfarnes, 06.02.2019.


"Epos" sett frå ferga "Stryn". Åfarnes 06.02.2019.


"Epos" sett frå ferga "Stryn". Skipper og båteier Svein Ivar Vinnes står ved landgangen. 

M/S "Epos" av Bergen ved fergekaia på Åfarnes 06.02.2019.

Då er eg på veg til Sølsnes med "Stryn" på 16:45-avgangen.  "Epos" har igjen ein halvtime av liggetida på Åfarnes 06.02.2019.