M/F "Rødvenfjord" vart i dag satt inn i rute på strekninga Sølsnes - Åfarnes. Ferga kom til Molde 30.09.2021, så den har vore i Molde i over 3 månader før den vart satt inn i rute 36, Sølsnes - Åfarnes.
"Rødvenfjord" og "Eresfjord" vart bygd til denne ruta etter siste anbudsrunde. Begge fergene er hybrid-ferger med elektrisk drift med hurtiglada batterier og dieselelektrisk reservedrift. No er det ikkje utbygd ladestasjoner verken på Sølsnes eller på Åfarnes, så fergene må benytte dieselelektrisk framdrift i lang tid framover.
I 11-tida la "Rødvenfjord" til kai på Sølsnes for å ta ombord proviant, varer og betjening til kiosken. Ferga gjekk så ut på fjorden igjen for å få alt på plass til den første offisielle turen.
"Rødvenfjord" gjekk inn i ruta til B-ferga "Lifjord" med avgang frå Sølsnes kl 13:05. Kunne høyre skipsfløytene tute på langt hold i det fergene bytta og M/F "Lifjord" gjekk ut fjorden til Molde etter lang tid som B-ferge i sambandet. I skrivende stund har M/F "Rødvenfjord" lagt seg til kai ved tømmerterminalen på Malo og mannskapet kan ta seg ein velfortjent kvil.
Her er nokre av mine bilder frå Sølsnes denne dagen.
|
M/F "Rødvenfjord" legg til kai på Sølsnes for å ta ombord proviant og kioskvarer, 10.01.2022, kl 11:11. |
|
"Rødvenfjord" gjekk frå kai umiddelbart for å gi plass til "Eresfjord" som går i sambandet i par med "Lifjord". |
|
"Rødvenfjord" på vent utanfor Sølsnes, 10.01.2021. |
|
"Rødvenfjord" gjekk etter ei stund i retning mot Åfarnes på sørsida av Langfjorden. Vi ser ferga "Lifjord" ved fergekaia på Åfarnes i bakgrunnen. 10.01.2022. |
Kom tilbake til Sølsnes om ettermiddagen etter at "Rødvenfjord" hadde komme seg inn i B-ruta. Første turen gjekk kl 13:05 frå Sølsnes.
|
"Rødvenfjord" på veg mot fergekaia på Sølsnes, 10.01.2022, kl 14:55. |
|
"Rødvenfjord" på veg mot fergekaia på Sølsnes, 10.01.2022. |
|
"Rødvenfjord" på veg mot fergekaia på Sølsnes, 10.01.2022. |
|
"Rødvenfjord", Sølsnes fergekai, 10.01.2022. |
|
"Rødvenfjord", Sølsnes fergekai, 10.01.2022.
|
|
"Rødvenfjord", Sølsnes fergekai, 10.01.2022. Nye biler har køyrt ombord.
|
|
M/F "Rødvenfjord" starta på sin 4 tur frå Sølsnes over Langfjorden, 10.01.2022, kl 15:05. |
|
M/F "Rødvenfjord", Sølsnes, 10.01.2022. |
|
M/F "Rødvenfjord", Sølsnes, 10.01.2022.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar