søndag 20. november 2011

Tur til Tågheia, Audunshø og Frænavarden

20-Nov-2011 :

Denne søndagen gjekk eg ein tur i fjellet i Molde. Det var ein grå og kjedelig haustdag. Til å vere i slutten av november var det likevel flott å kunne gå på fotturer i fjellet. Normalt er det snø i fjellet på denne tida. Starta turen frå P-plassen ved Damefallet oppe i Vardevegen. Gjekk opp til Skihytta. Derifrå gjekk eg vidare opp på Tågheia, 512 moh. Dette var eit av årets Stikk UT turmål, men det var no for seint med registrering sidan postane var tatt ned. Det blåste litt på toppen. Fekk eit flott syn i det sola braut gjennom skylaget og lyste ned på Molde. Det såg ut som det lyste gull på Molde og det på den dagen då Molde FK fekk sine velfortjente gullmedaljer etter å ha vunne årets serie.
Fortsatte vidare over toppen av Lågheia og ned i skaret på vestsida av Bjørsettjørna. Gjekk så bratt oppover lia og opp til toppen av Audunshø, 575 moh. Denne toppen har 2 navn  : Audunshø står det på vegvisarane i området, mens det står Audunsheia på kartet. Her var det flott utsikt i alle retninger. Såg også utover mot havet. Neste mål for meg var Frænavarden som låg rett østover. Måtte gå ned igjen frå Audunshø før stien fortsatte oppover mot Frænavarden. Her var det tydeleg sti. Gjekk opp på Frænavarden, 588 moh.. Dette fjellet har også navnet Middagsfjellet, men det ser ut til at det er Frænavarden som er mest kjent og brukt. Kommunegrensa mellom Molde og Fræna går over både Audunshø og Frænavarden. Flott utsikt ned til Malmefjorden, Sandsbukta og Holsetra i nord. Tok ei velfortjent matpause i le av Frænavarden. Det var litt sur vind på toppen. Gjekk ned om normalvegen til Audunstjørnan og Skihytta. Her var stien tildels svært blaut og skitten etter stor ferdsel og masse nedbør i år. Det var mange strekninger der det skulle ha vore lagt ut planker for å unngå meir skade på naturen. Stien blir berre breiare og breiare sidan folk flest vil unngå den verste gjørma. Kom ned til Skihytta like før stengetid kl 15. Skihytta er åpen for servering alle søndager frå 10 - 15 og er eit flott turmål for Moldes befolkning. Dette var ein flott, lett tur i fint terreng. 

Totalt utmålt turdistanse vart 6.8 km.
Her er link til kart over turen :  http://kart.gulesider.no/m/aBS4l


Utsikt frå Tågheia. Gull over Molde.
Utsikt frå Tågheia mot Frænavarden.
 
Utsikt frå Tågheia nordover mot Audunstjørnan, Såta, Skolmelia og Moldeheia.

Vestenden av Bjørsettjørna.

Varden på Audunshø, 575 moh. Tågheia er nede til høgre på bildet.
Utsikt frå Audunshø mot Tågheia.
Utsikt frå Audunshø østover mot Frænavarden. Tusten til høgre.
Varden på Audunshø og utsikt ut mot havet.
Utsikt frå Audunshø mot Audunstjørnan og Moldeheia.
Dette er Frænavarden, 588 moh.

Alf ved Frænavarden.
 
Frænavarden med utsikt ned mot Audunstjørnan.

Utsikt frå Frænavarden ned mot Sandsbukta og Malmefjorden.
Utsikt frå Frænavarden mot Valletua (heilt bakerst).
Frå demninga vest i Audunstjørnan ser vi opp mot Frænavarden.
Vegvisar ved Audunstjørnan.
Passerer Skihytta på tur ned igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar