tirsdag 5. mai 2020

Møte med elg på Nesje, Nesjestranda 05.05.2020

Gjekk meg ein tur i skogen på Nesje i dag. Hadde med fotoutstyr og fekk jammen også bruk for det. Fekk sjå noko bevegelse i skogen og det viste seg å vere elg. Det var 3 stk, ein elgokse og ei elgku med fjorskalv. Elgoksen hadde begynt å få gevir. Elgane såg nok meg lenge før eg såg dei og trekte seg unna etter kvart som eg nærma meg. Dei var vanskeleg å sjå på grunn av mykje einer og anna vegetasjon i skogen. Fekk likevel tatt eit par bilder før dei vart borte i skogen. Har tatt mange elgbilder av beitende elg på innmark, men dette var første gongen eg fekk tatt bilder av elg i skogen.
Ein fin naturopplevelse var det. 

Elgokse, Nesje, 05.05.2020. Vi ser tydeleg utvokster eller knotter på hodet. Desse knottane kalles rosenstokker og er starten på geviret. Hos elg er det kun oksen som har gevir. Elgen er oppmerksom på fotografen og har stilt inn dei store ørene på meg.
Elgku, Nesje 05.05.2020. Elgkua hadde gjemt seg litt bedre og var vanskeleg å få på skuddhold med kameraet. Fjorskalven såg eg berre i det elgane gjekk vidare inn i skogen. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar