onsdag 14. april 2021

"Solskjel" og "Os" i rute 21 : Skjeltene - Lepsøya - Haramsøya, 14.04.2021

Hadde ein fin tur til Sunnmøre i dag. Været snudde og gjekk frå sludd/regn om morgonen til sol og blå himmel om ettermiddagen. Var ein tur på Skjeltene fergekai for å ta nokre bilder av fergene i rute 21, Skjeltene - Kjerstad (Lepsøya) - Austnes (Haramsøya). Det er Norled som har anbudet på denne ruta og til vanleg er det "Os" og "Austevoll" som trafikkerer. No var "Solskjel" innleid frå Fjord1 som erstatning for "Austevoll". "Austevoll" går for tida i rute 01, Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya på Søre Sunnmøre. 
Rute 21 frå Skjeltene blir lagt ned ved ferdigbygging av Nordøyvegen i 2022.  "Os" gjekk i A-ruta og "Solskjel" i B-ruta. Fekk tatt nokre bilder frå fergekaia på Skjeltene av begge fergene.  Sjå bildene her :


"SOLSKJEL" ved Skjeltene fergekai, 14.04.2021. Ferga låg til kai i det eg kom meg ned til kaia.

"SOLSKJEL" ved Skjeltene fergekai, 14.04.2021. 

"SOLSKJEL" på tur til Haramsøya, avgang kl. 14:15.

"SOLSKJEL" med kurs for Austnes på Haramsøya.

Her kjem "OS" i rute frå Haramsøya.

"OS" med skorsteinsfarger som viser at ferga tilhører selskapet Norled. "OS" gjekk tidlegare for Tide Sjø og før det HSD.

"OS" ankom Skjeltene ca kl. 14:25.

"OS" under ankomst Skjeltene.

"OS", Norled, ved kai på Skjeltene.

Ein tankbil frå Bunker Oil skal vere med på turen ut til Lepsøya.

"OS" gjekk kl 14:28 med kurs for Kjerstad på Lepsøya.

"Solskjel", fotografert på turen mellom Haramsøya og Lepsøya. Her går fergene over åpent hav. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar