søndag 19. januar 2014

Tur i Vikdalen, Nesjestranda

Denne fine vinterdagen tenkte eg å gå ein tur i eit terreng som eg ikkje har vore i sidan eg budde i Midtgjerdet i Vikdalen på slutten av 60-tallet. Var berre guttungen då, men vinterstid pleide eg og bror min å gå tur i Vikelva. Vi visste om ein fin foss der vi rente oss på isen. Det var nok ikkje sikkert vi hadde lov den gongen heller, men dette var før det vart "farleg" for unger å leike ute utan tilsyn. Så for oss guttungane var det ein spennende leikeplass. Har lurt litt på kordan det ser ut der langs elva etter så mange år. Ida vart med på turen. Ho har tatt over mitt gamle kamera og ville vere med for å ta bilder.
Det dreier seg altså om å gå opp Vikdalen langs Vikelva. Dette er ikkje noko vanlig turterreng, for flesteparten av dei som går opp Vikdalen går langs vegen. Det er ca 1 km frå hovedvegen og opp til Midtgjerdet viss ein går etter vegen. Det er ganske bratt og langt ned til elva som ein stort sett ikkje ser så mykje til på grunn av tett skog. Elva går ellers i eit relativt ulendt terreng.
Vi parkerte bilen ved "Prestløa" i Vikbukta. Dette er løa til tidlegare Veøy Prestegård. Vi gjekk over brua og fortsatte langs sør-øst sida av Vikelva. Passerte forbi Vik-garden. Heilt nord-øst på Vik-garden er det i seinare år laga til ein skogsveg. Her heilt øst på dyrkamarka til Vik låg den gamle Vikbakken. Den låg i sørsida av marka slik at unnarennet endte opp på marka. Her var eg og bror min mange gonger og hoppa på ski på slutten av 60-tallet. Bakken var no gjengrodd og ikkje lett å sjå nøyaktig kor han hadde vore.
Vi gjekk no langs skogsvegen vidare opp over dalen. Her var det svært mykje nedblåst skog og ikkje særleg lett å gå i terrenget. Men, på skogsvegen som gjekk over i sti var det likevel greitt å gå. Vi gjekk i fotspora til ein eller to personar som hadde gått før oss etter at siste snøen kom. Stien gjekk på sørsida av elva og dalen. Vi kom omsider opp til fossen. Der stod fortsatt det gamle kvernhuset, slik som eg hugsa frå 60-tallet.
Her hadde orkaner og uvær fore hardt med skogen og eit stort grantre hadde falt over kvernhuset. Treet hadde brekt i to og kvernhuset hadde heldigvis unngått stor skade. Inne i kvernhuset stod kvernsteinane slik som dei var montert opprinneleg.  Huset bar store preg av tidens tann og mangel på vedlikehold, men taket såg greitt ut. Så huset vil nok stå i mange år endå. Om ikkje andre større grantrær bles over det og knuser det. Her er det heilt klart behov for litt dugnadsinnsats for å fjerne farlege nedfallstrær. Sjå spekulasjon angående eier av kvernhuset lenger ned i bloggen.
Vi fortsatte turen eit stykke vidare og gjekk over elva på isen. Gjekk så rett nordover til vi kom opp på vegen i Midtgjerdet. Her passerte vi den kjempestore grana som nok er den største i omkrets på Nesjestranda. Denne grana fekk brekt av toppen sannsynlegvis under Nyttårsorkanen i 1991, så andre graner ved siden av er no høgare. Men ingen kan matche omkretsen. Har vore her og målt omkretsen tidlegare (Nov 2012)  og fann då at treet var 5.20 m i omkrets nederst ved rota og 4.50 m i omkrets i 1 m høgde. Dette blir fort eit stort tre på mange kubikkmeter.
Vi avrunda turen med å gå ned vegen tilbake til bilen. Turen tok ein times tid og utmålt distanse i kart var 1.9 km.


Og her kommer bildene :


Ida på skogsvegen frå Vik. Det var ein del tre som hadde falt over vegen.  19.01.14.


Her var det mykje orkanfelte trær over Vikelva, 19.01.14.

Skogsvegen fortsatte oppover i lauvskog.  Vikdalen 19.01.14.

Her er vi over på sti som går like ved Vikelva, 19.01.14.
 
Kvernhuset i Vikelva, 19.01.14.

Ida er inne i Kvernhuset i Vikelva, 19.01.14.

Østveggen i Kvernhuset mangler, Vikdalen 19.01.14.


Her er det berre å komme med kornet -  kvernsteinen er klar.  19.01.14.


Detalj frå Kvernhuset i Vikelva, 19.01.14.
Kven er det som eig dette Kvernhuset ? Er ikkje heilt sikker på det, men i Bygdebok for Nesjestranda er det nevnt 3 garder som hadde kvernhus i Vikelva, det kan også ha vore fleire. Veøy Prestegard hadde kvernhus i elva. Ellers står det skreve at Einar E. Sølsnes (1842-98) på garden Sølsnes gnr 123-1 hadde kvern i Vikelva. Det står også at kvernkallen hadde snoroverføring til løa på garden der den dreiv trøskemaskinen. Dette er den midtre Sølsnes-garden som i dag eies av Sigfred Sølsnes. Det står også at Konsul Jonas Lied-garden, Sølsnes gnr 123-7, hadde kvernhus og sag med overfallshjul i Vikelva.  Frå vasshjulet var det snoroverføring til løa på garden for drift av trøskemaskin. Trur kanskje at dette stod lenger ned i elva, for det er langt frå dagens kvernhus til Sølsnesgardane og har vanskeleg å sjå for meg snoroverføring herifrå og heilt til Sølsnes-gardane. Håper nokon veit meir om dette. Vil oppdatere bloggen etter kvart som eg får meir kunnskap om dette.
Har fått bekrefta frå Wilhelm Wilkens at dette kvernhuset høyrer til på Sølsnes, gnr 123-7. Han var også av samme oppfatning som meg angående snoroverføring til gardane, så den informasjonen frå Bygdabok for Nesjestranda stemmer nok ikkje.


Dette bildet er tatt ovenfor fossen og Kvernhuset. Mykje orkanfelt gran her.

Ida står ute på ein stor stein i Vikelva. 19.11.14.

Alf på isen foran kvernhuset, Vikelva 19.01.14.

Dette er det som er igjen av vasshjulet som dro kvernsteinen.  19.01.14.

Ida foran kvernhuset i Vikelva.  19.01.14.
Flaks for kvernhuset at grana ikkje landa oppå taket.
Rett under denne fossen i Vikelva står kvernhuset.  19.01.14.
 
Mosegrodde grantre tyder på at det er lenge sidan trea har falt.

Lenger opp i Vikelva var det naturskapt bru over elva. Ida poserer for fotografen. 19.01.14.

Ida ved den kjempestore grana i Midtgjerdet, 19.01.14.
Omkretsen er 5.2 m ved rota og 4.5 m i 1 meters høgde.

Ida ved den kjempestore grana i Midtgjerdet, 19.01.14. Høgt oppe i denne grana laga eg og bror min ei lita trehytte på slutten av 60-tallet.

Utsikt frå Vikdalen, Knutgjerdet. Vi ser Veøya til venstre og Sekken til høgre. 19.01.14.

Prestløa i Vikbukta var utgangspunkt for denne korte rundturen i Vikdalen.  19.01.14.
Kartutsnitt som viser turen i Vikdalen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar